Illustrasjonsfoto.
Martin Guttormsen Slørdal
Lønsforskjellane aukar: Null lønsvekst for dei dårlegast løna dei siste ti åra
Dei ti prosent høgast løna har hatt ein auke i realløn på 15 prosent dei siste ti åra, medan løna til dei ti prosentane på botn har stått stille. – Det bekymrar oss at vi ikkje når dei i gruppene der tillitsvalte og tariffavtaler ikkje er på plass, seier LO-nestleiaren.
tormod@lomedia.no
Til våren er det lønsoppgjer. Det er eit såkalla mellomoppgjer, der arbeidstakarane og arbeidsgivarane forhandlar om løn. Onsdag vedtok LO sine krav til lønsforhandlingane. Eit av krava er å løfte dei med låg løn.
Tal frå Teknisk berekningsutval og Statistisk sentralbyrå viser at løna til dei ti prosentane med lågast løn, har stått stille dei siste ti åra.
– Dette skaper auka forskjellar. Det gir igjen grobotn for alvorlege sosiale problem auka konfliktnivå. Til sjuande og sist kan det true heile samfunnsmodellen vår, som bygger på tillit og små forskjellar, seier første nestleiar Peggy Hessen Følsvik i LO til FriFagbevegelse.
• Her er LOs krav i lønnsoppgjøret
0 prosent meir i lønn
Omtrent 285.000 kroner var gjennomsnittleg årsløn til dei ti prosentane med lågast løn i fjor, medan dei ti prosentane med høgast løn drog inn i overkant av 1.100.000 kroner i snitt.
I 2008 var tala omtrent 231.000 kroner og 796.000 kroner, for dei ti prosentane på høvesvis botnen og toppen. I 2018 hadde dei dermed hatt ein lønsvekst på høvesvis 23 og 38 prosent.
I perioden fram til 2018 har prisane på varer og tenester auka med 23 prosent, ifølge konsumprisindeksen. Trekker ein frå prisveksten frå lønsauken, har veksten i realløn vore 0 prosent for dei lågast løna. For dei høgast løna har den derimot vore 15 prosent.
Saka held fram under grafen.
Eit anna mål for fordeling av løn, er den såkalla Gini-koeffisienten. Om den er 0, er all løn fordelt heilt likt på alle lønsmottakarar. Om den er 1, går all løn til éin person.
Denne har vakse 9 prosent dei siste ti åra. Trenden over tid er også at forskjellane aukar meir enn gjennomsnittet for OECD-landa, land med økonomiar vi kan samanlikne oss med.
• Dette er snittlønna i over 300 yrker
LO: Må få med folk i fagforeininga
– Det bekymrar oss at vi ikkje når dei i gruppene der tillitsvalte og tariffavtaler er på plass, seier LO-nestleiar Peggy Hessen Følsvik.
Sjølv om dei dårlegast løna i offentleg sektor også får stadig mindre å rutte med, er lønsforskjellane klart størst i privat sektor.
– Dette er privat sektor og det er tunge jobbar det er snakk om. Det er dei same jobbane der vi finn dei dårlegaste pensjonsordningane, slår Følsvik fast.
– Dei er karakterisert av få tariffavtaler og dårleg dekning når det gjeld tillitsvalte og fagorganiserte. Sannsynlegvis er den viktigaste grunnen til dette sosial dumping, seier ho.
Saka held fram under bildet.
Peggy Hessen Følsvik, første nestleiar i LO.
Tri Nguyen Dinh
– Det er viktig for LO og forbunda å heile tida jobbe med organisering i desse områda og få på plass tariffavtaler. Det er tungt arbeid, men mange av forbunda jobbar godt med dette, seier ho og viser til LOs prosjekt for å verve medlemmer og etablere tariffavtaler i servicesektoren.
– Når dei fleste lågtløna jobbar i bedrifter utan tariffavtale og ikkje er organisert, korleis skal de løfte desse i lønsoppgjeret?
– Det er ei utfordring, sjølvsagt. Samtidig veit vi at tariffoppgjeret er normsettande i arbeidslivet. Sjølv om ein ikkje har tariffavtale, forheld ein seg ofte til satsane i tariffavtalene, svarer LO-nestleiaren.
• Nesten hele lønnsveksten forsvant i fjor
Allmenngjering
Fafo-forskar Bård Jordfald har jobba mykje med lågløn. Han trekker fram allmenngjering som løysinga for å løfte dei på botnen av norsk arbeidsliv. Dette vil løfte løna også til dei utan tariffavtale, som kanskje heller ikkje er fagorganisert.
Dette går ut på at delar av ein tariffavtale, som regulerer løns- og arbeidsvilkår forhandla fram mellom arbeidstakarar og -givarar, blir lovbestemt minstenivå for alle som jobbar i bransjen. Det er ei nemnd, med representantar for arbeidstakarane og arbeidsgivarane, som vedtek allmenngjeringa.
Nemnda har sist allmenngjort minsteløna i Fellesforbundets tariffavtale for dei som jobbar på hotell og restaurant, som gjeld frå 1. januar 2018. Dermed har alle i denne bransjen krav på ei bestemt minsteløn etter lova.
– Det blir spennande å sjå om det funkar på same måte som i byggebransjen og reinhald. Vi ser på lønsstatistikken at dei har blitt løfta godt i botn. Allmenngjering verker, det er det ingen tvil om, seier Jordfald til FriFagbevegelse.
• Fra 1. desember kan du kreve høyere lønn om du jobber i disse yrkene. Her er de nye minstelønningene
LO: Vanskeleg regelverk
Også Peggy Hessen Følsvik ser på allmenngjering som tiltaket som treffer best, og ventar spent på om lovbestemt minsteløn for dei som jobbar på hotell og restaurant får effekt på dei store tala.
