Lønnsoppgjeret:
Her er den nye minstelønna i industrien og byggebransjen
Fellesforbundet har forhandla fram nye minstelønnssatsar som kan bli gjeldande for langt fleire enn medlemmene.
NY TIMEFORTENESTE: Minstelønna for ein fagarbeidar omfatta av Verkstadovereinskomsten steig frå 187,14 til 178,55 kroner timen under årets tariffoppgjer.
Stian Schløsser Møller / NTB Scanpix
tormod@lomedia.no
Fredag vart Fellesforbundet og Norsk Industri einige i årets tariffoppgjer for frontfaget, den konkurranseutsette industrien. Resultatet vart eit generelt lønnstillegg på 50 øre timen frå 1. april. Eit like stort generelt tillegg vart forbundet og Byggenæringens Landsforening einige om måndag denne veka.
Partane har lagt opp til at klubbane skal hente ut mykje av lønnstillegga lokalt i år, med ei total ramme på 1,7 prosent i auka kostnader for arbeidsgivarane.
Les også: Dette er snittlønna i over 350 yrke
Forutan det generelle tillegget og eit ekstra lønnstillegg på 1,50 kroner for tekstilarbeidarane, har både industrien og byggebransjen blitt einige om nye minstelønnssatsar, såkalla minste timeforteneste. Magasinet for fagorganiserte har gått gjennom dei nye satsane i høvesvis Verkstadovereinskomsten (VO) og Fellesovereinskomsten for byggfag (FOB).
Nye satsar i industrien
For industriarbeidarane, aukar minste timeforteneste for fagarbeidarar med 8,59 kroner (8,69 kroner etter eitt år), for spesialarbeidarar med 8,09 (8,19) og for hjelpearbeidarar med 7,59 (7,69).
Her er nye minstelønnssatsar for dei omfatta av Verkstadovereinskomsten (tidlegare sats i parentes):
• Fagarbeidar: 187,14 kroner (178,55)
• Etter eitt års arbeid som fagarbeidar: 188,85 kroner (180,16)
• Spesialarbeidar: 178,62 kroner (170,53)
• Etter eitt års arbeid som spesialarbeidar: 180,43 kroner (172,24)
• Hjelpearbeidar: 170,19 kroner (162,60)
• Etter eitt års arbeid som hjelpearbeidar: 171,89 kroner (164,20)
Sånn vart resultatet i frontfaget: 50 øre til alle, meir til lavtlønte
Nye satsar i byggebransjen
For bygningsarbeidarar, aukar minste timeforteneste med 6 kroner. For dei under 18 år aukar den med 3,80 kroner.
Her er nye minstelønnssatsar for dei som er omfatta av Fellesovereinskomsten for byggfag (tidlegare sats i parentes):
• Fagarbeidar: 215,70 kroner (209,70)
• Ufaglært utan bransjeerfaring: 194,40 kroner (188,40)
• Ufaglært med minst eitt års bransjeerfaring: 202,50 kroner (196,50)
• Arbeidstakar under 18 år: 130,30 kroner (126,50)
Gjeld for alle
Det spesielle med minste timeforteneste i desse overeinskomstane, er at satsane gjeld alle i bransjen uavhengig om du har tariffavtale på jobben. Dei er nemleg såkalla allmenngjort, lovfesta gjennom forskrifter. Det er dermed ulovleg å betale tilsette mindre.
Minste timeforteneste i VO gjeld alle som jobbar med produksjons-, montasje- og installasjonsarbeid i skips- og verftsindustrien. Minste timeforteneste i FOB gjeld alle som utfører bygningsarbeid på byggeplassar.
Fellesforbundet seier til Magasinet at dei kjem til å be den såkalla tariffnemnda om å allmenngjere dei nye satsane så snart dei er vedtatt. Fellesforbundet sender tariffoppgjera ut på uravstemming til medlemmene i slutten av september.
Nye skifttillegg i industrien
I tillegg til minste timeforteneste, er fleire delar av overeinskomstane allmenngjort, blant anna skifttillegga i industrien. Dei auka i årets hovudoppgjer med mellom éin og fire kroner.
For to-skiftarbeid (36,5 timar per veke) er dette dei nye tillegga (tidlegare tillegg i parentes):
• Første skift inntil laurdag klokka 14: 0 kroner (0)
• Andre skift: 20,10 kroner (18,91)
• Skift etter klokka 14 dagar før søndag og heilagdag: 42,96 kroner (40,41)
• Frå klokka 14 på jul-, nyttårs-, påske- og pinseaftan: 61,58 kroner (57,93)
• Ein kvar time utover klokka 24 skal betalast med tillegg som for tredje skift.
Les også: Lønnsoppgjeret vart betre enn frykta, meiner tillitsvalde i industrien
For tre-skiftarbeid (35,5 timar per veke):
• Første skift: inntil laurdag klokka 14: 0 kroner (0)
• Andre skift: 20,72 kroner (19,49)
• Tredje skift: 30,84 kroner (29,01)
• Skift etter klokka 14 dagar før søn- og heilagdag: 44,20 kroner (41,58)
• Frå klokka 14 på jul, nyttårs-, påske- og pinseaftan: 63,32 kroner (59,57)
For heilkontinuerleg tre-skiftarbeid (33,6 timar per veke):
• Første skift inntil laurdag klokka 14: 0 kroner (0)
• Andre skift: 21,96 kroner (20,66)
• Tredje skift: 32,57: 32,57 kroner (30,64)
• Skift etter klokka 14 dagar før søn- og heilagdag: 46,67 kroner (43,90)
• Frå klokka 14 på jul-, nyttårs-, påske- og pinseaftan: 66,91 kroner (62,94)
Fleire reglar gjeld
I tillegg til minste timeforteneste og skifttillegg, skal dei som blir sendt på arbeidsoppdrag utanfor bedrift eller fast arbeidsstad og må overnatte, ha eit eige tillegg for dette.
Industriarbeidarane skal også ha eit overtidstillegg på 50 prosent. For arbeid mellom klokka 21 og 6, forutan søndagar og heilagdagar, er tillegget på 100 prosent.
Både industriarbeidarane og bygningsarbeidarane skal ha avtale om at arbeidsgivar dekker reiseutgifter, kost og losji. I tillegg skal begge grupper ha arbeidstøy og vernefottøy tilpassa årstid og arbeidsplass.
Lønnsoppgjeret i byggfaga: Minstelønna opp med 6 kroner
Dersom du er omfatta av ei avtale som er enda betre enn desse reglane, gjeld denne avtala framfor dei allmenngjorde reglane.
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.