JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Norske industriarbeidarar vann fram med boikott – tilsette på tyrkiskeigd skip får tariffavtale

Sjøfolk på eit tyrkiskeigd skip får høgare løn og betre arbeidsvilkår etter industriarbeidarane sin boikott i Sogn og Fjordane.
Hydro i Høyanger.

Hydro i Høyanger.

Norsk Hydro ASA (pressefoto)

tormod@lomedia.no

Etter nesten to veker med boikott av det Panama-registrerte skipet Zeynep, gav dei tyrkiske eigarane etter 19. juli og gjekk med på å etterbetale løn og teikne tariffavtale med dei tilsette på skipet.

Skipet skulle levere råvarar til aluminiumsproduksjon ved Hydro-verka i Høyanger og Årdal. I samarbeid med Industri Energi, iverksette Den Internasjonale Transportarbeidarføderasjonen (ITF) boikotten laurdag 8. juli.

Boikottaksjonen er ein del av ITF si internasjonale kampanje mot sosial dumping. Dei har inspektørar som kontrollerer arbeidsforhold verda over, deriblant tre inspektørar og ein koordinator i Norge.

Leiarar i olje- og gass tener mest. Her er dei 25 best betalte yrka

Mangla ei rekke rettar

Skipet låg i Høyanger 7. juli då ITF sende varsel om boikott om eigarane ikkje ordna opp i arbeidsforholda om bord.

Då det ikkje kom svar innan fristen den påfølgande dagen, vart lossinga avbroten og skipet flytta til Lærdalsfjorden.

– Dei får ikkje losse av her inne, då vi vil vise solidaritet med dei tilsette om bord på båten, sa Rune Guttormsen, leiar i Årdalstangen kjemiske arbeidarlag til Sogn avis.

Matrosane skal ha fått omtrent 5000 kroner mindre i månadsløn enn ITF sitt minstekrav. Meir alvorleg, meiner ITF, var det at dei også mangla ei rekke rettar ein får gjennom ei tariffavtale, knytt til sikkerheit, forsikringar og stillingsvern.

– Utan tariffavtale er ikkje dei tilsette beskytta i det heile. Ein kan seie opp folk og hive dei på land utan vidare, seier ITF-inspektør Tore Steine, tilsett i Sjømannsforbundet, til FriFagbevegelse.no.

• Følg oss på Facebook og Twitter

Stolt av tillitsvalde

Steine skryter av samarbeidet med dei tillitsvalde og fagorganiserte i Høyanger og Årdal. Han svarer kontant nei på spørsmålet om det var vanskeleg å få dei med på boikott i solidaritet med utanlandske arbeidstakarar.

– Dei var veldig samarbeidsvillige. Utan støtte derifrå kjem vi ingen veg. Eg er stolt over at det finst sånne tillitsvalde, seier han.

Steine fortel at dei sjeldan treng å iverksette boikott mot skip i Norge. Han meiner det er på grunn av den norske boikottlova.

– Dei fleste har forstått at det er slutt på galskapen når dei kjem til Norge og signerer tariffavtale før dei kjem hit, seier han.

No skal dei tilsette om bord på skipet få tariffavtale, i tillegg til å få etterbetalt løn frå dagen boikotten vart iverksette.

Les flere saker om fagbevegelsen, arbeidsliv og politikk på vår forside

Warning
Annonse
Annonse