JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Tariffavtaler om overtid:

Kva skal eg ha i overtidsbetaling? Slik er avtalene

Sjekk kva som er normale overtidstillegg i norsk arbeidsliv.

Erlend Angelo

tormod@lomedia.no

Det er fleire fordelar med å ha tariffavtale. Ifølge arbeidsmiljølova skal tilsette som jobbar overtid få eit tillegg på minst 40 prosent. Har du ei tariffavtale, er overtidsbetalinga aldri lågare enn 50 prosent.

FriFagbevegelse har gått gjennom overtidstillegga i dei åtte største tariffavtalene i Norge. Desse omfattar til saman nærmare 680.000 fagorganiserte. Dette er dei vanlege tillegga:

• 50 prosent for overtid mellom klokka 06.00 og 21.00.
• 100 prosent for overtid mellom klokka 21.00 og 06.00.
• 100 prosent for overtid på fridagar og rauddagar.

Det er likevel forskjeller på ulike avtaler i ulike bransjar. Vi har undersøkt reglane for overtidsbetaling for statstilsette, kommunetilsette og for seks av dei største overenskomstane i privat sektor.

p

Overtid på arbeidsdagar

Jobbar du overtid dagtid på ein kvardag, får du eit tillegg på 50 prosent. Frå klokka 21.00 får dei fleste eit overtidstillegg på 100 prosent. Statstilsette får dette tillegget allereie frå klokka 20.00, medan tilsette i kommunar og privat sektor altså må vente ein time lenger.

Dei fleste får eit overtidstillegg på 100 prosent fram til klokka 06.00 på morgonen.

Kommunetilsette kan derimot få tillegget heilt fram til ordinær arbeidstid så lenge overtidsarbeidet starta før klokka 06.00.

Ingeniørane og teknologane som er omfatta av overenskomsten mellom Nito og NHO, kan på liknande vis få tillegget fram til klokka 08.00 så lenge overtidsarbeidet starta før klokka 06.00.

Også butikkarbeidarane som er omfatta av landsoverenskomsten mellom Virke og Handel og Kontor i Norge får dette tillegget heilt fram til klokka 08.00.

Bygningsarbeidarane omfatta av fellesoverenskomsten for byggfag mellom Fellesforbundet og NHO, må ha starta overtidsarbeidet så tidleg som før klokka 04.00 for å få eit tillegg på 100 prosent.

Overtid på fridagar

Jobbar du overtid på avtalte fridagar, som jo oftast er laurdagar, er overtidstillegget som regel 100 prosent.

Enkelte skal derimot ha eit tillegg på berre 50 prosent fram til klokka 12.00 på laurdagar. Dette gjeld for industriarbeidarane som er omfatta av industrioverenskomsten mellom Fellesforbundet og NHO, overenskomsten mellom Nito og NHO og fellesoverenskomsten for byggfag.

Dersom denne fridagen er ein kvardag, er tillegget på desse overenskomstane også 50 prosent. For industrioverenskomsten og fellesoverenskomsten for byggfag gjeld dette fram til klokka 16.00. Etterpå er tillegget heile 100 prosent.

Er du butikkarbeidar og omfatta av landsoverenskomsten mellom Virke og HK, skal du ha eit tillegg på 100 prosent dersom du jobbar etter klokka 13.00 på ein fridag før ein søndag eller rauddag.

p

Overtid på rauddagar

Det vanlege er 100 prosent overtidstillegg 1. mai, 17. mai, søndag og andre heilagdagar. Dei fleste får dette tillegget også dagar før rauddagar.

Er du kommunetilsett, du også eit overtidstillegg på heile 133,33 prosent dersom du jobbar påskeaften, etter klokka 12.00 pinse-, jul-, nyttårsaften eller onsdag før skjærtorsdag.

Statstilsette får eit tillegg på 100 prosent etter klokka 12.00 onsdag før skjærtorsdag, jul- og nyttårsaften.

Om du er omfatta av landsoverenskomsten mellom Virke og HK, får du 100 prosent overtidstillegg etter klokka 13.15 på jul-, nyttårs- eller pinseaften.

Overtid for deltidstilsette

Er du deltidstilsett, er det vanleg at du får overtidsbetalt dersom du har jobba meir enn ei tilsvarande heiltidsstilling anten per dag eller per veke.

Enkelte avtaler slår fast kor mange timar dette utgjer. For landsoverenskomsten mellom Virke og HK, er dette heile ni timar i løpet av ein dag, men berre 37,5 timar i løpet av ei veke.

Deltidstilsette i finansnæringa omfatta av sentralavtala mellom Finansforbundet og Finans Norge, får derimot berre overtidsbetalt om ein jobbar utanfor normal arbeidstid (frå klokka 08.00 til 16.00).

Overtid for skift- og turnusarbeidarar

For kommunetilsette, er det spesielle overtidstillegg for skift- og turnusarbeidarar. Jobbar du overtid dei to første timane før skiftet eller dei fire første timane etter skiftet, skal du ha eit tillegg på 50 prosent. Om du jobbar meir enn fire timar til saman før og etter skiftet, skal tillegget vere 100 prosent.

Er du omfatta av fellesoverenskomsten for byggfag, skal du ha eit 50 prosent tillegg før eller etter skift på laurdagar. Det same tillegget gjeld på dagar før rauddagar etter vanleg arbeidstid, i tillegg til arbeid på søndagar og rauddagar.

p

Kor mange kroner?

Grunnlaget for berekning av overtidstillegget, er i dei fleste overenskomstane lønna di omrekna til timelønn.

Enkelte definerer korleis dette skal reknast ut. For kommunetilsette, er eit arbeidsår oppgitt som 1850 timar. I sentralavtala til Finansforbundet, er ein arbeidsmånad oppgitt som 155 timar.

Om du er omfatta av industrioverenskomsten, skal tillegget reknast ut frå lønna di i siste kvartal med skift- og overtidstillegg trekt frå.

Andre fastslår kva grunnlag som gjeld. I fellesoverenskomsten for byggfag, er grunnlaget 260,38 kroner. I landsoverenskomsten for elektrofaga mellom EL og IT Forbundet og NHO, er det 325,30 kroner om du er fagarbeidar og 293,98 om du ikkje har fagbrev.

Fleire av overenskomstane viser til at du kan avtale med arbeidsgivar at overtidstimane kan avspaserast. Då får du berre utbetalt overtidstillegget.

PS. Visste du at du skal ha betalt for to timar overtid dersom du måtte møte opp på jobben på nytt, sjølv om arbeidet varer kortare ? Eller at arbeidsgivar skal skaffe mat til deg eller gi deg 86,50 kroner i matpenger dersom du jobbar lengre enn to og fem timar? Dette er nokre av dei andre rettane du finn i tariffavtalene.

Warning
Annonse
Annonse