Debatt:
«Gjenopprett den statlege arbeidsmarknadsetaten!»
Colourbox
Saken oppsummert
Raudt vil gjenopprette den statlege arbeidsmarknadsetaten med monopol på formidling av arbeidskraft og med arbeidskontor på kommune- og fylkesnivå.
I vårt program for Raudt Vestland går vi i komande periode inn for eit forsøk med oppretting av statleg arbeidsformidling på fylkesnivå.
Etaten si overordna oppgåve på landsbasis, vil vere å bidra til full sysselsetting gjennom å ivareta både verksemdene sine arbeidskraftbehov og å styrke dei arbeidssøkande sine kvalifikasjonar. Etaten skal ha god kontakt med verksemdene og kjennskap til deira arbeidskraftbehov, både i privat og offentleg sektor og i ulike bransjar og landsdelar.
p
Dei arbeidssøkande skal få tilbod om kvalifisering og opplæring som bidreg til geografisk og yrkesmessig mobilitet og som er i samsvar med private verksemder og offentlege etatar sine arbeidskraftbehov på kort og lang sikt.
Etaten skal ha ansvar og ressursar til å kunne ivareta målsettinga om full sysselsetting i heile landet. Alle skal ha rett til arbeid og bidra til den samfunnsmessige verdiskapinga. Arbeidssøkarar med nedsett arbeidsevne, skal bli tilbydd kvalifisering og nyttige arbeidsoppgåver som samsvarar med arbeidsevne, erfaring og interesser. Lønna skal følgje den aktuelle bransjen sin tariffavtale. Det må opprettast arbeidsplassar, drivne og eigde av det offentlege eller av frivillige ikkje-kommersielle organisasjonar som ivaretek denne samfunnsoppgåva.
Arbeidsmarknadsetaten skal vere korporativt samansett med representantar frå arbeid, stat og kapital i styrande organ, etter modell frå den norske og svenske arbeidsmarknadsetaten, slik desse fungerte før innlemming i EØS og EU.
I dagens EU- og EØS-regime, med marknadsstyrt sysselsettingspolitikk, har vi fått ei kraftig forskyving av styrkeforholdet mellom arbeid og kapital. I dette bildet kan ein statleg arbeidsmarknadsetat gjenopprette noko av styrketilhøvet mellom arbeid og kapital til arbeidaranes fordel.
Det må setjast ned eit utval som arbeider med kva ressursar etaten skal råde over og korleis den skal byggjast opp, for å vere føremålstenleg med tanke på dagens utfordringar.
Dersom det viser seg at det ikkje er tilstrekkeleg med arbeidskraft i Norge for å imøtekomme industriens arbeidskraftsbehov, så kan bedriftene saman med dei statlege arbeidskontora og fagrørsla drive ein aktiv innvandringspolitikk for å skaffe den nødvendige arbeidskrafta i utlandet.
p
Langs vestlandskysten vert det i dag brukt massevis av polske bemanningsselskap med arbeidskraft frå mellom anna Gdansk og andre polske byar på verfta og i leverandørindustrien.
Vi kan tenkje oss ein modell der arbeidsgivarane og klubbane saman finn fram til arbeidskraftsbehova i den aktuelle bedrifta, til dømes 50 sveisarar, 30 platearbeidarar og så vidare. Saman med det lokale Arbeidskontoret kunne partane i arbeidslivet opprette rekrutteringskontor i Gdansk og rekruttert arbeidskrafta direkte utan å gå via bemanningsselskap.
Dette hadde ein svært god erfaring med i det sosialdemokratiske Sverige i perioden 1956–1972. Den svenske arbeidsmarknadsetaten (AMS Arbetsmarknadsstyrelsen) oppretta statlege arbeidskontor i storbyane i Italia, Hellas og Jugoslavia, og saman med Metallforbundet og Svensk Industri vart det rekruttert arbeidskraft til alle dei store eksportbedriftene, til verfta og bilindustrien både i Gøteborg og andre storbyar.
Arbeidarane fekk faste stillingar og flytta til Sverige med familiane sine. Vi snakkar om mange hundre tusen arbeidarar som vart rekruttert på denne måten. Kvinnene som fulgte med mennene sine til Sverige fekk kvalifiseringskurs og kom snart ut i arbeid innafor mellom anna pleie og omsorg og andre delar av helsesektoren og der det måtte vere behov for arbeidskraft. Kvinnene fekk også arbeid i industrien, mellom anna på Volvo Torslandaverket i Gøteborg, der tyrkiske kvinner fylte opp heile «maleriet». Det vart bygd ut barnehagar og gitt hjelp til å finne bustader.
Denne godt planlagte aktive innvandringspolitikken var ein avgjerande del av «Den svenske modellen», og var fagrørslas krav til arbeidsgivarane for å akseptere utanlandsk arbeidskraft på sine arbeidsplassar. Kravet var faste stillingar, busetting og ordinær arbeidstid, tarifflønn.
p
I staden for dagens avregulering og marknadsstyrte arbeidslivspolitikk og arbeidskraftinnvandring, bør vi lære av vårt naboland Sverige og sjå korleis dei faktisk klartge å ivareta klassekompromisset gjennom arbeid-stat-kapital-samarbeid i rekruttering av utanlandsk arbeidskraft til eksportindustrien.


Nå: 0 stillingsannonser