JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Trondheimskonferansen:

Han har kjempa mot EU i 50 år. No blir Dag Seierstad heidra av fagrørsla

Dag Seierstad (83) fekk Trondheimskonferansen sin heiderspris.

Jan-Erik Østlie

tormod@lomedia.no

– Han bidrar til at fagorganisert får omfattande innsikt i kunnskap om EU og EØS-avtala. For meg personleg er du ein inspirator som alltid tilfører positiv energi i møta våre.

Det sa ein rørt LO-leiar John-Peder Denstad i Trondheim då han laurdag delte ut konferansen sin andre heiderspris sidan oppstarten i 1988. Seierstad er EU-rådgivar i stortingsgruppa til SV og medlem i rådet til Nei til EU.

– Dei siste åra har eg berre hatt eitt prosjekt. Det er å få Norge ut av EØS, sa 83-åringen frå Lillehammer under innleiinga si fredag.

Ut av EØS

Der argumenterte han for at Norge framleis vil ha tilgang til EU sin indre marknad dersom vi seier opp EØS-avtala.

Saka held fram under bildet.

Jan-Erik Østlie

– EØS-avtala vart ikkje inngått for å selje varar. Då Gro Harlem Brundtland og EU-president Jacques Delors tenkte ut ei EØS-avtale, var det for å få Norge inn i EU gjennom to sprang i staden for eitt. Det var for å skyve Norge inn i EU-samfunnet.

Seierstad kjenner historia. Han blir skildra som ein sentral person under striden om EF/EU-medlemskap i både 1972 og 1994.

Sentral EU-motstandar

– Dag er eit av menneska som har bidratt mest til å halde Norge utanfor EU. Det har han gjort ut frå eit tydeleg klassestandpunkt, med eit uthald og ein kunnskap som fyller meg med djup beundring. Hans faglege tryggleik, integritet og beskjedenheit har gjort han til ein veldig viktig rollemodell for mange tillitsvalde.

p

Det uttaler tidlegare Fagforbundet-leiar Jan Davidsen som var nei-general i LO under EU-kampen i 1994. Mot LO-leiinga og Arbeidarparti-toppane si vilje, klarta han å vinne eit nei-flertall på LO-kongressen same år.

– Personleg vil eg takke Dag for den uvurderlege hjelpa. Hans opplysande og engasjerande artiklar om konsekvensane av EU og EØS for arbeidarrørsla og norsk folkestyre, viser kunnskapen og det ekte engasjementet i eit unikt menneske.

Formidlingsevne

I tillegg til sine bidrag i den radikale fagrørsla, har Seierstad vore styremedlem i Nei til EU i ei rekke år. I dag er han medlem i organisasjonen sitt råd.

– Han har ein utruleg kapasitet og formidlingsevne. Dag sin sterke kritikk av EU som eit liberalistisk og usolidarisk system, har vore avgjerande for Nei til EU sitt vegval, uttaler leiar Kathrine Kleveland.

I tillegg til arbeidet hans med utgreiingar om EU- og EØS-saker, trekker Kleveland fram rolla som motstemme i utvalet som leverte den offentleg utgreiinga om Norge sitt forhold til EU i 2012.

Saka held fram under bildet.

Jan-Erik Østlie

SV-aren

På venstresida har Seierstad vore lenge. Han melde seg inn i Sosialistisk Folkeparti allereie ved partiet sin oppstart i 1961 etter splittinga i Arbeidarpartiet. I Sosialistisk studentlag hadde han vore medlem sidan 1958.

Han har vore sentralstyremedlem i både SF og etterfølgaren SV, og landsstyremedlem i sistnemnde parti. Han var dessutan SV sin førstekandidat frå Oppland i dei to stortingsvala på 90-talet.

Seierstad blir skildra som den beste partileiaren SV aldri fekk, som ein bakspelar og brubyggar. Han får blant anna æra for å ha redda SV frå ei splitting under usemja om Nato-bombinga av Jugoslavia på 90-talet.

p

Heider

For innsatsen i EU-kampen vart han utnemnd som Nei til EU sitt første æresmedlem under landsmøtet i 2012. Samtidig fekk han eit stipend kalla opp etter seg, som blir delt ut til studentar som skriv mastergradsoppgåver om EU.

Seierstad har skrive fleire bøker, deriblant «Folket sa nei» gitt ut av Nei til EU i 2014, der han samlar historia om nei-kampen i Norge.

Seierstad er også kjent for sine vekentlege kronikkar i Klassekampen, som mange har sette pris på. Han fekk i 2006 Klassekampen sin Neshorn-prisen for lang og utrøytteleg innsats for norsk venstreside.

Trondheimskonferansens heiderspris

Tidlegare vinnar er arbeidsmedisinar Ebba Wergeland i 2006.

Styret i LO i Trondheim utnemner vinnaren som skal ha bidratt til å styrke norsk venstreside og fagrørsla ved å tilføre kunnskap.

I tillegg vektlegg dei om vinnaren har bidratt til Trondheimskonferansen ved å stille opp som innleiar over mange år.

Prisen er laga av to smedar organisert i NTL Domkirkearbeidernes Forening, Torgeir Henriksen og Odd Inge Holmberget.

Annonse
Annonse

Trondheimskonferansens heiderspris

Tidlegare vinnar er arbeidsmedisinar Ebba Wergeland i 2006.

Styret i LO i Trondheim utnemner vinnaren som skal ha bidratt til å styrke norsk venstreside og fagrørsla ved å tilføre kunnskap.

I tillegg vektlegg dei om vinnaren har bidratt til Trondheimskonferansen ved å stille opp som innleiar over mange år.

Prisen er laga av to smedar organisert i NTL Domkirkearbeidernes Forening, Torgeir Henriksen og Odd Inge Holmberget.