Hydro Høyanger:
Hydro-direktør slår alarm om pandemi og forverra rammevilkår
– Utviklinga er svært bekymringsfull for Hydro Høyanger, seier den lokale verksdirektøren, Arne-Martin Kjærland.
PANDEMIEFFEKT: Eksporten av aluminium blir redusert som følgje av at bilindustrien er hardt ramma av koronapandemien.
Norsk Hydro
tore@lomedia.no
Hydro Høyanger gjekk med eit overskot på 46 millionar kroner i første halvår, mot eit underskot på 11 millionar i same periode i fjor. Trass i det gode resultatet er verksdirektøren i Høyanger, Arne-Martin Kjærland, bekymra for framtida til hjørnesteinsverksemda med 157 årsverk ved Sognefjorden. Han åtvarar mot nye inngrep i rammevilkåra for den kraftkrevjande industrien, skriv avisa Firda.
– Kombinasjonen av pandemi og negative rammevilkår som auka nettleige og mogleg bortfall av CO2-kompensasjonen gjer at konkurransekrafta vår vert svekt og nye investeringar vert lagt på is, uttaler Kjærland i ei pressemelding frå Hydro.
• Les også: Norsk Hydro dropper utbytte
Auka nettleige
Framlegget frå Statnett om ein auke i nettleiga for kraftkrevjande industri vil, dersom det vert vedteke i haust, bety ei ekstrarekning for Hydros aluminiumsverk i Norge på over 250 millionar kroner frå 2022. For verket i Høyanger vil dette utgjere kring 20 millionar kroner årleg, ifølgje Kjærland.
Samstundes er EU i ferd med å vedta eit nytt rammeverk for C02-kompensasjon for 2021–2030, som ifølge Firda kan gje dei norske verka auka årlege kostnader i milliardklassen dersom Norge vert definert som ein eigen kraftregion.
• Les også: Hydro utsetter åpningen på Husnes: – Det er svært tøffe tider
Koronaeffekt
Det tredje momentet som gjer den lokale Hydro-sjefen uroa er koronapandemien, som slår sterkt ut for verka i Høyanger og Årdal. Kring 30 prosent av valseblokkene frå verka i Sogn går til bilindustrien, og denne sektoren er som kjent sterkt prega av pandemien.
Hydro er den soleklare hjørnesteinsverksemda i Høyanger. I tillegg til dei 157 årsverka på verket, er det mange mindre verksemder som leverer varer og tenester til Hydro. Etter at felgfabrikken Fundo er lagt ned, er Hydro ekstra viktig for heile Høyanger-samfunnet.
Verksdirektøren stadfester overfor Firda at han kjenner på ansvaret.
– Eg kjenner på ansvaret og involverer meg i det eg kan i kommunen, seier Kjærland, som avviser at verket i Høyanger er nedlegginstruga.
– Men det er avhengig av at vi lykkast og leverer, seier Kjærland med tydeleg adresse til politikarar på alle nivå.
• Les også: Hydro-ansatte unngår hverandre på jobb i fare for koronasmitte
Bekymra ordførar
Høyanger-ordførar Petter Sortland deler bekymringa til verksdirektøren.
– Når Hydro hostar, så harkar Høyanger. Aluminiumsverket er utruleg viktig for oss. Som ansvarlege politikarar må vi berre gjere alt vi kan for at Hydro skal få gode konkurransevilkår og satse vidare på verket her, seier ordførar Petter Sortland i Høyanger til Firda.
Norsk Hydro
Hydro er eit aluminiumselskap med ca. 36.000 tilsette i 40 land.
Selskapet blei grunnlagt i 1905, og har heile tida hatt hovudkontor i Norge.
Forretningsområde: Aluminumsproduksjon og -gjenvinning, bauksittutvinning og energiproduksjon.
Adm.dir. og konsernsjef: Hilde Merete Aasheim
Omsetning, 2019: 149,7 milliardar kroner
Flere saker
Norsk Hydro
Hydro er eit aluminiumselskap med ca. 36.000 tilsette i 40 land.
Selskapet blei grunnlagt i 1905, og har heile tida hatt hovudkontor i Norge.
Forretningsområde: Aluminumsproduksjon og -gjenvinning, bauksittutvinning og energiproduksjon.
Adm.dir. og konsernsjef: Hilde Merete Aasheim
Omsetning, 2019: 149,7 milliardar kroner