JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Direktørpensjonane

De Facto-rådgivar: – Toppleiaranes pensjonar er skjerma frå innstrammingane i pensjonsreforma

Sjefane i Norges største selskap har lukrative pensjonsordningar som skjermar dei frå viktige delar av pensjonsreformen, meiner pensjonsekspert.

Yara, Statoil, Telenor (pressefoto)

tormod@lomedia.no

yngvil@lomedia.no

FriFagbevegelse har gått gjennom 2016-årsrekneskapa til landets største selskap og sett på kor mykje dei bruker på eller set av til toppleiaranes pensjonsordningar.

Sjå kva direktørane får i pensjon

– Det er openbert at desse konserndirektørane er skjerma frå viktige sider av pensjonsreformen, seier Stein Stugu, rådgivar i De Facto kunnskapssenter for fagorganiserte.

Han har sett på pensjonsordningane til toppsjefane i dei tre aller største selskapa, Statoil, Telenor og Yara. Dei to sistnemnte er ikkje einige i Stugus analyse. Han merkar seg spesielt Statoil- og Telenor-sjefane sine pensjonar.

– Ingen av dei er for eksempel omfatta av levealdersjustering i same form som no finst i folketrygda, seier Stugu.

Levealdersjustering betyr at alderspensjonen din blir justert etter forventa levealder for årskullet ditt. Så lenge levealderen aukar, må kvart årskull jobbe lenger enn det førre for å oppnå same pensjon.

Pensjon i lønsoppgjeret

Pensjon er ei av dei aller viktigaste sakene i lønsoppgjeret for tilsette i privat sektor som starter om tre veker, der særleg avtalefesta pensjon blir sentralt. For to veker sidan starta dei kompliserte forhandlingane om pensjonen til 800.000 offentleg tilsette, der ny teneste- og avtalefesta pensjon skal forhandlast fram.

Som bakteppe ligg innrettinga av pensjonsreformens innsparingar i framtidige pensjonskostnadar. Men ikkje alle treng å forholde seg til sparetiltaka.

• Ap-politikar: – Toppleiar-pensjonane er ikkje eit godt grunnlag for å mane til måtehald i pensjonsforhandlingane

Slik er dei skjerma frå pensjonsreformen

FriFagbevegelse har bedt De Factos Stugu, som har lang erfaring med pensjonsspørsmål i både privat og offentleg sektor, om å forklare korleis pensjonen til toppleiarane i dei tre største selskapa i Norge er skjerma frå innsparingar i pensjonsreformen.

Stugu merkar seg spesielt to ting: Nemleg sluttlønsordningane og førtidspensjonen.

– Sætre og Brekke sine ordningar er sluttlønsbasert, som er ei ekstremt god ordning for dei som har store karrieretillegg. Alle tre har i praksis ei «førtidspensjonsordning» som liknar på særaldersgrense, sannsynlegvis begrunna med at dei ikkje skal bli sittande i jobben og blokkere for andre.

1. Eldar Sætre, Statoil

Sætre kan gå av når han er 62 år. Han har, i likskap med toppsjefen i Telenor, ei sluttlønsbasert ordning. Den gir han ein pensjon tilsvarande 66 prosent av løna, om han har vore medlem i selskapets pensjonsordning lenge nok - og det har han. I tillegg får han eit halvt år ekstra medlemstid, for kvart år han sit i konsernleiinga.

2. Sigve Brekke, Telenor

Brekke har ei sluttlønsbasert ordning, som gir han omtrent 60 prosent av løna i pensjon.

Dette er noko av det viktigaste regjeringa vil endre i forhandlingane om offentleg tenestepensjon. Dette er stikk i strid med måla og tenkemåten i pensjonsreformen, slår Stugu fast.

Pensjonen hans er ikkje levealdersjustert. Han har også fast pensjonsalder på 65 år.

Påstandane er ikkje riktige, meiner kommunikasjonssjef i Telenor, Cathrine Stang Lund: «Pensjonsreformen gjelder også for Brekke, og han blir ikke kompensert for eventuelt lavere alderspensjon fra Nav som følge av bestemmelsene i pensjonsreformen,» skriv Lund i ein e-post til FriFagbevegelse.

3. Svein Tore Holsether, Yara

Holsether har ein kompensasjon som gir han 66 prosent av løna frå han er 65 år til han er 67 år. I praksis er dette likt dagens avtalefesta pensjon i offentleg sektor, som regjeringa no vil endre, meiner Stugu.

Etter at han er 67 år, er han i praksis lagt inn under levealdersjusteringa. Han får innskot som skal dekke pensjon og vil «bruke opp» pengane om han lever lenge. Om han skal ha pensjon livet ut, må han kjøpe ein polise som dekkar utbetalingane. Den tek omsyn til antatt levealder.

Yaras visepresident for bedriftskommunikasjon, Esben Tuman, meiner framstillinga er riktig: Pengane Holsether får dersom han går av med pensjon etter at han er 65 år, er ein kompensasjon – ikkje ein tidlegpensjon. Sluttar han i jobben før han er 65 år, får han ikkje denne kompensasjonen.

• Følg oss på Facebook og Twitter

– Betaler marknadspris

Vi spurde også dei tre selskapa om kva toppleiarane sjølv tenker om at dei har så mykje høgare løn og forventa pensjon enn gjennomsnittet i Norge. I tillegg spurde vi om kva påverknad det ville hatt på innsatsen deira for selskapet om godtgjeringane deira hadde vore lågare.

Yara svarer at dette er eit samansett tema, som delvis ikkje er opp til selskapets administrasjon å svare på, og delvis er «hypotetiske spørsmål».

«Yara betaler markedspris for å få den kompetansen og lederprofilen som er nødvendig for å sikre god utvikling og drift av selskapet,» skriv Tuman i ein e-post til FriFagbevegelse.

Statoils informasjonsdirektør, Bård Glad Pedersen, viser til at «Statoils system for lederlønninger er i samsvar med statens retningslinjer».

Telenor svarte ikkje på desse spørsmåla.

– Argument for å løfte dei i botnen

– Kva tenker du om at desse toppleiarane har så gode pensjonsordningar, Stein Stugu?

– Pensjonsordningane er ekstremt gode – for gode. Men dei er også eit veldig godt argument for at ein skal ha skikkelege pensjonsordningar for alle, uavhengig av sosial klasse og bakgrunn. Det er uakseptabelt at ein ikkje slåst for sine tilsette når ein har forhandla fram desse avtalene sjølv, seier Stugu og held fram:

– Det er eit argument for å løfte dei i botnen og rydde opp i at mange ikkje får AFP i privat sektor og vidareføre AFP som tidlegpensjonsordning i offentleg sektor.

Ove (72) har tapt tusenvis i pensjon på å jobbe etter at han ble 67. Nå har han ikke råd til å slutte

Renholder Inger Synnøve ble fratatt pensjon på 1,3 millioner kroner

Les flere saker om fagbevegelsen, arbeidsliv og politikk på vår forside

Stein Stugu, rådgivar i De Facto.

Stein Stugu, rådgivar i De Facto.

Jan-Erik Østlie (arkivfoto)

Annonse
Annonse