Køyrer du bil i jobben? No kan du få mindre pengar om kollegaene sit på
Ei endring i reglane for køyregodtgjering gjer at du ikkje lenger får betalt per passasjer. LO Stat varslar at dei vil stoppe endringa.
Illustrasjonsfoto.
Colourbox.com
tormod@lomedia.no
Køyrer du eigen bil i jobben og let kollegaen sitte på? No får du mindre pengar i godtgjering for dette.
I den nye avtalen for reisegodtgjering, med kilometersatsar som også kommunane og dei fleste private arbeidsplasser følger, er teksten som handlar om passasjertillegget endra.
Det står no at du får 1 krone i godtgjering per kilometer når du har med andre arbeidstakarar på oppdrag i bilen. Tidlegare fekk du 1 krone per arbeidstakar.
Du kunne altså få 4 kroner i passasjertillegg per kilometer om du hadde ein personbil full med kollegaar. No får du 1 krone uansett kor mange kollegaar som sit på.
Dette kjem i tillegg til kuttet på kilometergodtgjeringa på 20 øre per kilometer, frå 4,10 kroner til 3,90 kroner per kilometer.
Reglane gjeld frå 22. juni i år. Det har likevel vore full forvirring om det faktisk er ei endring i passasjertillegget.
Forhandlingane om det såkalla statens reiseregulativ – mellom Staten ved Kommunal- og moderniseringsdepartementet, LO stat, Unio, YS Stat og Akademikerne – vart brotne i slutten av januar. Etter fleire månader avgjorde ei særskild tvistenemnd i slutten av juni korleis reisereglane skulle sjå ut.
• Nå blir det dyrere å bruke egen bil i jobben. Her er de nye satsene for jobbreiser
Direktoratet stadfestar endringa
Det er Difi, direktoratet for forvaltning og ikt, som administrerer særavtalene for reisegodgjering for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Dei opplyser til FriFagbevegelse.no at det faktisk er ei endring i passasjertillegget i dei nye reisereglane.
– Vi har tatt opp spørsmålet med departementet. Dei viser til kommentarane deira som kjem i august, men sånn vi oppfattar teksten og sånn det vart sagt munnleg frå departementet, er det ei endring, seier Gunn Åsdal, rådgivar i Difis rettleiingsteneste.
Ho stadfestar at arbeidsgivarar og arbeidstakarar no må forholde seg til endringa i passasjertillegget.
• (1.2.18:) Staten nektet å øke satsene for reise og diett. Nå er det brudd i forhandlingene
– Ikkje vore tema
– Dette har ikkje vi i organisasjonane oppfatta eller diskutert med departementet. Det var heller ikkje omfatta av tvisten eller vore tema i det heile, seier sekretær Randi Stensaker i LO Stat til FriFagbevegelse.no.
Partane er einig om å samle seg i august for å gå gjennom kommentarane til regelverket, opplyser ho. Partane går normalt gjennom dei i fellesskap sånn at forståinga er likeins.
Men kommentarane er formelt sett departementet si tolking, og det er dei som har det siste ordet.
Kan bli rettstvist
– Om det skulle oppstå ueinigheit eller tvist, er det berre ein veg å gå – då er det å anlegge ein rettstvist om ulik oppfatting av tolking, seier Stensaker.
Ho seier at dette må bli tema på første møte mellom partane i august, for å sjekke ut kva som har skjedd.
– Når punktet ikkje var omstridt og partane ikkje har diskutert det ein gong, kan ikkje den eine parten prøve å snike det inn. Nemnda skal ikkje ta seg til rette, seier Stensaker.
• Bjørnar og Aleksander tapar 29.000 kroner årleg på regjeringas nye diettskatt
– Unødvendig meirarbeid
Ueinigheita om endringane skaper hodebry for arbeidsgivarar også i privat sektor.
– Det ser ut som, og det er er ein gjengangar, at desse to partane, når dei forhandlar fram særavtaler, ikkje tek innover seg at dei aller fleste private aktørar også følger avtalen. Skatteforskrifta viser direkte til statens særavtale, påpeikar rådgivar Espen Øren i Infotjenester til FriFagbevegelse.no.
Han meiner ueinigheitene mellom hovudorganisasjonane og staten fører til meirarbeid for arbeidsgivarane han rådgir.
– Dei burde vore sitt ansvar bevisst. Systemleverandører lagar reisesystem som skal rullast ut til kundar. Vi vil helst ikkje at slike spørsmål skal henge i lufta. Det er unødvendig merarbeid som blir påført næringslivet, seier Øren.
• Du må skatte av bonuspoeng på jobbreiser. Se lista over nye skatteregler
Dette er dei nye reglane
«Paragraf 6 Bruk av egen bil
1. Det skal innhentes godkjenning fra arbeidsgiver dersom egen bil, herunder el-bil, skal benyttes som transportmiddel på reisen.
2. Satsen for kilometergodtgjørelse er: kr 3,90 pr. km
3. I tillegg til kilometergodtgjørelsen i pkt. 2 gis:
a. Kr 1,00 pr. km for kjøring på skogs- og anleggsveier.
b. Kr 1,00 pr. km når det er nødvendig med tilhenger for å bringe med utstyr og materiell som på grunn av sin vekt og beskaffenhet ikke er naturlig å plassere i bagasjerom eller på takgrind.
c. Kr 1,00 pr. km når det tas med arbeidstakere på oppdrag i bilen.»
Kjelde: Protokollen frå tvistenemnda.
Dette er en sak fra
Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.
Flere saker
Dette er dei nye reglane
«Paragraf 6 Bruk av egen bil
1. Det skal innhentes godkjenning fra arbeidsgiver dersom egen bil, herunder el-bil, skal benyttes som transportmiddel på reisen.
2. Satsen for kilometergodtgjørelse er: kr 3,90 pr. km
3. I tillegg til kilometergodtgjørelsen i pkt. 2 gis:
a. Kr 1,00 pr. km for kjøring på skogs- og anleggsveier.
b. Kr 1,00 pr. km når det er nødvendig med tilhenger for å bringe med utstyr og materiell som på grunn av sin vekt og beskaffenhet ikke er naturlig å plassere i bagasjerom eller på takgrind.
c. Kr 1,00 pr. km når det tas med arbeidstakere på oppdrag i bilen.»
Kjelde: Protokollen frå tvistenemnda.