Elkjøp Distribusjon AS, Lørenskog:
Elkjøp-tilsette vann fram i retten – beheld jobben til det er bestemt om oppseiing er gyldig
Det kjem fram i ein orskurd (kjennelse) frå Eidsvating lagmannsrett fredag. I tillegg må Elkjøp betale dei tilsette 64.000 kroner i sakskostnadar.
Illustrasjonsfoto.
Elkjøp
tormod@lomedia.no
Dermed har anken frå tingretten ført fram. Nedre Romerrike tingrett støtta i ei orskurd 1. november Elkjøps krav om om at dei 15 tilsette må fråtre stillingane sine seinast 16. november og dekke selskapets kostnadar på 100.000 kroner.
Dei tilsette gjorde det umiddelbart klart at dei kom til å anke saka. No har dei vunne fram i lagmannsretten.
• Elkjøp-ansatte nekter å akseptere oppsigelse
Får stå i jobben
– Vi er utruleg glad for at lagmannsretten behandla spørsmålet og har fått fram ein orskurd vi er supernøgd med. Retten går langt i å ta stilling til om oppseiingane er gyldige, seier leiar Pål Aronsen i Oslo Transportarbeidarforeining til FriFagbevegelse.
45 tilsette i Elkjøp Distribusjon AS på Lørenskog vart i september oppsagt. To av tre valde å akseptere oppseiinga, medan 15 tilsette saksøkte Elkjøp for usakleg oppseiing. Dette er enno ikkje avgjort, men det er klart at dei får stå i jobben til avgjerda ligg føre. Det høsta stor jubel blant dei tilsette, som fekk meldinga fredag.
– Det var ein jubel som det er veldig, veldig lenge sidan eg har høyrt. No ser vi at det faktisk verkar å gå rettens veg, seier Aronsen, som også skryt av advokat Alexander Salvatore Cascio som har ført saka for dei tilsette.
• 45 ansatte mister jobben etter Elkjøp-streiken
Elkjøp vurderer anke
– Førebels tek vi orskurden til etterretning. Vi skal sette oss nærmare inn i den og gjere ei grundig vurdering av den over helga, men uansett vil vi innrette oss i samsvar med det som ligg føre, seier HR-sjef Stein Riibe i Elkjøp til FriFagbevegelse.
– Så må vi vurdere om vi vil anke. For oss var orskurden ei overrasking. Dette er jo ei verksemd som ikkje lenger er der. Køyreverksemda vi hadde i eigen regi er sett ut til Bring. Så vi har i prinsippet ikkje oppgåver til dei som skal stå i stilling, seier Riibe.
Undereinskapen på Lørenskog, som driv heimkøyring av varar til kundar, har vore den einaste der selskapet har stått for heimkøyring sjølv, til forskjell frå alle andre lager der underleverandørar gjer all transport.
Høgt konfliktnivå
Saka har sitt utgangspunkt i ein streik med høgt konfliktnivå i sommar, der dei rundt 40 tilsette sjåførane og lagerarbeidarane etter seks dagar klarte å presse selskapet til å inngå tariffavtale, den såkalla grossistoverenskomsten, med Norsk Transportarbeidarforbund.
Dette betydde eit lønshopp på 70 kroner timen, opp frå 150 kroner, for dei dårlegast betalte. Selskapet varsla med ein gong at dei ville vurdere å avslutte eiga drift av distribusjonslageret, sidan dei meinte tariffavtala dei tilsette kravde var for dyr.
• Elkjøp-streikende vant fram: – Dette hadde vi aldri klart alene
Nekta å fråtre stillingar
Ifølge arbeidsmiljølova har arbeidstakarar som hovudregel rett til å stå i stillinga si om det er tvist om oppseiinga er gyldig. Dette er for å sikre «kontiunitet i arbeidsforholdet» om oppseiinga til slutt blir kjent ugyldig og dei tilsette held fram i jobben.
Retten kan likevel bestemme at dei tilsette skal fråtre dersom dei meiner det er «urimeleg at arbeidsforholdet blir oppretthaldt under behandlinga av saka».
Dei tilsette har nekta å fråtre stillingane sine fram til retten har vurdert om oppseiingane er ulovlege. Svaret frå Elkjøp var å sende inn eit krav til tingretten om at dei tilsette måtte fråtre. Det fekk dei medhald i.
Tingretten meinte blant anna det var sannsynleg at dei tilsette ville tape saka om ulovleg oppseiing. Lagmannsretten meiner derimot det stikk motsette.
• Elkjøp-streiken: – Det eneste vi angrer på er at vi skulle gjort dette mye tidligere
Tvilsamt om oppseiinga er gyldig
Lagmannsretten la til grunn at det var behov for å omstille bedrifta, ut frå Elkjøps budsjettoversikter som viser at personalkostnadene har auka med den nye tariffavtala.
Retten meiner likevel at ei oppseiing ikkje er sakleg når arbeidsgivar kan tilby dei tilsette «anna passande arbeid», som Elkjøp meiner dei ikkje kunne tilby. Retten meiner denne påstanden frå selskapet er tvilsam og viser blant anna til at Elkjøp har bedd dei tilsette sjølv søke på utlyste stillingar i selskapet.
Lagmannsretten meiner dessutan at det er «atskillig tvil om hvorvidt oppsigelsene vil anses gyldige» i det heile. Dei meiner derfor det skal mykje til for at dei tilsette ikkje skal få stå i stillinga og at dei økonomiske konsekvensane for arbeidsgivar ikkje er god nok grunn. Lagmannsretten ser heller ikkje at det er fare for at dei tilsette er illojale om dei får stå i stillinga, slik tingretten gjorde.