JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Flybransjen

I sommar kan det bli meir flykaos. Her er noko av grunnen

• Selskapa som leverer bakketenester på norske flyplassar har utfordringar med å rekruttere nok folk til sommaren.
• Mange har funne seg andre jobbar under koronakrisa.
• Vilkåra må bli betre for at bransjen skal lokke til seg tilsette, meiner fagforeininga.
Streikevarsel, mangel på tilsette og bygging av nytt bagasjeanlegg på Oslo Lufthamn. Det er fleire grunnar til at reisande kan oppleve forseinkingar på norske flyplassar i sommar.

Streikevarsel, mangel på tilsette og bygging av nytt bagasjeanlegg på Oslo Lufthamn. Det er fleire grunnar til at reisande kan oppleve forseinkingar på norske flyplassar i sommar.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

GARDERMOEN: Avinor har sagt at dei forventar at flytrafikken er oppe på 90 prosent av 2019-nivå i sommar.

Handlingselskapet Menzies Aviation har fått fleire kontraktar om bakketenester for flyselskap og forventar full trøkk.

Det fortel klubbleiar Petter Stalsberg i Fellesforbundet som organiserer flyarbeidarar som blant anna lastar og lossar bagasje.

– Det kjem til å bli store utfordringar, slår han fast.

Ein av grunnane er at bakkeselskapa rett og slett ikkje får tak i nok folk. Alle handlingselskap på norske flyplassar – som Menzies, SAS, Widerøe og Aviator – slit no med å rekruttere.

Det stadfestar Endre Røros i Flyarbeidernes forening i Fellesforbundet.

– Folk har funne seg andre jobbar med betre lønn og arbeidstid. Usikkerheita har også gjort folk skeptiske til flybransjen, meiner han.

Manglar folk

I 2020 vart store delar av dei tilsette i bakkeselskap som Menzies og SAS Ground Handling, nedbemanna etter at pandemien og reiserestriksjonar ramma flytrafikken. Mange permitterte fann seg dessutan nye jobbar i andre bransjar.

– Eg har inntrykk av at bedriftene tok lett på oppseiingane under koronakrisa og trudde folk kom tilbake når det var behov. Det har ikkje skjedd, seier Røros som inntil nyleg var klubbleiar i SAS Verkstedklubb.

FAGFOREININGA: Endre Røros i Flyarbeidernes foreining.

FAGFOREININGA: Endre Røros i Flyarbeidernes foreining.

Tormod Ytrehus

Menzies bruker i år eit bemanningsbyrå, for første gong sidan 2015 da selskapet vann kontrakten med Norwegian på Oslo Lufthamn. Selskapet manglar spesielt lagleiarar som tar lang tid å lære opp, fortel Stalsberg.

Over heile Europa slit flybransjen no med rekruttering, noko som allereie har ført til forseinkingar på fleire europeiske flyplassar. Ja, i heile arbeidslivet er trenden at mange lågtlønte har funne seg betre jobbar under pandemien.

Siste: NHO varsler lockout som et svar til de streikende flyteknikerne

Må ha betre vilkår

Ustabil arbeidstid og låg lønn i flybransjen er problema Fellesforbundet-medlemmane er mest opptatt av, fortel Røros. Vilkåra må bli betre for å gjere flybransjen attraktiv, meiner Stalsberg.

Dei fortel om hurtige endringar i skiftplanar etter ruteendringar, kanselleringar og nye avgangar. Bakkemannskapet må vere fleksible for at arbeidsgivaren ikkje skal miste kontraktar med flyselskapa. Dei fortel om låge minstelønnssatsar i tariffavtala på rundt 200 kroner timen. Fleire selskap har hatt låg lønnsvekst for å kunne vinne anbodskonkurransar, meiner dei.

– Drifta går snart døgnet rundt. Dette er jobbar som folk slit seg ut i og meiner dei burde fått meir igjen for, seier Røros.

– Før var det lukrativt å vere stuar, forklarer Stalsberg.

Kommentar: «Flyteknikerne har mistet bakkekontakten»

KLUBBEN: Petter Stalsberg i Menzies Aviation.

KLUBBEN: Petter Stalsberg i Menzies Aviation.

Tormod Ytrehus

Låglønnskonkurranse

Stalsberg og Røros fortel om gode vilkår for bakkemannskap i Norge før 2000-talet. Så vart konkurransen auka med handlingselskap som la seg på minstebestemmingane i tariffavtala. 9/11 ramma luftfarten, og nulloppgjer følgde. Samtidig kom lågpris-modellen til Norge, som igjen førte til større prispress på handlingsselskapa.

– Handlingtenester er frykteleg billig i Norge i forhold til resten av Europa, sjølv om vi er eit høgkostland. Vi har alltid lurt på kvifor handlingselskapa godtar det og ikkje går saman om å bruke marknadsmakta si, seier Røros i Flyarbeidernes forening.

– Kanskje vi i eit miljøperspektiv skal sette opp prisane på flybillettar, fly mindre og gi dei som jobbar i bransjen ordentlege vilkår, foreslår klubbleiar Stalsberg.

– Det må vere ei vilje blant reisande også, folk er veldig prisopptatte, legg Røros til.

Aktuelt: Bakkemannskapene ble enige om ny lønn

Innsikt: Her er en kort forklaring på hva lockout er

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse