El-sparkesyklar ligg slengd i hovudstaden. Ramin og kollegaene må rydde opp
Det er eigentleg ikkje jobben deira, men likevel er det trafikkbetjentane som må rydde opp i sparkesykkel-kaoset.
Tormod Ytrehus
tormod@lomedia.no
Trafikkbetjentane i Oslo kommune kjenner hovudstaden sine gater betre enn dei fleste. Døgnet rundt patruljerer dei gatene for å sikre fri ferdsel.
I vår fekk trafikkbildet eit nytt tilskot: Plutseleg var gatene fulle av el-sparkesyklar ein kan leige gjennom mobil-appar og sette frå seg når ein har nådd destinasjonen sin.
p
Talet selskap som tilbyr utleige er oppe i fem, og sparkesyklane susar forbi uansett kor du går. Det skal vere mellom 3000 og 4000 sparkesyklar i gatene.
Det har skapt engasjement. Nokre har lagt dei for hat, medan andre bruker dei flittig.
Saka held fram under bildet.
FriFagbevegelse fann fem selskap som leiger ut sparkesyklar i Oslo. Konseptet er enkelt: Du finn nærmaste sparkesykkel i ein mobil-app og køyrer dit du skal. Sparkesykkelen kan du parkere der du vil.
Skjermdump
– Eg er veldig positiv til desse sparkesyklane. Det er veldig mange brukarar, både eldre og yngre folk, seier Ramin Mirlashari.
Han er trafikkbetjent i Oslo kommune, samt ungdomstillitsvalt i Fagforbundet, og møter FriFagbevegelse fredag kveld. Uteserveringane i byen er fulle av folk som har søkt seg ut i sommarvarmen. Og utanfor står det sparkesyklar.
Parkeringskaos
El-sparkesyklane har hausta kritikk, både frå innbyggarar, politikarar og etatar i Oslo, for at ein kan parkere dei der ein vil. Dermed er det mange som set frå seg sykkelen midt i gata.
– Jobbmessig var det problematisk med ein gong dei kom, for då slengde jo folk sparkesyklane overalt utan å tenke på svaksynte og mjuke trafikkantar. Det eg gjorde, var å flytte dei inntil nærmaste husvegg sånn at folk kunne komme seg forbi. Men etter kvart har det heldigvis blitt mykje betre. Folk har blitt flinkare til å sette dei frå seg, fortel Mirlashari.
Men er det jobben til trafikkbetjentane å flytte på sparkesyklar? Det er jo hovudsakleg registrerte køyretøy dei skal halde kontroll på.
– Det er eigentleg ikkje ein del av arbeidsinstruksen, men blir ein del av oppgåvene våre likevel, seier Stine Mari Døhl Aksnes, trafikkbetjent og seksjonsleiar i Fagforbundet teknisk fagforeining Oslo.
Saka held fram under bildet.
Mange set frå seg sparkesyklane midt på fortauet, sånn som dette i Oslo sentrum ein fredagskveld.
Tormod Ytrehus
– Vi skal sikre fri ferdsel sånn at alle kjem fram, også blinde og svaksynte. Når det ligg ein sparkesykkel midt i vegen eller ein klynge på fortauet, er det vanskeleg å komme rundt. Eg har også sett at dei står i vegkryss, seier ho.
– Eg ser og høyrer irritasjon frå publikum. Eg er såpass heldig at eg er frisk nok til å gå rundt sparkesyklane, men bestemora mi er ikkje like sprek, seier Aksnes.
p
Ein høyrer også om skadestatistikkar som berre har auka, i Oslo frå éin skade per døgn i april til nesten fire skadar i døgnet i juni ifølge Oslo universitetssjukehus. Frå andre storbyar høyrer vi om dødsulukker.
– Vi jobbar jo for ein trafikksikker by, og om eg ser nokon ha stor hastigheit, ser eg alltid rundt meg om det er nokon som kan bli innvolvert i ei eventuell ulukke. Vi tenker jo på om menneska rundt oss er i sikkerheit, seier trafikkbetjent Mirlashari.
Han blir spesielt bekymra når han ser uforsvarleg køyring og to stykk på sykkelen i høg hastigheit. Då kan ein fort skade seg sjølv og andre.
Regulert som sykkel
I byrjinga fekk han spørsmål frå publikum om kva han og kollegaane gjorde for å halde orden på sparkesyklane. Då måtte han svare at han flytter dei inntil husveggane, noko alle andre også kan gjere.
I fjor endra nemleg regjeringa reglane for el-sparkesyklar som no er regulert som ein vanleg sykkel. Det er dermed lite anna kommunen kan gjere for å hindre at sparkesyklane blir parkert midt i vegen.
Saka held fram under bildet.
Trafikkbetjent Ramin Mirlashari flyttar sparkesyklar bort frå fortauet for å sikre fri ferdsel i Oslo sine gater.
Tormod Ytrehus
Både i Oslo og Trondheim har politikarane klødd seg i hovudet når dei har prøvd å finne løysingar som kan gjenvinne kontrollen over gater og fortau. Trafikkbetjentane kan berre oppmode om at syklane skal flyttast, men ikkje ilegge bøter.
I Danmark er derimot politikarane i ferd med å ta kontrollen. Snart skal det bli eit tak på talet sparkesyklar i byen og ein skal berre kunne parkere dei i bestemte soner. Det same skjer i fleire storbyar verda rundt, og i nokre er sparkesyklane forbodne.
Oslo kommune har varsla at dei ønsker nye reglar som regulerer sparkesykkel-bransjen. Det skal blant anna vere aktuelt å ta betalt for sparkesyklane dei samlar inn. Sparkesykkel-selskapa skal vere opne for å samarbeide om strengare reglar.
p
– Burde Oslo ha gjort som København om det var mogleg?
– Personleg tenker eg at folk bør ferdast akkurat sånn som dei vil, men dei bør ta ansvar og sette frå seg syklane sånn at dei ikkje kjem i vegen for andre. Eg synest sparkesyklane er eit flott tiltak, og det er jo veldig populært. Det viktigaste er at ein tar omsyn til andre, seier trafikkbetjent Mirlashari.