Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Tariffavtale på Godt Brød Grünerløkka:
Godt Brød Grünerløkka er den tredje avdelinga der tilsette må true med streik eller streike for ordna lønns- og arbeidsvilkår.
Fellesforbundet og Godt Brød vart torsdag einige om å signere tariffavtala forbundet kravde. Det stadfestar Fellesforbundet avdeling 10 overfor Magasinet for fagorganiserte.
Måndag var dei tilsette og Fellesforbundet i møte med arbeidsgivaren hos Riksmeklaren. Der vart dei ikkje einige om å opprette tariffavtale.
Forbundet varsla derfor at 14 medlemmer kunne bli tatt ut i streik frå 10. juni.
Les også: Camilla (25) og Miriam (24) slåss for tariffavtale i Godt Brød. Kampen har vart i over ti måneder
Dei fleste tilsette på Godt Brød er studentar i deltidsstillingar. Dei tilsette og fagforeininga varsla at dei ikkje kom til å gi seg før arbeidsgivaren hadde signert tariffavtale. Streikevestane var klare.
– Eg er imponert over ungdommen som står i frontlinja for eit organisert arbeidsliv, sa leiar Merethe Solberg i Fellesforbundet avdeling 10 til Magasinet for fagorganiserte tidlegare i veka.
I fjor streika tilsette på Godt Brød si avdeling i Nydalen for tariffavtale. Året før trua tilsette i Trondheim med streik.
Begge stadar gav arbeidsgivaren etter, men var ueinig med Fellesforbundet om kva overeinskomst som skulle gjelde. Arbeidsgivaren meinte Godt Brød er ein butikk, mens Fellesforbundet meinte verksemda er ein serveringsstad.
LO og NHO vart til slutt einige om at det var avtala for serveringsstadar, Riksavtala, som skal gjelde.
Les også: Ni ting du må vite om tariffavtaler
Organisasjonsarbeidar Svein-Frode Pettersbakken understrekar kor viktig det er med ordna forhold i ein bransje der mange får sitt første møte med arbeidslivet. Støtteerklæringar kom inn frå fagorganiserte landet rundt.
– Heile fagrørsla står saman med dei.
Magasinet har vore i kontakt med dagleg leiar Stein Arve Bernes i Godt Brød Grünerløkka. Han ønsker ikkje å kommentere saka.