JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Korona-nedstenging:

Hotellkjedene varslar masse-permittering. No må lønnsstøtte på plass brennkvikt, krev tillitsvalde

Både Choice og Scandic har starta permitterings-prosessen etter måndagens strenge smittetiltak frå regjeringa.
VARSEL: Scandic sendte ut permitteringsvarsel landet rundt tysdag. Tillitsvalde skjøner ikkje kvifor lønnsstøtta som kan stoppe permitteringane lar vente på seg.

VARSEL: Scandic sendte ut permitteringsvarsel landet rundt tysdag. Tillitsvalde skjøner ikkje kvifor lønnsstøtta som kan stoppe permitteringane lar vente på seg.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

Måndagens smittetiltak frå regjeringa fører til ny korona-nedstenging i hotell- og restaurant-bransjen.

No varslar Norges største hotellkjeder massepermittering av tilsette dersom ikkje ei god nok lønnsstøtte frå staten kjem på plass. Choice er i gang med drøftingane med tillitsvalde om permitteringar, mens Scandic allereie har sendt varsel.

I begge kjedene jobbar fleire tusen hotell-tilsette.

Ventar på lønnsstøtte

Hotellkjedene ventar framleis på den varsla lønnsstøtteordninga bransjen rekna med at regjeringa skulle legge fram tysdag. Finansminister Trygve Slagsvold Vedum meldte i staden at ordninga kjem i løpet av veka. Ordninga er eit krav frå blant anna LO og NHO, og skal halde folk i arbeid i staden for permittering.

«Blir den puslete eller innrettet på en slik måte at vi som et større konsern ikke kan bruke den, må vi dessverre gå til massepermitteringer like før jul», skriv Choice-sjef Torgeir Silseth i ein epost til Magasinet for fagorganiserte.

Scandic har tysdag sendt ut permitteringsvarsel over heile Norge, opplyser HR-sjef Elin Ekrol i ein SMS.

«Det siste vi ønsker er å måtte gå til unødvendige permitteringer av ansatte, men det er uunngåelig dersom vi ikke raskt får på plass gode og treffende støtteordninger», skriv ho.

Thon-sjef Morten Thorvaldsen skriv i ein epost til Magasinet at hotellkjeda ser an støtteordninga regjeringa legg fram i løpet av veka.

Aktuelt: Det haster med lønnsstøtte: – Bedriftene tar beslutninger om permitteringer nå, sier Rødt

Drøftingar i Choice

Konserntillitsvald Merethe Sutton i Choice seier ho tysdag har blitt nedringt av lokale Fellesforbundet-tillitsvalde på Choice-hotell som skal i drøftingar om permitteringar tysdag og onsdag. Sjølv skal Sutton i drøftingar onsdag om permitteringar på Quality Hotel Edvard Grieg i Bergen.

Ho er svært lite nøgd med nedstenginga og utsiktene til ei ny runde med permitteringar, og at støtteordningar for kjedehotella og dei hotell-tilsette ikkje er på plass.

– Det kjennest veldig urettferdig. Om nokon nemner ordet «dugnad» for meg no, så spyr eg, seier ho fortvilt.

Permitteringar og dagpengar frå Nav betyr også kutt i inntekta til tilsette. Hotell- og restaurant-bransjen er allereie ein låglønnsbransje.

Vil ikkje permittere

Choice-sjefen understrekar at målet er å halde tilsette i arbeid gjennom jula, sjølv om det økonomisk sett hadde vore gunstigare for hotellkjeda å permittere.

«Mange av våre ansatte har vært permittert lenge eller i flere perioder, og det er ikke permittering de ønsker seg i julegave av regjeringen. Jeg frykter at en ny nedbemanningsrunde vil ende med ny kompetanseflukt fra bransjen som i hele høst har slitt med å få tak i kvalifisert arbeidskraft.»

Også tillitsvald Sutton trur ei ny permitteringsrunde kjem til å føre til tilsette ikkje kjem tilbake til bransjen.

Varsla blir sendt i Scandic

Det same trur Anne Marie Andersen i det koordinerande utvalet for tillitsvalde i Scandic og hovudtillitsvald for Fellesforbundet på Scandic Park Sandefjord.

Måndag vart tillitsvalde i hotellkjeda kalla inn til drøftingar med hotelldirektørane sine om permitteringar ned på minimumsbemanning, fortel ho. Og no blir altså varsla sendt ut til dei tilsette.

– Det er mange menneske som kanskje ikkje vil tole ei permittering til. Det er tøft å bli permittert, og det er einsamt å bli permittert. Og med tida vi går inn i er det noko spesielt, seier Andersen.

Lønnsstøtta må komme på plass kjapt, meiner ho. Hotella har nok arbeid, meiner Andersen, med vedlikehald og anna arbeid som står igjen etter ein periode med mange gjestar og mangel på arbeidskraft.

– Eg skjøner ikkje kvifor regjeringa bruker så lang tid.

Aktuelt: Hotell- og restaurant-tilsette rasar mot nedstenging og nye permitteringar

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse