Grøn omstilling
Ordrebøkene er fulle, men frustrasjonen veks hos Aker Solutions
– Me kan ikkje basere oss på olje og gass, det blir for lite å gjere. Grøn omstilling er det som gjeld no, men Noreg sakkar etter, seier klubbleiar Finn Madsen.
Politikarar elskar å kome på verftet og sjå produksjonen iført raude dressar og vernehjelm. Men forstår dei eigentleg kva vi driv med, undrar Finn Madsen.
Håvard Sæbø
Saken oppsummert
eline@lomedia.no
has@lomedia.no
LEIRVIK, STORD: Vestlandsregnet høljar ned over Sunrise, ei enorm konverteringsplattform for straum frå havvind som er under arbeid på Aker Solution-verftet på Leirvik på Stord.
Nett no ligg heile fire digre offshoreinstallasjonar på verftet, to av dei til havvind og to av dei til olje og gass. Dette er framtida for norsk leverandørindustri: fornybar og karbonbasert side og side.
Medan dei to installasjonane til norsk sokkel er klassisk olje og gass, skal dei to konverteringsplattformane i arbeid utanfor Skottland og New York i USA.
Etter 2026?
Heile 8000 arbeidarar frå kring 50 land er for tida sysselsett med dei digre prosjekta.
Men alt er ikkje berre fryd og gaman, fortel leiar i Verkstadklubben, Finn Madsen. For jamvel om ordrebøkene er fulle ut 2026, er det usikkert kva som så skal skje.
– Det er vanvittig frustrerande at det er så lite som skjer på fornybarfronten i Noreg. Me får inga hjelp frå politikarane, seier han.
På sikt held det ikkje for leverandørindustrien å satse på olje og gass. Meir fornybart må inn i ordrebøkene, ettersom etterspurnaden etter olje og gass er venta å dale kraftig globalt.
– Vi er klare for det, og har finkjemma markedet for kontraktar på fornybart, seier Madsen. Men det skjer nesten ingenting i Noreg, sjølv om markedet internasjonalt er digert.
Frustrert klubb
På klubbkontoret på Aker Solutions er det ein merkbar frustrasjon over at Noreg «sit på gjerdet» medan andre satsar på grøn omstilling.
Haldninga er at potensialet som ligg i havvind er enormt, men at norske politikarar og styresmakter er passive.
– Vi ligg langt bak i feltet. Det er framleis mogleg å hente inn forspranget, vi har teknologi i verdsklasse. Men kor lenge vil det vare, spør Rune Rafdal, avdelingsleiar for Fellesforbundet i Sunnhordland.
Tiltak for meir havvind
Industriaksjonen er ein organisasjon som arbeider for å utvikle norsk industri. Verkstadklubben på Stord er mellom medlemane i aksjonen.
I ein rapport om havvind utarbeidd av De Facto kjem dei med ei liste tiltak for å gjere havvind til ein nøkkelindustri.
Her er nokre av tiltaka:
1. Tempoet i tildelingsprosessane må haldast oppe og helst aukast
2. Utlysning av nye havvindområde i 2025 må få raske konsesjonsløp for å sikre oppstart før 2030.
3. Fleire område må konsekvensutredast raskare.
4. Ei solid og føreseieleg finansieringsordning for vidare tildeling må på plass.
5. Staten må stille krav om at alle offshore petroleumsinstallasjonar skal vere utsleppsfrie gjennom elektrifisering før 2035.
6. Oljeselskapa bør sjølv ta ein vesentleg del av kostnadene med å bygge havvind for elektrifisering av olje- og gassinstallasjonar.
7. Tildelingane frametter må skje ved kvalitative kriteriar der berekraftsmål, kvalitet, leveringstryggleik og lokale ringverknader vektast høgt for å sikre at oppdrag går til norsk industri.
8. For å sikre at ein utviklar norsk teknologi og norsk leverandørindustri, skal 60 prosent av verdiskapinga skje i Noreg, med hovudvekt på norske løysingar.
9. Staten bør etablere eit statleg havvindselskap etter mønster av etableringa av Statoil.
Kjelde: Havvind og norsk industri, rapport frå De facto 2024
Oljeskattepakka
Dei to oljeprosjekta som er under arbeid på verftet, er resultat av den sokalla oljeskattepakka som kom under pandemien.
Gjennom skattesubsidiar skulle ein frigjere store mengder kapital til nye investeringar på sokkelen, noko som slo til.
– Målet var at me i perioden pakka varte skulle halde på kompetansen for å komme vidare i det grøne skiftet. Spørsmålet er om det har vore for mykje fokus på olje og gass, og for lite på å bygge oss inn i framtida, seier Rafdal.
Fagfolka på Aker har travle tider, med fire store installasjoner inne på same tid.
Håvard Sæbø
Han meiner at ein i ettertid kan sjå at oljeskattepakka burde hatt meir press på forpliktande grøn utvikling.
For eit industrilokomotiv som Aker Solutions er òg avhengig av dei rammevilkåra politikarane sett.
Klubbleiaren fortel at politikarar frå nær og fjern elskar å kome på verftet og sjå produksjonen iført raude dressar og vernehjelm. Men forstår dei eigentleg kva vi driv med, undrar han.
– Politikarane må ha ein plan for korleis norsk industri skal sjå ut. Alle snakkar om kor gode me er på omstilling, men omstilling til kva? Ingen har peiling. For oss er det så enkelt som at har me ikkje industri, har me heller ingen velferdsstat.
Men er det lønsamt?
Petroleum står i dag for rundt 30 prosent av brutto nasjonalprodukt. Havvind er på ingen måte like lønsamt som olje og gass, som har eventyrlege marginar.
Likevel er det å utvikle anna industri enn leveransar til olje og gass heilt naudsynt både for arbeidsplassar i distrikta og for verdiskapinga som finansierar velferdsstaten.
Klubben på Aker Solutions minner om at heller ikkje olja var lønsam heilt frå starten, og at det tek tid å bli gode på ny teknologi.
– Dei to konverteringsplattformane vi byggjer no er berre ein tredel av det som blir storleiken i framtida. Då blir det både helikopterdekk og bofasilitetar ombord, seier Finn Madsen.
Klubbleiar Finn Madsen og sveisar Abdi Warsame har jobba sama i produksjonen og er gode vener. Warsame håpar verftet kan få meir arbeid innan gass.
Håvard Sæbø
Treng mengdetrening
Det dei treng på verftet no, er mengdetrening på konverteringsplattformar.
– Mykje er annleis enn på installasjonar for olje og gass, og havvind er ein teknologi i utvikling. Hugs at norske kontraktar vil bidra til å byggje norsk industri, og det vi treng no er å øve masse slik at vi blir best og på fornybar, seier Madsen.
I ei verd som treng meir og meir energi, satsar mange land tungt innan fornybar. Ikkje minst i Europa.
– Her må me vere på ballen, kjem vi for seint i gong, blir vi dyre og ikkje konkurransedyktige. Derfor treng vi ikkje handlingslamma politikarar no, me treng ein konkret plan for fleire norske kontraktar på fornybar, seier Madsen.

Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Nå: 0 stillingsannonser