JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

– Utan byråkrati, rasar samfunnet saman

Ada Arnstad i Senterungdommen prøvde seg som byråkrat for ein dag

Oppgåver: Hjelpe dei som held styr på 1,5 milliardar liter mjølk, 300.000 tonn kjøt og gjer livet til 40.000 gardbrukarar enklare.
SØKTE TILSKOT: Anders Hellestveit i Landbruksdirektoratet og NTL ser på medan Ada Arnstad i Senterungdommen brukar det nye elektroniske søknadssystemet for tilskot.

SØKTE TILSKOT: Anders Hellestveit i Landbruksdirektoratet og NTL ser på medan Ada Arnstad i Senterungdommen brukar det nye elektroniske søknadssystemet for tilskot.

Øystein Windstad

oystein.windstad@lomedia.no

Leiarane av ungdomspartia har blitt utfordra av NTL og NTL-Ung til å vere byråkrat for ein dag. Ada Arnstad i Senterungdommen blei med dei som sørger for at alt går som det skal med maten vår, frå jord til bord:

– Det er godt å møte dei som arbeider med matproduksjon som er eit kjempeviktig områder for Senterpartiet og Senterungdommen. Vi er veldig opptekne av at vi skal ha fortsatt norsk matproduksjon og aktivitet i heile landet der ein utnyttar norske areal. Det ser det ut som dei legg godt til rette for her, fortel Arnstad.

Privatiserte reinhaldarar sagt opp

Klisterhjerne

Og det er ganske mykje dei tilsette i Landbruksdirektoratet held styr på. Dei er med å administrere og legge til rette for produksjonen av norsk mat. Dei overser også importen og fortollinga av matvarer frå utlandet. Ein av dei som jobbar med toll og tollsatsar er Anders Hellestveit som er tillitsvalt i NTL. Ein av konsekvensane av jobben er at han får klisterhjerne:

– Eg har eit favorittvarenummer som er 2059908, det er konserverte grønsaker og grønsaksblandingar.

– Er det sylteagurk, eksempelvis?

– Nei nei nei, sylteagurken startar på 201, for den er det eddiklake i, seier og humrar godt.

– Du jobbar med toll og satsar på toll på varer som kjem inn til Norge. Er det gøy?

– Eg syns det er veldig interessant fordi tollvernet er ein av dei viktigaste pilarane for å kunne ha ein fungerande landbrukspolitikk i Norge. Vi jobbar med det som kjem inn til landet, det handlar også om å beskytte det som blir produsert i Norge. Eg føler eg får jobba med norsk landbruk på ein god måte og bruke kunnskapen og verkemidla ein har for å legge til rette for norsk landbruk.

(Saka fortset under biletet)

BYRÅKRAT FOR EIN DAG: Ada Arnstad prøvde seg som tilsett i Landbruksdirektoratet i ein dag. Resultatet vil bli lagt ut som film i sosiale medier hos NTL og NTL-Ung.

BYRÅKRAT FOR EIN DAG: Ada Arnstad prøvde seg som tilsett i Landbruksdirektoratet i ein dag. Resultatet vil bli lagt ut som film i sosiale medier hos NTL og NTL-Ung.

Øystein Windstad

Sjå video av Elisabeth som må vaske 36 leilegheiter etter lunsj

– Utan byråkrati rasar samfunnet saman

Anders Hellestveit i NTL og Landbruksdirektoratet fortel dei set pris på besøket og prosjektet til NTL:

– Eg synes det er kjekt at politikarar tek seg tid til å sette seg inn i kva byråkrati er. Heile dette prosjektet dreier seg om å vise at byråkrati treng ikkje vere eit skjellsord. Byråkrati er noko verdifult og viktig som me må ha. Det er mykje betre å fokusere på eit effektivt og godt byråkrati, enn å fokusere på at byråkratiet bør minimerast. Utan byråkratiet, rasar heile samfunnet saman.

Ada Arnstad fekk i oppgåve å søke produksjonstilskot i det nye elektroniske søknadsskjemaet til Landbruksdirektoratet.

– Korleis har livet som byråkrat vore så langt?

– Veldig bra. God mat og god kaffi og ikkje minst veldig lærerikt og interessant. Eg har lært mykje om kor komplekst det er å sørge for at vi har norsk matproduksjon. Både når du skal ta omsyn til det som skjer på verdsmarknaden, men også kva interesser vi legg i matproduksjon, fortel leiaren av Senterungdommen.

Besøket vil bli lagt ut som video på blant anna NTL og NTL Ung sine Youtube- og Facebooksider:

Her kan du sjå andre ungdomspolitikarar i sving:

Mani Huseini i AUF besøkt NAV

Andrea Sjøvoll i Sosialistisk Ungdom har besøkt Kystverket

Bjørn Kristian Svendsrud i Fpu har besøkt Statens Vegvesen

Les også:

Dette er løna til norske toppleiarar

Desse yrka gjekk ned i løn i fjor

Fakta om Landbruksdirektoratet

Forvaltar jordbruk, skogbruk og reindrift blant anna

Administrerer støtte og tilskotsordninger til blant anna mjølk og kjøtproduksjon

Forvaltar tollsatsane og tollsystemet på mat

Hentar inn kunnskap og gjer analyser om norsk matproduksjon

Legg til rette for at det ska bli lettare å produsere meir norsk mat

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Fakta om Landbruksdirektoratet

Forvaltar jordbruk, skogbruk og reindrift blant anna

Administrerer støtte og tilskotsordninger til blant anna mjølk og kjøtproduksjon

Forvaltar tollsatsane og tollsystemet på mat

Hentar inn kunnskap og gjer analyser om norsk matproduksjon

Legg til rette for at det ska bli lettare å produsere meir norsk mat