JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Utøya 22. juli 2011

Ti år etter terroren: Andreas og Vegard saknar framleis eit oppgjer med tankegodset bak

Andreas Tharaldsen og Vegard Grøslie Wennesland overlevde terrorangrepet på Utøya. Fagrørsla er det viktigaste vernet mot høgreekstremisme, meiner Fellesforbundet-medlemmene.
FEIL VEG: Samfunnsutviklinga har gått i feil retning sidan terrorangrepa i 2011, meiner Andreas Tharaldsen og Wegard Grøslie Wennesland

FEIL VEG: Samfunnsutviklinga har gått i feil retning sidan terrorangrepa i 2011, meiner Andreas Tharaldsen og Wegard Grøslie Wennesland

Håvard Sæbø

09.07.2021
07:00
21.07.2021 13:10

tormod@lomedia.no

UTØYA: – Fin båt, seier Andreas Tharaldsen og smiler når vi køyrer over Tyrifjorden i MS «Thorbjørn» som har tatt tallause ungdommar ut til øya.

Saman med Fellesforbundet-medlemmene Tharaldsen (27) og Vegard Grøslie Wennesland (37) er Magasinet på Utøya. Tharaldsen jobbar som servitør og er ungdomstillitsvald i Fellesforbundet avdeling 10 i Oslo, og Wennesland er faglegpolitisk rådgivar i forbundet. Begge overlevde terrorangrepet mot AUF-sommarleiren på Utøya i 2011.

Ti år seinare meiner dei Norge ikkje har tatt eit oppgjer med tankegodset til terroristen Anders Behring Breivik.

ENDRE VERDA: «hei, hei, på tide og stå opp og redde verda» frå diktet 22. juli, kan ein lese på landgangen til MS «Thorbjørn». Sånn startar eit besøk på Utøya.

ENDRE VERDA: «hei, hei, på tide og stå opp og redde verda» frå diktet 22. juli, kan ein lese på landgangen til MS «Thorbjørn». Sånn startar eit besøk på Utøya.

Håvard Sæbø

Terroren på Utøya

Vi stoppar ved LO-tunet der hyttene har namn etter ulike forbund. Her ligg også Skolestua der Wennesland forskansa seg fredag kveld 22. juli for ti år sidan. Han fortel: Først ser han folk bli skotne på teltplassen og må komme seg bort. Han høyrer kulene fyke forbi i graset mens han spring, som om han er i ein film.

Vi går vidare, og oppe ved Kafebygget fortel Tharaldsen: Her står han og pratar etter eit infomøte om eksplosjonane i Oslo, når han høyrer smell. Han tenker at det er anleggsarbeid eller kinaputtar, men folk kjem springande opp bakken og ropar «løp!». Han kastar frå seg kaffikoppen og spring ned i skogen. Han veit ikkje kva som skjer, om det er ein spøk eller full krig. Han møter fleire på flukt, og dei gøymer seg mens dei høyrer skot frå ulike delar av øya.

Wennesland er ein av rundt femti ungdommar som har gøymd seg i Skolestua. Frivillige frå Norsk Folkehjelp er også der, barrikaderer huset og fortel AUF-arane kva dei skal gjere. Det kokar i det stappfulle huset. Breivik skyt gjennom den låste inngangsdøra, men går vidare.

Tharaldsen hamnar til slutt i ein bergvegg ned mot vasskanten. Skota har tatt slutt, og han lyttar etter lydar. Han er redd for å bli skoten frå oversida av berget. Han ser ein fritidsbåt som nærmar seg, og Tharaldsen tenker at dei skal bli skotne frå båten. Så kjenner han igjen eit par AUF-arar om bord, og han skjøner at han er trygg.

Les også: Fellesforbundet ruster seg til kamp mot høyreekstreme: – Kan ikke sitte stille og se på, sier Jørn Eggum

SKOLESTUA: Frivillige frå Folkehjelpa klarte å barrikadere Skolestua sånn at rundt femti ungdommar overlevde. Ein av dei var Vegard Wennesland (til høgre).

SKOLESTUA: Frivillige frå Folkehjelpa klarte å barrikadere Skolestua sånn at rundt femti ungdommar overlevde. Ein av dei var Vegard Wennesland (til høgre).

Håvard Sæbø

Etter at Breivik er arrestert, stormar politiet Skolestua. Dei held igjen ungdommane i fleire timar i frykt for fleire terroristar på øya. Når Wennesland kjem i land tre timar etter første skot klokka 17.00, ser han daude kroppar med kvite laken over, og han innser omfanget. Tharaldsen har gøymd seg i to timar på øya når han blir redda. Frå båten ser han at det ligg daude menneske i vasskanten. Då skjøner han kva som har skjedd.

69 menneske er massakrert fordi dei er på ein politisk sommarleir.

