JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønn og arbeidsvilkår

Utelivsbransjen: Lovbrot i sju av ti kontrollar

Det er oppsummeringa til Arbeidstilsynet etter over 1.000 tilsyn med lønns- og arbeidsvilkåra på serverings- og overnattingsstadar.
– Dette er alvorleg, seier Trude Vollheim, direktør i Arbeidstilsynet.

– Dette er alvorleg, seier Trude Vollheim, direktør i Arbeidstilsynet.

Colourbox

tormod@lomedia.no

Tilsyna vart gjort uventa over heile landet i perioden mellom januar i 2022 til januar i 2023 – hovudsakleg ved restaurantar, men også barar og hotell.

Dagens Næringsliv omtalte dette først, og Arbeidstilsynet har seinare sendt oss oppsummeringa av tilsyna.

Minstelønn, overtidsbetaling og arbeidskontraktar

Dei vanlegaste lovbrota var i samband med arbeidskontraktar, overtidsbetaling og minstelønn:

• Ein av fire kontrollerte verksemder hadde brot på reglane om minstelønn.

• 40 prosent hadde brot på kravet til overtidsbetaling – anten ved at tilsette ikkje har fått betalt for overtid, eller at dei har fått mindre enn dei har krav på.

• Arbeidsgivaren hadde i 27 prosent av tilsyna ikkje oversikt over kor mykje dei tilsette jobba, og i 30 prosent var det ikkje utarbeidd ein arbeidsplan.

• I 68 prosent av tilsyna oppfylte ikkje arbeidsavtalene minimumskrava i arbeidsmiljølova.

• I 23 av dei kontrollerte verksemdene har ikkje arbeidsgivaren følgd reglane om arbeidstid for barn og ungdom.

Tilsyna var risikobaserte, noko som betyr at dei er gjennomført ut frå ei vurdering av kor det er størst sannsynlegheit for å finne brot på lovverket som regulerer arbeidsvilkår.

Mykje lest: Foodora-bod: – Eg hadde ikkje råd til å vere sjuk

Arbeidstilsynet: – Alvorleg

– Det er viktig og rett å føre tilsyn med overnattings- og serveringsbransjen, det ser vi tydeleg på talet på brot på lovverket som vi har avdekt, uttaler Trude Vollheim, direktør i Arbeidstilsynet, i ein epost.

Om lovbrota, seier ho:

– Dette er alvorleg, og det underbygger det at overnattings- og serveringsbransjen er ei av dei mest utsette næringane. Bransjen er prega av mange små verksemder, stor gjennomstrøyming og mykje deltidsarbeid.

– I tillegg er det ofte ein høg del unge og utanlandske arbeidstakarar, låg organisasjonsgrad både blant arbeidstakarar og arbeidsgivarar, og ofte låg og manglande kunnskap om reglane i arbeidslivet, både plikter og rettar. Da er det spesielt viktig at vi gjennomfører tilsyn. 

Se tallene her: Ny lønn for butikkansatte

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse