JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Den islandske modellen

90 prosent av islendingane er medlem av ei fagforening

Island er landet med flest i arbeid og minst løns­forskjellar – og nesten alle er med i ei fagforeining.
SJEFEN: Gylfi Arnbjörnsson er leiar av Alþýðusamband Íslands (ASI), som er Islands svar på LO. I motsetning til kva vi er vant med ellers i Skandinavia er det ingen sterke band mellom fagbevegelsen og det sosialdemokratiske partiet. Islandsk politikk har vore dominert av partia på høgresida. Islandsk fagbevegelse har fått igjennom eit velferdssystem utanfor parlamentet med å bli einige med arbeidsgjevarane om ordnigar for sjukeløn og arbeidsledighet.

SJEFEN: Gylfi Arnbjörnsson er leiar av Alþýðusamband Íslands (ASI), som er Islands svar på LO. I motsetning til kva vi er vant med ellers i Skandinavia er det ingen sterke band mellom fagbevegelsen og det sosialdemokratiske partiet. Islandsk politikk har vore dominert av partia på høgresida. Islandsk fagbevegelse har fått igjennom eit velferdssystem utanfor parlamentet med å bli einige med arbeidsgjevarane om ordnigar for sjukeløn og arbeidsledighet.

Ole Palmstrøm

Oystein.Windstad@lomedia.no

Skodda heng tung over Reykjavik, men ut av den reiser heisekraner seg som svingar frå side til side og vitnar om eit land som er i ferd med å riste av seg finanskrisa.

Om du spør folk på gata kva dei tenkjer om politikarane sine prestasjonar dei siste åra, kjem grimasene og banneorda fort. Stiller du dei same spørsmåla litt utpå kvelden kan ølglasa flyge i veggen.

Trass kriser og sinne mot politikarar som dansa svært tett med gamblande bankarar, Island er også nasjonen der alle er med i fagforening og landet som alltid toppar listene om kor i verda det er best å bu.

Island opp av aska

Etter 2008 låg Island nede for telling. I 2016 greide den vesle øylandet oppsiktsvekkande å kome seg til kvartfinalen i fotball-EM.

Sigrane blei vunne av eit samla lag der alle jobba blodhardt og sprang langt over snittet for kva fotballspelarar gjer på landskampar.

Innsatsen på fotballbanen får ein til å tenkje på det som har fått landet på fote igjen: Folk som har stått på i over tolv timar om dagen med både to og tre jobbar.

Landet og økonomien har også fått drahjelp av Hollywood og ein askespyande vulkan.

Om ein spør folk kva dei tenkjer om fagforeningene på Island, blir tonen vesentleg mildare enn om du snakkar om den politiske eliten. Fagforeninganen har hatt ei sentral rolle i utviklinga på Island i etterkrigstida. Her er det fagforeningane som har vore avgjerande for å få til ein velferdsstat, ettersom politikken og parlamentet har vore dominert av parti på høgresida sidan landet blei sjølvstendig i 1944.

Fagforeningane på Island har ei anna rolle enn i Norge:

– På Island er ein stor del av vår velferd er organisert av fagforeningane og ikkje gjennom eit NAV-kontor. Vi er ein ytar av velferd, ikkje berre ein som krev det, fortel Gylvi Anbjørnsson, leiar av ASI, Islands svar på LO.

Blir du sjuk, arbeidsledig eller skal få pensjon er det fagforeningane som sørgar for dette.

Arbeidstagerorganisasjonen ASI, det islandske svaret på LO er medlem av SAMAK. Bak pulten til leiar Gylfi Arnbjörnsson står vimplar som viser klare band til norsk fagbevegelse.

Arbeidstagerorganisasjonen ASI, det islandske svaret på LO er medlem av SAMAK. Bak pulten til leiar Gylfi Arnbjörnsson står vimplar som viser klare band til norsk fagbevegelse.

Ole Palmstrøm

Verdsrekord i arbeid

Såra frå finanskrisa har langt frå grodd på Island. Offentleg sektor har vore gjennom brutale runder med kutt.

Framleis er det slik at om du blir sjuk og må til lege eller behandling, må du betale rundt 25 prosent av utgiftene sjølv.

Trass etterdønningane av finanskrisa, utmerkar Island seg på mange måtar. Den vesle øynasjonen set ein del verdsrekordar når det kjem til arbeid. Arbeidsløysa er på to prosent. Island er det landet i verda der størst andel av befolkninga jobbar. Tal frå OECD viser at heile 82 prosent av folk i alderen 15 til 64 år jobbar.

Til samaligning er tala 75 prosent i Norge, og 68 i USA. Vidare viser informasjon frå OECD at Island er det landet i verda der lønsforskjellane er minst.

Nå er Norge dårligst i Norden på sysselsettingsutvikling

Bolig og velferd

Gylvi Arnbjørnsson i ASI seier dette om kva fagforeningane har fått til dei siste 100 åra:

– Våre største sigrar er kanskje dei krava vi har stilt til regjeringane om velferd og bolig. Krav vi har fått igjennom. Dei største sigrane våre gjennom tidene gjeld dei rettane våre medlemmer har til velferd gjennom pensjon og sjukeløn. I tillegg hadde vi store problem med bolig, og fagforeninga fekk igjennom sosial boligutbygging.

– På Island er innteksforskjellane låge. Kva tenkjer du om fagforeningane si rolle i dette?

– Vi har hatt sterke krav til skattesystemet, som vi har brukt til å utjamne. Den delen av løna som er avtalebasert, der har vi mindre lønsforskjellar. Det er klart at vi forhandlar ikkje om toppsjefane si løn. Vi har hatt innflytelse, blant anna på skattesystemet og våre krav til utjamning, fortel leiaren av islandsk LO.

Gjer jobben til NAV

I dag er systemet på Island slik at alle, enten dei er medlem eller ikkje, må betale ein prosent av løna til fagforeningane. Tilbake får dei kollektive avtalar som er lovfesta som minsteløn og årleg kollektiv lønsforhandling. I tillegg får dei juridisk bistand og rådgjeving om ein treng det. Dei fleste vel å vere med i fagforeningene for å kunne bruke stemmeretten. Ein annan stor forskjell frå Norge er at fagforeningane på Island forvaltar og utbetalar pensjonar og sjukepengar gjennom A-kasse systemet som ein betaler inn til:

– Nesten all sjukerett er avtalebasert, det er ikkje NAV som betaler dette. Blir du sjuk er det arbeidsgjevaren som betaler dette i opp til seks månader. Du har full løn den første månaden. Den andre og tredje månader får du ordinær dagløn, forklarar Anbjørnsson.

Partipolitisk uavhengig

Ein annan forskjell er at fagforeninga på Island ikkje har noko band til politiske parti:

– Vi ville ha ein sterk stat til å gje oss velferd i etterkrigstida. Men så måtte vi gjere det sjølv i samarbeid med arbeidsgjevarane, fordi vi ikkje fekk det til politisk gjennom parlamentet. Dette er den islandske modellen og den krev meir ansvarlegheit frå fagforeiningane. Alle partia, også dei borgarlege har ein fagforeningsorganisasjon i sitt parti. Alle parti har ei referansegruppe og fagforeningsavdelinger. I mitt styre er det representantar som tilhøyrer alle politiske parti. Det gjør at vi kan snakke med alle partia, fortel leiaren av ASI.

I dag er det «kakse-torsdag»

Stiller sterkt i streik

I utkanten av Reykjavik ligg eit heilt nytt bygg med høge gjerder rundt. I det nybygde fengselet er Sigurður Torfi Guðmundsson og Friðrik Rúnar Friðriksson på vakt. Dei er statleg tilsette og er som stort sett alle andre medlem av ei fagforening.

– Kva tenkjer de om den islandske modellen, der rundt 90 prosent er med i fagforeninger?

– Det er bedre for oss å stå saman. Vi er eit lite land.

– Kva effekter har denne modellen på samfunnet?

– Eg trur når det kjem til stykket når vi skal forhandle om løn, er vi ein stor heilheit. Det blir sterkare krav. Vi kan lamme ein del av samfunnet, om det er nødvendig og vi står saman.

– Er det noko negativ eller som de ikkje er nøgde med?

– Kanskje at ein føler at den fagforeninga vi er med i ikkje er sterke nok til å jobbe opp vår løn og våre vilkår. Den foreninga vi er med i har mange medlemmar som har låg inntekt. Ein har mange A-akasser innan det islandske systemet. Også for dei som har mindre betalt arbeid. Vi ligg høgt i dette hierarkiet, og det gjer at fagforeninga ikkje engasjerer seg spesielt i vår lønskamp. Dei vil heller hjelpe dei som ligg lengst ned. Det er forståeleg. Samidig føler vi at vi er litt dårleg posisjonert og at vi står litt åleine.

• (25.10.2016:) I går gikk kvinner på Island hjem fra jobb klokken 14.38

STÅR STERKT: Sigurður Torfi Guðmundsson og Friðrik Rúnar Friðriksson (t.h), er fengselsbetjenter ved nyåpna Hólmsheiði Fengsel like utanfor Reykjavik på Island. Dei fortel at når fagforeiningane på Island har bestemt seg for noko, står dei veldik sterkt når 90 prosent av arbeidarane er organisert.

STÅR STERKT: Sigurður Torfi Guðmundsson og Friðrik Rúnar Friðriksson (t.h), er fengselsbetjenter ved nyåpna Hólmsheiði Fengsel like utanfor Reykjavik på Island. Dei fortel at når fagforeiningane på Island har bestemt seg for noko, står dei veldik sterkt når 90 prosent av arbeidarane er organisert.

Ole Palmstrøm

– Har innverknad på bankane

– Bortset frå pensjon og sjukeløn, kva andre goder står fagforeningane for?

– Vi får dekka tannlege, briller og tannskader opp til en vis sum. Det er fleire tilbod vi kan søke om som blir delvis dekka av fagforeninga. Om du vil ta kveldsundervisning og etterutdanning sponsar dei også dette.

– Har dei islandske fagforeningane politisk makt og innflytelse?

– Ja, meir og meir. Dei har så stor politisk makt at A-kassen styrer bankene på Island no. Dei har investert i bankane etter at dei gjekk konkurs. Fagforeningene og deira pensjonskasser har på den måten ein betydelig og innflytelsesrik posisjon i bankane, fortel dei to før dei må tilbake til arbeidet i fengselet.

Fekk opp minsteløna

Som dei to fengselsbetjentane var inne på, stiller islandsk fagforening seg i ei særstilling om dei vil noko og det er snakk om streik.

Drifa Snædal er leiar av SGS som organiserer arbeidarar utan formell utdanning og ein del statleg tilsette.

Ho fortel at dei nyleg skrudde opp minsteløna, med hjelp av ein relativt kort streik:

– Vi har fått igjennom å auke minsteløna. Vi fekk ein suksessfull avtale der minimumsløna dei tre siste åra har blitt auka med 30 prosent. SGS var i front der og hadde vi hadde ein streik som varte i 2,5 dagar.

– Ikkje lenger?

– Nei, vi var klar og godt budd for streik og då arbeidsgjevarane såg at vi hadde folket med oss og kraft bak krava, gav dei opp.

– Når nesten alle er med i fagforening, er det slik at arbeidsgjevarane fort blir nødt til å lytte?

– Det kan du seie. Vi har lover som slår fast at om det skal streikast må det til uravstemming blant alle medlemmane i forbundet som vurderer streik. Vi fikk 95 prosent ja for streik sist, fortel Snædal. Minsteløna på Island er no 24.000 kr brutto i månaden. På same måte som LO er den desidert største hovedsamanslutninga i Norge, er ASI størst på Island med 106.000 medlemmar.

KAMP MOT DUMPING: Drifa Snædal er generalsekretær i Starfsgreinasamaband (SGS), som er forbundet for blant andre statstilsette på island. Ho fortel den største utfordringa på Island i dag er sosial dumping og at enkelte selskap tyr til svart arbeid i den store byggeboomen.

KAMP MOT DUMPING: Drifa Snædal er generalsekretær i Starfsgreinasamaband (SGS), som er forbundet for blant andre statstilsette på island. Ho fortel den største utfordringa på Island i dag er sosial dumping og at enkelte selskap tyr til svart arbeid i den store byggeboomen.

Ole Palmstrøm

Enorm økonomisk vekst

Den islandske økonomien veks veldig i dag, takka vere turisme og boom i byggebransjen. I gatene høyrer du syngande islandsk, men også fransk, tysk engelsk og kinesisk.

Verdsturismen har oppdaga sagaøya og der er her Hollywood og ein askespyande vulkan kjem inn i bildet. Eyafjelljøkul sette alle europa sine fly på bakken, samtidig som Island blei sett på verdskartet. Islandsk natur dukkar også opp i ei rekke filmar og serier som Star Wars, James Bond og Game of Thrones.

I år har over to millionar turistar besøkt landet med ei befolkning på 330.000.

Kjempar mot dumping

Den store veksten og boomen i både turisme og byggebransjen gjer at Island må importere arbeidskraft. Med arbeidsinnvandringa kjem også utfordringar:

– Den største utfordringa til fagbevegelsen på Island no er å bekjempe svart arbeid, skatteunndragelse og sosial dumping. Sosial dumping kjem med fleire ansikt. Eksempelvis at arbeidsgjevarar betalar under minsteløn. I tillegg har du frivillig arbeid gjort av unge europeiske studentar eller arbeidsledige som jobbar for mat og tak over hodet. Det er ikkje lovleg på Island, fortel Snædal i SGS, som er ein del av islandsk LO.

Politiet på Island har merka at det har blitt meir å gjere for dei med den svarte økonomien. Samtidig som dei har fått meir å gjere, har dei også blitt ramma av offentlege kutt som følge av gjeldskrisa i 2008.

Det fortel den statleg tilsette politimanen og fagforeningsmedlem Thorir Ingvarsson:

– Eg håpar bevilgningane våre vil auke, men det er eit politisk spørsmål. Det er mange områder som treng eit løft, blant anna helsesystemet og skulane, i tillegg til oss i politiet.

Thorir Ingvarsson er sjef for sosiale medier i Reykjavik-politiet på Island. Han er tidligare etterforskar. Offentleg sektor på Island har vore igjennom enorme kutt grunna finanskrisa. Samtidig som politiet har fått mykje meir å gjere grunna turistboomen og veksten i byggebransja, har dei fått kutt. Som mange andre på Island er han spent på den komande nye regjeringa og kva dei vil prioritere.

Thorir Ingvarsson er sjef for sosiale medier i Reykjavik-politiet på Island. Han er tidligare etterforskar. Offentleg sektor på Island har vore igjennom enorme kutt grunna finanskrisa. Samtidig som politiet har fått mykje meir å gjere grunna turistboomen og veksten i byggebransja, har dei fått kutt. Som mange andre på Island er han spent på den komande nye regjeringa og kva dei vil prioritere.

Ole Palmstrøm

Island utan regjering

Og om det blir meir pengar til politiet og arbeid mot svart arbeid er ikkje klart enno.

I dag har ikkje Island ei regjering. Det har vore turbulente politiske år etter finanskrisa og Panama-avsløringane blant anna.

Under valet i oktober blei sjølvstendigheitspartiet som tilsvarar norske Høgre størst, med 29 prosent. Den Venstre-grøne alliansa fekk 16 prosent og Piratpartiet fekk 14,5 prosent av stemmene. Sosialdemokratane endte opp med rundt fem prosent.

Det er fortsatt forhandlinger om kven som skal danne regjering. Presidenten spurte Piratpartiet om dei kunne sette saman ei ny regjering. Så langt har forhandlingane ikkje ført fram. Om ingen greier å finne saman, vil det truleg gå mot nyval.

Piratar vil omfordele ressursane

Piratpartiet har fått mykje internasjonal merksemd etter at dei gjorde eit sensjaonelt godt val, med si plattform mot korrupsjon og for meir direkte demokrati og folkeleg kontroll med politikken.

Piratpartiets Halldora Mogensen seier dette om fagforeningane på Island:

– Dei har fått til svært mykje bra og har spela ei stor historisk rolle, fortel den nye Alltingsmedlemmen. Ho og mange andre har finanskrisa og dei svært tette banda mellom den politiske eliten og bankane friskt i minne:

– Den politiske modellen vi har i dag blir misbrukt. Vi må forandre systemet slik at det blir meir innsyn og moglegheit til aktiv deltakelse frå folket. Jo meir ting skjer i lukka rom utan innsyn, jo større sjans er det for at systemet blir misbrukt. Og det er det som har skjedd og som skjer skjer no. Vi har mykje korrupsjon i systemet og folk kan ikkje fult ut sjå kva som blir gjort. Alt for mykje makt og ressurar er i alt for få hender, seier Mogensen før ho må haste inn på Alltinget for å delta i regjeringsforhandlingar.

PIRAT: Halldora Mogensen er nyvalgt parlamentsmedlem. Ho meiner dei islandske fagforeningane har spela ei stor og viktig rolle på Island. Ho og Piratpartiet har blitt veldig populære ettersom folks tillit til dei etablerte styrande partia har vore svært låg. Piratpartiet at folk flest skal ha meir å seie i politikken ved direkte demokrati og meir innsyn i prosessane. Ho jobbar også for borgarløn.

PIRAT: Halldora Mogensen er nyvalgt parlamentsmedlem. Ho meiner dei islandske fagforeningane har spela ei stor og viktig rolle på Island. Ho og Piratpartiet har blitt veldig populære ettersom folks tillit til dei etablerte styrande partia har vore svært låg. Piratpartiet at folk flest skal ha meir å seie i politikken ved direkte demokrati og meir innsyn i prosessane. Ho jobbar også for borgarløn.

Ole Palmstrøm

Vegen vidare for Island

I dei politisk og økonomiske turbulente tidene Island har vore igjennom dei siste åra, har ASI og fagforeningane vore ei stabil kraft for ein velferdsstat.

No som Island er i enorm vekst, jobbar fagbevegelsen for at den svarte økonomien ikkje skal få fotfeste, og at ein ikkje skal gå i dei same fellene som førte til den forrige finanskrisa.

Fordi økonomien går i høggir igjen, har også boligprisane auka drastisk dei siste åra:

– Vi i fagforeninga har fått igjennom at det skal startas med sosial boligbygging igjen. Dette blei avskaffa i 2002 og vi har lagt stor vekt på å få til ny sosial boligbygging, og det fekk vi til i sommar, fortel Gylvi Anbjørnsson. Han og ASI er klar på at same kva veg Island går og korleis veksten blir takla, skal dette vere ein vekst som kjem alle til gode og som gjer at Island framleis skal vere eit land med verdsrekordar i arbeidslivet.

Island

• Island har ei befolkning på 330.000 og 90 prosent er med i fagforeninger
• Island er det landet i verda der flest er i arbeid, 82 prosent av befolkninga mellom 15 og 64 år jobbar.
• Arbeidsløysa er i dag på to prosent
• Island er det landet i verda med minst lønsforskjellar
• Fagforeningane sørger for velferd i form av blant anna sjukepengar og arbeidledigheitstrygd
• Island er ranka til verdas beste land å bu i i fleire kåringar

Kilde: OECD, 2013

Fagorganisering i Europa

Island: 90 prosent
Finland: 70 prosent
Sverige 67 prosent
Danmark 67 prosent
Belgia 55 prosent
Norge 53 prosent
Italia 37 prosent
Luxembourg 32 prosent
Irland 31 prosent
Østerrike 28 prosent

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Island

• Island har ei befolkning på 330.000 og 90 prosent er med i fagforeninger
• Island er det landet i verda der flest er i arbeid, 82 prosent av befolkninga mellom 15 og 64 år jobbar.
• Arbeidsløysa er i dag på to prosent
• Island er det landet i verda med minst lønsforskjellar
• Fagforeningane sørger for velferd i form av blant anna sjukepengar og arbeidledigheitstrygd
• Island er ranka til verdas beste land å bu i i fleire kåringar

Kilde: OECD, 2013

Fagorganisering i Europa

Island: 90 prosent
Finland: 70 prosent
Sverige 67 prosent
Danmark 67 prosent
Belgia 55 prosent
Norge 53 prosent
Italia 37 prosent
Luxembourg 32 prosent
Irland 31 prosent
Østerrike 28 prosent