JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kinesiske skoleelevar lager Amazon-elektronikk under ulovlige arbeidsforhold

Dei får 13 kroner timen, blir pålagt ulovleg overtid og nattskift. Sånn er situasjonen for ungdommane som jobbar hos Amazon sin kinesiske leverandør.
LAGD I KINA: Lesebrettet Kindle er ein av varane som blir produsert av Foxconn for Amazon.

LAGD I KINA: Lesebrettet Kindle er ein av varane som blir produsert av Foxconn for Amazon.

Reuters / Bobby Yip

tormod@lomedia.no

Det viser ein rapport frå organisasjon China Labor Watch publisert førre veke, bygd på interne dokument og intervju av fabrikkarbeidarane.

Amazon-leverandøren Foxconn produserer blant anna smarthøgtalaren Echo, Echo Dot og lesebrettet Kindle for nettgiganten som er eigd av verdas rikaste mann. Fabrikkane lagar i tillegg blant anna Iphone-mobiltelefonar for Apple.

p

Overtid og nattskift

Fabrikken bruker skoleelevar frå kinesiske fagskolar som praktikantar, i tusental. Grunnen skal vere mangel på nok fast tilsette til å oppfylle krava til produksjon.

Praktikantane er mellom 16 og 18 år, skriv den britiske avisa the Guardian, som har sett dei interne dokumenta. Dette er fullt lovleg, men det er derimot ulovleg at dei jobbar overtid eller natt.

Likevel har skoleelevane jobba 10 timar dagen, seks dagar i veka, ifølge rapporten frå China Labor Watch. Det er to timar overtid kvar dag. I tillegg skal dei ha blitt pålagt å jobbe nattskift.

Foxconn har rekruttert i underkant av 1600 praktikantar så langt i år, ifølge rapporten. Det er over 20 prosent av heile arbeidsstyrken og ulovleg mange. Praktikante er billeg arbeidskraft for selskapet, med ei lønn på omtrent 13 norske kroner i timen. I tillegg skal dei ha vore lett å kontrollere.

Dersom praktikanten nekta å jobbe overtid eller nattskift, skal selskapet ha fått lærarar ved fagskolane til å legge press på eller seie opp elevane. Desse lærarane opererer som betalte skiftleiarar. Også skolane får betalt per praktikantar dei leverer.

I rapporten blir det også avdekka at fabrikken har leigd inn over 2500 tilsette i bemanningsbyrå så langt i år. Det er 35 prosent av arbeidsstyrken og utanfor loven sine grenser. Lønna deira er omtrent 18 norske kroner i timen, og talet overtidstimer skal ha variert mellom 60 og 140 timar i månaden i periodar med høg produksjon.

Lovar betring

– Trass i at det er ulovleg, held Foxconn fram med å rekruttere eit høgt tal innleigde og praktikantar for å kutte arbeidskraftkostnader. Kina sine arbeidslovar er ikkje strengt nok handheva, seier sjefen i China Labor Watch, Li Qiang.

Foxconn svarer i ei fråsegn at slike lovbrot har skjedd tidlegare, at det ikkje er akseptabelt og at dei har iverksett tiltak for å hindre praksisen, skriv the Guardian.

Selskapet forsvarer samtidig praktikantordninga og seier at skoleelevane får arbeidstrening og opplæring som kjem godt med når dei skal finne jobb etter skolegangen. Dei lover samtidig å auke delen fast tilsette og sjå på lønna.

p

Amazon seier dei ikkje tolererer brot på reglane sine for leverandørar, allereie granskar påstandane og vil iverksette tiltak.

Organisasjonen China Labor Watch avslørte også i fjor at Amazon-leverandøren Foxconn leigde inn ulovleg mange arbeidstakarar og påla dei å jobbe ulovleg mykje overtid.

Den gongen lova Amazon også betring. Årets rapport viser at forholda har blitt verre.

Annonse
Annonse