Mye lest: De første årene etter terrorangrepet likte ikke Ina å snakke om det: – Nå har jeg innsett at jeg er et tidsvitne og må fortelle

Ti år seinare

Når vi er på øya igjen i 2021, ti år etter terrorangrepet, er den som ny. Fellesforbundet og LO har gitt mange millionar til å bygge opp igjen Utøya som LO i si tid gav til AUF. Dermed kan øya framleis huse sommarleirar for politiske ungdomsparti og organisasjonar som vil gjere verda til ein betre stad, spele fotball og møte sin neste kjærast.

Hit kjem også 10.000 skoleelevar kvart år for å lære om demokrati, og mens vi er på øya er to skoleklassar på besøk. Vi følger i fotspora deira: Dei går frå Kafebygget der ein framleis kan sjå kulehol veggane, bygd inn i det såkalla Hegnhuset. Nokre steinkast unna heng eit minnesmerke frå trea og svevar over bakken i ei opning i skogen. Namna til dei drepne og alderen deira lyser opp når sola treffer metallet. No er det så lenge sidan terrorangrepa at dei yngste skoleungdommane som kjem hit ikkje hugsar dei, påpeikar Wennesland.

STERKE INNTRYKK: Ein vidaregåande skoleklasse er på besøk på Utøya. Her lærer elevar om terroren og demokrati, i eit samarbeid mellom Utøya og Det Europeiske Wergelandsenteret.

STERKE INNTRYKK: Ein vidaregåande skoleklasse er på besøk på Utøya. Her lærer elevar om terroren og demokrati, i eit samarbeid mellom Utøya og Det Europeiske Wergelandsenteret.

Håvard Sæbø

– Korleis ser de som har overlevd høgreekstrem terror på den norske samfunnsutviklinga dei ti siste åra?

– Eg var utruleg optimistisk rett etterpå. Det kjentest som eit vendepunkt. Dette var eit eksempel på alvorleg og valdeleg høgreekstremisme. Med alle rosetoga trudde eg Norge var einige om at dette aldri skulle skje igjen, svarer Tharaldsen utanfor konferansesenteret der skoleklassane har gått for å ete lønsj.

– No tenker eg at det var naivt. Ytre høgre er på frammarsj, og høgreekstremt tankegods er innanfor i den politiske debatten. Eg trur Norge aldri tok oppgjeret med tankegodset til Anders Behring Breivik. AUF tar til orde for det no, og det er veldig bra, seier han.

– Samtidig er det så urettferdig at AUF må ta oppgjeret, som sjølv har blitt ramma. Høgresida må også ta eit oppgjer, og det er høgst på tide, legg Wennesland til.

Fått med deg denne? Bjørn Thomas ble med i Vigrid som 16-åring. Terrorangrepet 22. juli ble et vendepunkt

TIDSLINJE: I Hegnhuset er det ei tidslinje som dokumenterer hendingane 22. juli. Eit av bilda tok Wennesland etter at politiet hadde storma Skolestua der han gøymde seg.

TIDSLINJE: I Hegnhuset er det ei tidslinje som dokumenterer hendingane 22. juli. Eit av bilda tok Wennesland etter at politiet hadde storma Skolestua der han gøymde seg.

Håvard Sæbø

Oppgjeret som ikkje kom

I samband med nye bøker frå blant anna historikar Halvard Notaker og AUF, har det gått ein debatt i media om mangelen på eit offentleg oppgjer med ideologien bak 22. juli, der også ungdomsparti på høgresida har vedgått at dei har snakka for lite om terroren.

– Breivik var ikkje berre ein gal mann, og tankegodset hans har blitt normalisert. Terroren er heller ikkje eineståande, seier Wennesland.

Han viser til moske-skytinga i Christchurch, New Zealand, i 2019. Norske Philip Manshaus drap same år stesøstera fordi ho var adoptert frå Kina, og prøvde å gjennomføre ein massakre i ein moske i Bærum.

– Med rosetoga burde vi kanskje også kravd at folk tar stilling. Jens Stoltenberg snakka om demokrati og eit angrep på alle. Så vart det kanskje for lett å seie at vi er alle AUF-arar, seier Tharaldsen.

Han trekker fram spørsmålet om korleis vi snakkar og oppfører oss i kvardagen, både når det gjeld innvandring og svikar-retorikk retta mot Arbeidarpartiet. Sjølv om ein tar avstand frå terror, kan måten ein snakkar på oppfordre til vald, meiner han.

Wennesland forklarer:

– Arbeidarpartiet blir skulda for å la muslimane okkupere Europa. Kva gjer ein med okkupantar? Jo, ein kjempar mot dei med alle middel, sånn motstandsfolka gjorde under andre verdskrig. Det er ei avhumanisering som legitimerer vald. Denne retorikken og desse konspirasjonsteoriane kjem frå høgresida. Derfor må dei på bana. Dei må vere med på oppgjeret, seier han engasjert.

– Første steg er ord, det neste er vald. Høgreekstreme meiningar er meir vanlege i dag. Før var dei djupt inne i diskusjonsforum på nettet, mens dei no er i spaltene i riksavisene. Og tar du til motmæle, drar du «22. juli-kortet», seier Wennesland.

Innsikt: Dette er det nye ytre høyre: Høyt utdannet, godt voksen og med god inntekt

FELLESFORBUNDET: Snorre Haller (30) vart skoten då han var på øya for halde helsingstale frå Fellesforbundet.

FELLESFORBUNDET: Snorre Haller (30) vart skoten då han var på øya for halde helsingstale frå Fellesforbundet.

Håvard Sæbø

Han viser til utsegn frå dåverande og noverande statsrådar: Sylvi Listhaug (Frp) som i 2018 sa at Ap støttar islamistiske terroristar, og Jan Tore Sanner (Høgre) som seinare sa at Ap-leiar Jonas Gahr Støre drog 22. juli-kortet.

Han trekker også fram at den islamfiendtlege organisasjonen HRS får millionstøtte over statsbudsjettet, og at Brevik sitt ideologiske forbilde, Fjordman, har fått Fritt Ord-støtte og blir invitert til debattar.

22. juli har i liten grad blitt forstått som ei politisk hending, og i større grad ei slags ulukke, meiner Tharaldsen.

– Anders Behring Breivik vart lenge psykologisert. Ein må sjå hendinga som ei internasjonal fascistisk hending utført av ei marginalisert gruppe menneske med stort potensial til å utøve vald, seier han.

Debatt: «Vi kan ikke se på terrorhandlingen 22. juli 2011 som en ulykkeshendelse», skriver Ali Esbati

Fag- og arbeidarrørsla

Både Andreas Tharaldsen og Vegard Grøslie Wennesland har funne sin plass i fagrørsla. Dei er kjappe med å svare på kvifor.

– Motsvaret til høgreekstremismen er den organiserte arbeidarklassen som er blind for kjønn, hudfarge og religion. Der står ein saman for interessene sine. Fag- og arbeidarrørsla er det viktigaste vernet mot høgreekstremisme. Når alle på jobben er organisert, er det også mindre rasisme. Då hakkar ein ikkje på kvarandre, men står samla, seier Tharaldsen.

Wennesland trekker fram at fagrørsla stilte opp med den samla krafta si etter 22. juli. Fellesforbundet og LO opna lokala sine for AUF, og LO sørga for at medlemmene fekk dekt utgiftene sine gjennom LOfavør.

– Fagrørsla er overalt, og står for ein politisk folkeleg antirasisme. Det er noko anna enn akademiske diskusjonar, legg Tharaldsen til.

RØRSLA: Fag- og arbeidarrørsla er motsvaret til høgreekstremisme, meiner Andreas Tharaldsen (til venstre). Fagrørsla bidrog til å gjenreise Utøya og støtte AUF gjennom ei vanskeleg tid, påpeikar Vegard Wennesland.

RØRSLA: Fag- og arbeidarrørsla er motsvaret til høgreekstremisme, meiner Andreas Tharaldsen (til venstre). Fagrørsla bidrog til å gjenreise Utøya og støtte AUF gjennom ei vanskeleg tid, påpeikar Vegard Wennesland.

Håvard Sæbø

– Korleis ser oppgjeret med høgreekstremismen ut?

– Vi vann ikkje kampen med rosetog, iallfall. Kva er oppgjeret? Det har vi ikkje funne ut. Det er eit kjempevanskeleg spørsmål å svare på, seier Wennesland.

– Gjørv-kommisjonen i 2012 var eit skikkeleg oppgjer med beredskapen i Norge. Vi har ikkje klart å ta eit tilsvarande oppgjer med høgreekstremismen i samfunnet vårt, konstaterer Tharaldsen.

– Kva kan Fellesforbundet-medlemmene gjere for å motverke høgreekstremisme?

– Ta til motmæle mot hets og rasisme, anten det er på nettet, jobben eller kanskje til og med blant dine nærmaste, avsluttar Wennesland.

Vegard Wennesland er blant dei som har jobba med Fellesforbundet sin nye handlingsplan mot høgreekstremisme og rasisme. Les meir om den her.

Tre Fellesforbundet-medlemmer vart drepne

Snorre Haller (30), målar, Trondheim

Fredrik Lund Schjetne (18), kokkelærling, Eidsvoll

Syvert Knudsen (17), elev i kokk- og servitørfag, Lyngdal

Terrorangrepa

Bombeangrepa mot regjeringskvartalet og massedrapet på Utøya er det verste terrorangrepet i Norge sidan andre verdskrig.

Til saman 77 personar vart drepne. Mange vart hardt skada, og etterverknadene er store.

Terroristen Anders Behring Breivik skreiv i forkant eit høgreekstremt manifest, og sonar i dag ein dom på 21 års forvaring

Var dette interessant? Vil du dele den med noen andre?
09.07.2021
07:00
21.07.2021 13:10