JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Aker og Kaefer Energy:

Store LO-klubbar truar med å fryse ut Kaefer, dersom angrep på tillitsvald held fram

Her er støtteerklæringane som får Norsk Industri-sjefen til å steile.
ÅTVARAR: Administrerande direktør Stein Lier-Hansen åtvara mot det han kallar ulovlege boikottaksjonar..

ÅTVARAR: Administrerande direktør Stein Lier-Hansen åtvara mot det han kallar ulovlege boikottaksjonar..

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

Tillitsvald Atle Forfang Rostad fekk i november ei skriftleg åtvaring frå arbeidsgivaren Kaefer Energy, noko som er det nærmaste ein tilsett kjem oppseiing.

Fellesforbundet-klubben meiner åtvaringa er gjengjelding for at Rostad er ein aktiv og dyktig tillitsvald som blant anna har stukke seg fram i kampen mot ulovleg innleige.

Før jul rykka administrerande direktør Stein Lier-Hansen i Norsk Industri ut til medlemsbedrifta sitt forsvar.

Han hevdar tillitsvalde i andre bedrifter «nærmest truer med boikottaksjoner» mot Kaefer.

«Dette vil Norsk Industri advare mot. Den type boikottaksjoner er i strid med norsk lovgiving og kan ikke aksepteres», skriv Stein Lier-Hansen i ein epost til Magasinet for fagorganiserte og legg til at arbeidsgivarforeininga følger saka nøye.

Bakgrunn: Norsk Industri-sjefen går i strupen på bedriftsklubb og fagforeining

Støtte frå Aker-tilsette

Bakgrunnen er blant anna ein uttalelse frå LO i Aker ASA, etter kva Magasinet forstår.

LO organiserer 4.500 tilsette i Aker-selskapa – gjennom Fellesforbundet, FLT, Handel og Kontor, Industri Energi og EL og IT.

I uttalelsen krev LO i Aker ASA at saka i Kaefer blir løyst utan sanksjonar.

«Om ikkje vil me vurdere å ta opp saka med dei av våre selskap som nyttar Kaefer som underleverandør. Selskap som i plassen for konstruktiv dialog og samarbeid rettar usaklige angrep på tillitsvalde har ingen plass i våre leverandørkjeder.»

Etter utspelet frå Norsk Industri har også LO-klubbane i Aker Solutions – på vegner av sine 3.500 medlemmer – gjentatt meldinga frå LO i Aker ASA gjennom ein eigen uttalelse.

Aksjonerte: Kaefer prøver å bli kvitt brysom tillitsvalgt, mener aksjonister

Lar seg ikkje skremme

Konserntillitsvald Atle Tranøy i Aker ASA lar seg ikkje skremme av åtvaringa frå Stein Lier-Hansen.

– Vi står ved vår støtte og det vi har sagt. Om det er nokon som opptrer uproporsjonalt i denne saka, er det openbert bedrifta, seier Tranøy til Magasinet.

– Om Stein Lier-Hansen er opptatt av å forsvare norske arbeidslivsstandardar, burde inngangen vore ein heilt annan enn å gå ut på denne måten. Han burde heller tatt eit konstruktivt initiativ for å finne ei minneleg løysing.

LAR SEG IKKJE SKREMME: Konserntillitsvald Atle Tranøy for LO i Aker ASA.

LAR SEG IKKJE SKREMME: Konserntillitsvald Atle Tranøy for LO i Aker ASA.

Erlend Angelo

Tranøy meiner selskapa sjølvsagt står fritt til å velje underleverandørar.

– Det er brei einigheit i Aker om at ein skal stille seriøsitetskrav til underleverandørar og innleigeselskap. Det er vesentlege kriterium som går fram i styrande dokument, forklarer han.

Står på sitt

Også Fellesforbundet-klubben på Aker Verdal har i eit brev til Kaefer Energy, kravd at kampanjen mot Atle Forfang Rostad blir lagt død. Klubben har 430 medlemmer på verftet i Trøndelag.

«Verkstedklubben Kværner Verdal vil ikke sitte stille i båten og se på dette forsøket på fagforeningsknusing. Hvis Kaefer Energy fortsatt ønsker å være en del av det useriøse arbeidslivet så vil vi gjøre det vi kan for å påvirke vårt selskap til å unngå fremtidig samarbeid med dem», skriv klubbleiar Ståle K. Johansen.

Han lar seg heller ikkje skremme av åtvaringa frå Norsk Industri-sjefen.

– Verkstadklubben står ved vår støtte til klubben i Kaefer og Rostad. Det er ingen tvil. Dette er eit angrep på ein aktiv tillitsvald som gjer jobben sin, seier Johansen til Magasinet.

LAR SEG HELLER IKKJE SKREMME: Klubbleiar Ståle K. Johansen på Aker Verdal.

LAR SEG HELLER IKKJE SKREMME: Klubbleiar Ståle K. Johansen på Aker Verdal.

Håvard Sæbø

– Det er overraskande at Stein Lier-Hansen går til frontalangrep og ikkje ønsker at den norske arbeidslivsmodellen og partane sine rettferdige verkemiddel skal fungere. Han vel å bruke ordet boikott. Vi står på retten til å ha ei meining og prøve å påverke verksemda vår til å ha sunne samarbeidspartnarar. Det handlar om den norske arbeidslivsmodellen der klubben har medverknad i korleis utviklinga til selskapet skal vere.

– Vi har gode grunnar til å tru at Aker Solutions vil høyre på oss. Haldninga til eit seriøst arbeidsliv og aktive tillitsvalde står sterkt i leiinga, seier klubbleiaren i Verdal.

Opprop: Fleire hundre har signert opprop mot trakassering av tillitsvald

Uttalelsen frå LO i Aker ASA og LO-klubbane i Aker Solutions

«Arbeidsutvalet for LO organiserte i Aker har drøfta tilsendt orientering frå klubben i Kaefer, og tar avstand frå det me oppfattar som utilbørlige angrep på ein aktiv og dyktig tillitsvald. Skuldingane mot Atle Forfang Rostad står fram som fabrikkerte, og legitimerer uansett ikkje advarsel og forsøk på å nøytralisere ein aktiv tillitsvald. Me har med uro merka oss måten Kaefer synes å underminere det organiserte arbeidsliv med eigne fast tilsette. Me forventar at denne saka blir løyst på tilfredsstillande og minneleg vis utan noko form for sanksjonar. Om ikkje vil me vurdere å ta opp saka med dei av våre selskap som nyttar Kaefer som underleverandør. Selskap som i plassen for konstruktiv dialog og samarbeid rettar usaklige angrep på tillitsvalde har ingen plass i våre leverandørkjeder.»

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker