JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Tilsette i Forsvaret kan få firedobla husleiga når regjeringa skal spare

– Katastrofalt for familieøkonomien og mange kjem til å slutte i Forsvaret, seier tillitsvalte.
Forsvaret planlegg å skru opp husleiga. Det har kome forslag om at tilsette skal få dobla, tripla og enkelte firedobla husleiga. Stormingeniør Mads Skog i Skjold fortel at konsekvensen av dette er at fleire kjem til å slutte i Forsvaret.

Forsvaret planlegg å skru opp husleiga. Det har kome forslag om at tilsette skal få dobla, tripla og enkelte firedobla husleiga. Stormingeniør Mads Skog i Skjold fortel at konsekvensen av dette er at fleire kjem til å slutte i Forsvaret.

Øystein Windstad og (bakgrunnsfoto) Torbjørn Kjosvold/Forsvaret

oystein.windstad@lomedia.no

Regjeringa vil spare pengar. Det kan føre til at husleiga i Forsvaret går frå 5000 til 20.000 i månaden.

Mange som jobbar i Forsvaret brukar militær bustad som har låg leie. Grunnen til den rimelege leiga er at dei som jobbar i Forsvaret må flytte mykje rundt frå arbeidsstad til arbeidsstad og at det blir vanskeleg å kjøpe hus.

Mads Skog jobbar som stormingeniør i Skjold i Troms:

– Seinast førre helg høyrde eg ho som er forlova med kollegaen min seie at, med desse nye kostnadane er det ikkje aktuelt å bu her. Ein av dei få godane vi har, er at vi bur relativt billig. Blir dei få godane vi har igjen fjerna, er det veldig lite ein kan bruke for å få ein sambuar til å tru på at det er verdt å bu her, seier han og legg til:

– Det er mange i troppen min, spesielt dei med familie, som seier rett ut at dei kjem til å slutte når kostnadane for å bu blir skrudd opp. Dei har ikkje økonomi til det, fortel Skog.

Sjekk om du tener over snittet i ditt yrke

Opprørt over vesentleg dyrare leige

Forsvarsministeren ynskjer å spare inn 100 millionar kroner på at den låge leiga på militære bustader eller i kvarter skal skruast opp:

– Eg bur på kvarter, og det er ytra ønske om å også skru opp leiga for oss som bur på kvarter. For meg vil det bety at, i stadan for at eg søker på tilsetning til 60 år, ventar eg med det. Eg jobbar til eg har full bonus, etter det er mitt forhold med Forsvaret over. Eg er 33 år gamal no, det vil seie at eg jobbar i Forsvaret i to år til, fortel ingeniør Skog, som er ein av fleire tilsette i Forsvaret som er opprørte over planane om å skru opp leiga såpass mykje.

Skog har jobba i Forsvaret sidan 2005, har bakgrunn frå Telemark bataljon og har blant anna vore fire kontingentar til Afghanistan.

Forsvaret greide ikke å spare så mye som de trodde

Tillitsvalte blei ikkje høyrd

Dei tillitsvalte i Norges Offisersforbund er kritiske til at Forsvaret bruker styringsretten for å få innsparinga igjennom og meiner at dei tillitsvalte ikkje har blitt høyrd i prosessen.

– Dette er ein uvanleg måte å gå fram på. Vi har utfordra dei til å sjå på kva konsekvensen av dette blir. Det har blitt blankt avvist. Det forundrar meg veldig, seier Staale I. Reiten, som jobbar i sekretariatet i Norges offisersforbund (NOF).

Vanskeleg å kjøpe eigen bustad

NOF-leiar Torbjørn Bongo meiner det er svært gode grunnar til at tilsette i Forsvaret skal ha tilbod om rimeleg leige:

– Det som er spesielt for vår yrkesgruppe, er at vi er underlagt beordringsplikt. Når vi er ferdig utdanna, kan vi eksempelvis få beskjed om at vi skal bu og jobbe i Kirkenes. Det kan hende du finn ut at du vil bu der og kjøpe hus. Etter to år kan ein få beskjed om at det er behov for dine tenester ein anna plass. Du skal tilbake til Garden i Oslo. Har du vore riktig uheldig, har det vore eit bustadprisfall etter at du investerte i bustad, eller du har bygd hus ein plass du normalt sett aldri får igjen utlegga til byggekostnadane - plassar som Øverbygd eller Skjold, eksempelvis, seier han og legg til:

– Etter at du flytter til Oslo må du leige ut huset du har bygd eller kjøpt. I Oslo må du ut på leigemarknaden, du har fått familie og barn, og må ha treroms. Det er ikkje billeg.

KREV HANDING: Torbjørn Bongo har bakgrunn frå Kystvakta og jobbar som leiar av Norges Offisersforbund. Han krev at regjeringa og forsvarsministeren stoppar den planlagte husleigeauka.

KREV HANDING: Torbjørn Bongo har bakgrunn frå Kystvakta og jobbar som leiar av Norges Offisersforbund. Han krev at regjeringa og forsvarsministeren stoppar den planlagte husleigeauka.

Øyvind Aukrust



– Forsvaret sparar seg til fant

– Det er politisk bestemt at ein skal spare inn pengar og at alle må vere med og bidra?

– Min påstand er at ein sparer seg til fant. At folk vel å slutte tidleg, har ein kostnad. Jo fleire som sluttar tidleg, jo fleire må vi utdanne. Reint bedriftsøkonomisk: Pengane ein sparer, må ein bruke vesentleg meir av for å utdanne dei nye. Ein kan spare inn på insentiv, men ender opp med å bruke tilsaman meir, fordi du må utdanne mange nye. Forsvaret brukar i år 2,54 milliardar i året på utdanning. Dette prosjektet skal etter planane spare 100 millionar kroner, fortel Bongo.

Han meiner dette ikkje er sparing, men sløsing med personell:

– Fleire vil slutte. I 2014 slutta 1300 i Forsvaret. I 2015 auka dette til 1600 og i fjor var det 1774 som slutta i Forsvaret. Vi er knappe 17.000 tilsette. Vi har ein gjennomtrekk på over ti prosent i året. Blant dei under 35, er det ei utskifting på over 15 prosent årleg. Det betyr at, etter sju-åtte år, har ein bytta ut alle saman. Det er veldig dyrt for Forsvaret. Dette bidreg til å sløse med personell, meiner Bongo, leiar av NOF.

Les også

Han er Forsvarets første imam
Regjeringa vil sparke 1400 i Forsvaret
LO-forbund skuffa over langtidsplana for Forsvaret

Skal forhandle om leige

Forsvaret understreker at det skal forhandlas om leigeauke og at det ikkje er klart kor mykje den endelege summen ender på.

Øystein Windstad

oystein.windstad@lomedia.no

Forsvarsministeren og Forsvarsdepartementet ynskjer ikkje å svare på spørsmåla frå LO Media og viser til Forsvaret, som skal gjennomføre det som ministeren har bestemt.

Tom Simonsen er direktør for HR-avdelinga i Forsvarsstaben.

– Kva seier de til NOF sitt synspunkt på at høgare husleige vil føre til at færre blir i Forsvaret og at ein må utdanne fleire?

– Vi forstår at det skaper engasjement når ei slik ordning blir forandra. Samstundes er det berre omtrent 15 prosent av offiserane som bruker tilbodet om militær bustad. Det er også viktig å få fram at prosessen om husleigemodellen heller ikkje er ferdig. Vi skal ha forhandlingar om korleis husleiga skal kompenserast – dette er kanskje den viktigaste delen av ordninga. Først når desse forhandlingane er ferdige, veit den enkelte kva husleiga faktisk blir. Her har partane eit felles ansvar for å komme fram til den best moglege løysninga.

– NOF meiner at om ein får kompensert for auka husleige, vil dette bli noko ein må skatte av - som samla sett vil vere ei reell utgiftsauke. Kva seier de til det?

– Det er riktig at husleigekompensasjon er skattepliktig. Det er resultatet av forhandlingane som vil vise kor stor ei eventuell auke vil bli.

– NOF meiner det er unødvendig å bruke styringsretten i denne saka og at dette kunne ha vore løyst på anna måte. Kva seier de til det?

– NOF har, som de andre organisasjonane, hatt moglegheit til å gje innspel til korleis dei vil ha den nye modellen utforma. For at vi skal kunne kome vidare til steg to i arbeidet, altså husleigekompensasjon, måtte arbeidsgjevar dessverre bruke styringsretten. Det er verdt å merke seg at vi òg har eit krav frå Finansdepartementet heilt tilbake til 2001 om å marknadstilpasse husleiga i Forsvaret sine bustader.

– Kva fordelar og innsparingar vil ein få med å justere leia?

– Intensjonen er at vi i større grad kan rette inn virkemidla mot områder og tilsette der vi av operative omsyn treng lengre ståtid og meir kompetanse.

– Eventuelt, er det noko de vil få fram som ikkje er inkludert i spørsmåla?

– Gjennom dei siste 10 åra er samansetninga av personell i Forsvaret endra, sist gjennom innføringa av ny militær ordning. Organisasjonen er også vesentleg endra i same tidsperiode, og ikkje minst er samfunnet endra, med tanke på kor vi bur og kva karrieremoglegheiter vi ønsker oss. Samtidig er det stort fokus på at Forsvaret må få mest mogleg operativ evne ut av dei pengane vi blir tildelt. Det betyr at vi må forsikre oss om at incentiva, både enkeltvis og samla, er målretta og støttar opp under dette. Hovudmålsettinga med incentivprosjektet er å etablere eit samla sett incentiv som betre og meir kosteffektivt treff Forsvaret sine behov, seier Simonsen i Forsvaret.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse