JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Diettskatt:

Frå no av må du skatte av pengane du får til mat på alle typar jobbreiser

1. januar trådde regjeringas nye diettskatt i kraft. Her er det arbeidsfolk må ut med.
Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto.

Colourbox.com

tormod@lomedia.no

Nytt av året er at du også må skatte av pengane du får til mat på reiser på dagtid. Skatteetaten har såkalla trekkfrie satsar. Det betyr at du må skatte av alle pengane du får over desse beløpa. Dette er dei nye trekkfrie satsane for:

• reiser på 6 til 12 timer: 200 kroner

• reiser over 12 timer: 400 kroner

Og dette er dei skattefrie satsane om du bur på:

• pensjonat, hybel eller brakke der du ikkje kan lage mat: 161 kroner

• hybel eller brakke der du kan lage mat eller overnattar privat: 89 kroner

• hotell: 578 kroner

(Om ein får påspandert måltid, må ein trekke frå: 20 prosent for frokost, 30 prosent for lønsj og 50 prosent for middag.)

I tillegg har langtransportsjåførar ein eigen skattefri sats på 300 kroner.

Nytt av året er også at desse satsane gjeld både for reiser innanlands og utanlands.

Bjørnar og Aleksander tapar 29.000 kroner årleg på regjeringas nye diettskatt

Dette må du skatte

Om du får beløp tilsvarande statens satsar for kostgodtgjering og har det vanlegaste tabelltrekket på 31 prosent, må du dermed ut med dette i skatt for:

• reiser på 6 til 12 timer: 33 kroner

• reiser over 12 timer: 53 kroner

Og dette må du skatte om du reiser over 12 timer og bur på:

• pensjonat, hybel eller brakke der du ikkje kan lage mat: 192 kroner

• hybel eller brakke der du kan lage mat eller overnattar privat: 214 kroner (pendlarar må skatte av alt)

• hotell: 63 kroner

Får du bonuspoeng på reise i jobben og bruker dei privat? Då bør du få med deg denne endringa

Dette er statens satsar

Staten har eigne satsar for kva beløp tilsette får til å kjøpe seg mat på jobbreiser, som blir forhandla fram med dei tilsette sine hovudorganisasjonar. Det er likevel stor sjans for at dette er dei same beløpa som du får, sjølv om du ikkje jobbar i staten, sidan mange bedrifter i privat sektor bruker desse satsane.

Om du reiser innanlands, over 15 kilometer og reisa varer meir enn 6 timer, får du desse beløpa utan å levere kvittering:

• reiser på mellom 6 og 12 timer: 307 kroner

• reiser over 12 timer uten overnatting: 570 kroner

• reiser over 12 timer med overnatting: 780 kroner

(Om ein får påspandert måltid, må ein trekke frå: 20 prosent for frokost, 30 prosent for lønsj og 50 prosent for middag.)

For reise utanlands har staten ulike satsar for kostgodtgjering for ulike land. Dei varierer frå 360 kroner dagen i Albania til 1.600 dagen i Venezuela.

Arbeidsfolk taper 280 millionar kroner på kutt i køyregodtgjeringa

• Følg oss på Facebook

• Meld deg på nyhetsbrevet vårt

Annonse
Annonse