– Samtidig finn ein nok mange som ikkje blir treft, på grunn av sosial dumping. Ein må også jobbe mot arbeidslivskriminalitet, slår ho fast.
– Vil LO krevje allmenngjering i fleire bransjar?
– Det vurderer forbunda til ein kvar tid. Dei ser på heilskapsbildet i kvar enkelt bransje. Regelverket har ikkje blitt enklare med tida – det skal ganske store mengder med dokumentasjon til. Vi kunne tenkt oss eit enklare regelverk, seier LO-nestleiaren.
Samtidig er såkalla gratispassasjerar baksida ved allmenngjering, fortel ho. Når minsteløna blir lovfesta, ser kanskje færre det som gunstig å vere medlem i ei fagforeining. Dermed blir det vanskelegare å organisere folk.
– Ein er nødt til å jobbe på fleire frontar, avsluttar ho.
• Dette tjener konsernsjefene i Norges 100 største selskaper
Mest lest
TRENGER FOLK: På den spanske ambassaden på Frogner i Oslo er det tre ledige stillinger, med en årslønn på rundt 250.000 kroner.
Kai Hovden
Reagerer på ambassadelønn: – Sjokkerende lavt
Brian Cliff Olguin
Butikkansatte får ny lønn
BITTERT: Per Olav Truberg har jobba mange år i matindustrien. Takken var oppsigelse da han havna i operasjonskø med et trøble kne.
Erlend Angelo
Per Olav mistet jobben i operasjonskø: – Det er veldig sårt
BELASTENDE YRKE: Frisør og tillitsvalgt Kaja Aga Gaarder tar smertestillende for å klare arbeidsdagen. Etter en bilulykke har hun daglige smerter. Men hun tok smertestillende på jobb også før ulykken. Her fikser hun håret til Victoria Gjone.
Jan-Erik Østlie
Bruken av smertestillende øker: Kaja starter alltid arbeidsdagen med en Paracet
Unni tar gjerne på seg ekstra vakter. Hun elsker å gjøre en forskjell.
Eirik Dahl Viggen
Unni (65) var lei av livet som pensjonist. Da gjorde hun et uvanlig valg
Roy Ervin Solstad
Han er blant dem som har kommet med fete lønnskrav
OPPGJØR: Årets lønnsoppgjør står for døren og elektrikerne starter sine forhandlinger 22. april. Her er en Bravida-montør i sving med akkordarbeid på Drammen sykehus tidligere i år.
Leif Martin Kirknes
Når får du ny lønn? Disse datoene må du merke deg
Håndverkere oppgir en høyere bruk av narkotika enn gjennomsnittet. Elektrobransjen frykter det kan føre til flere farlige situasjoner og ulykker på arbeidsplassene.
Leif Martin Kirknes
Økt kokainbruk blant unge elektrikere
Martine Lie satser på at et par måneder med permittering går greit.
Erlend Angelo
Potetmangel gir permitteringer i Bama
FLEST KVINNER: I rapporten kommer det fram at det ofte er unge kvinnelige ansatte, både med norsk og utenlandsk opprinnelse, som er skadelidende.
Colourbox.com
Renholdere trues med at de mister jobben om de er syke
Mats Ruland har allerede fire oppgjør på sitt bord, og skal i gang med mekling uka etter påske.
Leif Martin Kirknes
Lønnsoppgjøret: Brudd i tre nye oppgjør
Renovatørene Markus Michalsen Helmundsen (t.v.) og Svein Øyvind Syse Johansen er godt kledd i gule refleksjakker, arbeidsbukser og vernesko. De får dekket alt arbeidstøy av jobben. Det får ikke barnehageansatt Alexander Filiberto (i midten).
Jan-Erik Østlie
Alle tre jobber i kommunen, men bare to får dekket alt arbeidstøy
HENTER I BARNEHAGEN: Fengselsbetjent Jørgen Myrvold samler overtid for å ha et hjem til barna. Han er helt avhengig av et godt lønnsoppgjør for å fortsette i fengsel.
Eirik Dahl Viggen
Jørgen (29) overlever på overtidstimer
Heiko Junge / NTB
Vær obs på dette hvis du må jobbe i påska
NÆRMERE INDUSTRIEN: Arbeidsgivere og arbeidstakere har signert på at bussbransjen må nærme seg gjennomsnittlig industriarbeiderlønn, men NHO Transport vil likevel holde seg innenfor rammene til den konkurranseutsatte industriens lønnsoppgjør.
Rodrigo Freitas / NTB
Uansett hva industriarbeiderne får i lønnstillegg, krever bussjåførene mer
Høyres Henrik Asheim er glad for å ha fått pensjonsforliket gjennom - og håper endringen er på plass allerede neste år.
Jonas Fagereng Jacobsen
Høyre vil ha superrask behandling av nye pensjonsregler
MÅLRETTA: Butikkansatt Ali Rahimi forteller arbeidsminister Tonje Brenna hvor hardt han har jobba for å lære seg norsk og få et normalt liv etter flukten fra Afghanistan.
Brian Cliff Olguin
Ali kom fra Afghanistan som 17-åring. Han lærte seg norsk gjennom butikkjobben
BLITT BEDRE: Etter at de fikk tariffavtale, syns tillitsvalgt Benjamin Jacobsen at samarbeidet med ledelsen har blitt bedre.
Herman Bjørnson Hagen
Sjefen mente de ansatte sluntra unna. Da begynte ballen å rulle
Knut Viggen
Tidligere LO-leder blir korrupsjonsjeger
Debatt
Felles for mange som deltar i debatten, er at de ikke er unge lenger. De fikk barn i en litt annen verden, skriver Helle Cecilie Palmer.
Agenda Magasin