JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Flybransjen

Ryanair vil inngå kollektive avtaler

Ryanair søker no forhandlingskompetanse, etter at dei i fjor anerkjente europeiske fagforeiningar som tariffmotpart.

Adrian Pingstone via Wikimedia Commons

tormod@lomedia.no

Ryanair er no på jakt etter forhandlingsleiarar som skal forhandle fram kollektive avtaler med fagforeiningar i 20 land.

Det skjer etter at selskapet – som er kjent for å vere fiendtleg innstilt til fagforeiningar og fagorganiserte – i fjor kungjorde at dei anerkjenner fagforeiningar som motpart:

«Å anerkjenne fagforeninger vil være en betydelig endring for Ryanair. Men vi har levert radikale endringer før,» sa Ryanairs toppsjef Michael O'Leary då det brygga opp til flygarstreik i desember i fjor.

No tek selskapet fatt på arbeidet. Dei nye forhandlingsleiarane skal forhandle fram kollektive avtaler med fagforeiningar i 20 land. Avtalene skal samtidig oppretthalde selskapets «industrileiande produktivitet og lågprismodell», heiter det i utlysinga.

Pilotene rømmer fra Ryanair - går til fast jobb og høyere lønn i andre selskaper

– Positivt for pilotyrket i Europa

Leiar for Norsk Flygerforbund, Yngve Carlsen, er glad for at Ryanair har anerkjent flygarforbunda som tariffmotpart.

– Det foregår forhandlingar i ei rekke land i Europa no. Dette har kunne istandsettast gjennom samhald og pilotanes vilje til å tørre å stikke ut nakken. Men også gjennom selskapets vilje til å anerkjenne flygarforbunda som tariffmotpartar. Det er posititivt for pilotyrket i Europa, at det blir meir ordna forhold i det største europeiske lågprisselskapet, og eit av dei største europeiske flyselskapa, seier Carlsen.

Han fortel at Norsk Flygerforbund og flygarane sine europeiske tillitsvalte er glade for praksisendringa Ryanair har gjort i korleis dei forheld seg til sine tilsette.

Selskapet har ikkje lenger base i Norge etter at Rygge blei lagt ned. Men det er initiert forhandlingar i Sverige, og det foregår forhandlingar i Spania og Italia.

Lars Magnus måtte betale 3.000 kroner for å få komme på jobbintervju

Alvorleg krise

Grunnen til kuvendinga er ei alvorleg krise frå fjoråret, skriv danske Fagbladet 3F. Selskapet måtte avlyse ei rekke avgangar, fordi pilotane hadde ferie til gode. Det førte til både sinte passasjerar og at selskapets pilotar begynte å organisere seg.

Ryanair tapte også ei sak i EU-domstolen, som tvang selskapet til å behandle tilsette etter heimlandets, og ikkje irsk, lovgiving.

Endringa i praksis skjer samtidig som at andre selskap stikk av med dei mest attraktive rutene, det går betre for nettverksselskapa og andre selskap har begynt å tilsette fleire pilotar.

Så lite tjener en ansatt i Ryanair

Kabinansatte får pensjon fra første krone

Les flere saker om fagbevegelsen, arbeidsliv og politikk på vår forside

Warning
Annonse
Annonse