JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

160 norske sjøfolk kan bli stranda i Sandefjord når Fjord Line set inn nytt skip

Sjømannsforbundet ber Fjord Line registrere det nye skipet deira i det norske skipsregisteret, sånn at norske sjøfolk kan vere med å kjempe om arbeidsplassane.
Ronny Øksnes er regionleiar i Norsk Sjømannsforbund og hovudtillitsvalt i Color Line.

Ronny Øksnes er regionleiar i Norsk Sjømannsforbund og hovudtillitsvalt i Color Line.

Ole Palmstrøm (arkivfoto)

tormod@lomedia.no

– 160 sjøfolk i Sandefjord kan bli kasta i land, seier regionleiar Ronny Øksnes i Norsk Sjømannsforbund til FriFagbevegelse.no.

Fjord Line skal i 2020 sette inn eit nytt skip på ruta mellom Sandefjord og Strømstad, der det har vore stor kamp om taxfree-kundane.

Desse yrkesgruppene gjekk mest opp i løn

Forskjellen på Fjord Line og storebror Color Line er at sistnemnde berre har trua med å flagge ut skipa sine. Fjord Line flagga ut skipa sine til Danmark allereie i 2005.

– Fjord Line følger tariffavtaler i Danmark, og det er kjempebra. Men når dei no kjem med eit nytt skip der dei skal utkonkurrere eit norsk skip, bør dei flagge det til Norge sånn at både danske, svenske og norske sjøfolk kan kjempe om arbeidsplassane, seier Sjømannsforbundets Øksnes.

I dag er det vanskeleg for norske sjøfolk å jobbe på danske skip, fordi dei blir dobbelt skattlagd av norske myndigheiter.

– I rettferdas namn

Øksnes viser til kampen om Kiel-ferja, der Color Line ønsker å flagge om skipa sine til Norsk internasjonalt skipsregister, sånn at dei har moglegheit til å tilsette utan norske løns- og arbeidsvilkår.

– Vi har ein enorm kamp i Oslo, der vi er redd for å miste 700 arbeidsplassar. Det begynner å bli eit markant tap av arbeidsplassar, seier Øksnes.

– Det er summen av dette til saman som gir store utfordringar. Fjord Line må få flagge som dei vil dei skipa dei allereie har, men når dei kjem med eit nytt skip som kostar 160 arbeidsplassar, burde dei i rettferdas namn flagge dette skipet til Norge, seier han.

Fjord Line var konkurstrua då dei valte å flagge ut i 2005. Grunnen var, ifølge selskapet, at refusjonsordninga innanfor det norske skipsregisteret varierte frå statsbudsjett til statsbudsjett, medan den danske ordninga var meir stabil.

Utsettelse av forskriftsendring gir nytt håp til 700 sjøfolk

– Ikkje presse ut danskane

Selskapet meiner det i 2016 derimot vart meir gunstig å vere registrert i Norsk ordinært skipsregister, fordi refusjonsordninga no omfattar fleire yrkesgrupper. Dei har likevel ikkje valt å flagge heim.

– Vi skal ikkje presse danske arbeidstakarar ut, men på eit nytt skip burde det vere ein konkurranse om kven som har den beste kompetansen for å få jobbane. Då burde norske sjøfolk få kjempe side om side og jobbe side om side med sine danske kollegaer, seier Øksnes.

– Akkurat no er det ikkje noko vi vurderer, men det finst alltid moglegheiter, seier konsernsjef Rickard Ternblom til FriFagbevegelse.no, på spørsmål om dei vil flagge det nye skipet til Norge.

Fjord Line-sjef: Politikerne er ført bak lyset om skipsregister

Fjord Line har ikkje bestemt seg

– Vi har enno ikkje funne det nye skipet og teke ei avgjerd. Vi er eit utelukkande danskflagga rederi og nøgde med det danske flagget, men vi har tidlegare flagga til Norge og er fullt norskeigde, så det er ein moglegheit, legg han til.

– De har tidlegare uttalt at ein sparer pengar på å vere registrert i det norske skipsregisteret. Vil det ikkje då vere lurt å flagge det nye skipet til Norge?

– Det kan ein seie, men samtidig finst det interne omsyn. Vi har ein organisasjon som er retta mot eit dansk flagg. Internt måtte vi bygd opp eit rederi som skulle handtert norske fartøy, reglar og myndigheiter. På papiret ville vi spart ti til femten millionar kroner, men det finst andre omsyn, seier konsernsjefen.

Rickard Ternblom, konsernsjef i Fjord Line.

Rickard Ternblom, konsernsjef i Fjord Line.

Styrk Fjærtoft / Fjord Line (pressefoto)

Fakta om Fjord Line og Sandefjord-striden

• I 2015 gjekk Fjord Line til sak mot kommunen og Color Line, som enda med eit forlik. Fjord Line fekk ein av tre avgangar. Samtidig vart den pågåande undersøkinga til Esa, av moglege brot på konkurransereglane i EØS-avtala, lukka.

• I 2016 vann Fjord Line anbodet om enda ein avgang og har dermed to av tre avgangar frå Sandefjord til Strømstad i perioden 2020–2025. Selskapet har store planar om ei ny hamn i området.

• Fjord Line vart grunnlagd i 1993 og er Norges nest største ferjerederi i internasjonal passasjer- og godstrafikk mellom landa i Skandinavia.

• Milliardær-familiane Teigen og Andresen har sida 2007 og 2015 eigd selskapet, gjennom høvesvis to eigarselskap og Ferd AS.

• Fjord Line omsette for nesten 1,4 milliardar kroner i fjor.

Kjelde: Sandefjord kommune, Brønnøysundregisteret, Fjord Line og Sandefjords Blad

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om sjøfolk, havfiskere, maritime ledere og ansatte i maritime yrker.

Les mer fra oss

Annonse