Kronikk
Den valdsamme veksten av superrike forandrar Noreg
Fortsett denne utviklinga som før, vil vi få eit kjipare samfunn å leve i.
Colourbox
Saken oppsummert
Fortsett denne utviklinga som før, vil vi få eit kjipare samfunn å leve i.
Eg trur ikkje eg er åleine om å føle at Noreg er i forandring.
Det er ein ny tone i samfunnsdebatten, og sterke stemmer med mykje pengar får stadig meir rom til å setje premissa for kva vi diskuterer. Samtidig er det ein ny uro blant unge – vil vi klare oss økonomisk og få råd til bustad og bil og alt som høyrer med til eit vanleg vaksenliv?
Desse tinga heng saman. Den britiske økonomen og samfunnsrefsaren Gary Stevenson dukkar stadig opp i min Instagram-feed og snakkar om korleis aukande økonomiske forskjellar gjer oss alle fattigare.
Mens dei rikaste får stadig meir makt og kontroll over ressursane i samfunnet, opplever vanlege folk at prisen på bustad og mat går opp. Stevenson snakkar om ein britisk kontekst, men argumentasjonen gir meining også i Noreg i 2025.
La oss sjå på fire ting som skjer på ein gong i dette landet, som alle er eit uttrykk for at forskjellane veks, og at vanlege folk sit igjen med mindre:
For det fyrste fekk vi nyleg Kapitals sist oppdaterte liste over dei 400 rikaste i Noreg. Magasinet gjer eit viktig og prisverdig arbeid for å fortelje oss det skattelistene ikkje viser.
Årets gravearbeid viste oss at dei 400 rikaste auka formuen sin med over 11 prosent det siste året, med til saman 252 milliardar kroner.
Du må no ha over 1,25 milliardar for å kvalifisere på Kapitals liste, og landet har fått 43 fleire milliardærar på eit år. Tidleg på 2000-talet hadde vi ikkje meir enn 40 milliardærar i landet totalt.
Denne veksten i milliardærar, og det at dei aller rikaste fort blir så vanvittig mykje rikare, bidrar til ei ny og stadig sterkare politisk klasse som er lett å merke i samfunnsdebatten. Det er eit vanskelegare politisk klima å omfordele i.
For det andre er det rekordvanskeleg for unge å få råd til å kjøpe seg ein stad å bu i byane, med mindre dei har arva pengar heimefrå. Når vi har ei stor gruppe med ekstremt rike personar som treng å plassere sine pengar, og bustad er ein attraktiv stad, pressar jo det bustadprisane valdsamt opp for alle andre.
Eigendomsbransjen vil ha fleire bustadar for å løyse dette problemet, men med den raske veksten av superrike i dette landet, er det vanskeleg å vere trygg på at bustadbygging åleine, utan vidare regulering av marknaden, vil kome folk flest til gode.
For det tredje har vi hatt ein valdsam prisvekst på mat dei siste åra. Ein av drivarane bak er ein daglegvaresektor som kan minne om ein monopol-situasjon. Heile marknaden er styrt av nokon få kjeder, eig av nokon av landets rikaste. Det driv prisane opp for vanlege folk.
Slapp konkurranselovgiving gjer det mogleg for dei største å konsolidere si makt, mens det er umogleg for nykomarar å starte opp, utfordre det etablerte og bidra med innovasjon. Då har vi eit system som gjer dei rike rikare, mens resten av samfunnet blir fattigare.
For det fjerde står vi i fare for å gå i retning av ein situasjon med valdsamme kontrastar mellom privat rikdom og offentleg fattigdom.
Mange kommunar er no i ein vanskeleg situasjon, og det går ut over velferda. Vi høyrer om eldre som ikkje får gode nok heimetenester til å leve verdige liv. Barnehagetilsette fortel om for få folk på jobb til å gi barna god nok omsorg.
I Oslo ligg det no an til kutt i bydelane, som kan gi kutt for eksempel i arbeid som forebygger barne- og ungdomskriminalitet (mens byrådet likevel tar seg råd til å kutte i eigendomsskatten til nokon av byens rikaste).
Fortsett denne utviklinga som før, vil vi få eit kjipare samfunn å leve i.
Forskjellsveksten vil gjere at ungdom ikkje nødvendigvis lengre er sikre på at det er bra nok å fullføre eit fagbrev og få ein jobb for å få eit økonomisk trygt liv. Eldre og deira pårørande vil ikkje kunne vere trygge på at dei vil bli godt tatt vare på av fellesskapet i åra som kjem.
Då er det ein samfunnskontrakt, og ein underliggande tillit til at samfunnet fungerer, som er i spel. Det kan bidra til polarisering og uro, og det krever politiske grep. Raskt.
Kontora på Løvebakken er no fylt med blanke ark og politikarar som har fire år å gjere samfunnet vårt betre på. Dei er ei rekke stadar dei kan starte.
• Dei kan kan justere skattesystemet sånn at den rikaste prosenten og promillen bidrar meir inn i spleiselaget, og med det få meir pengar til velferd og slunkne kommunekassar.
• Dei kan gjere bustadspekulasjon mindre lukrativt og endre regelverket for å få meir reell konkurranse mellom matbutikkar, sånn at det er mogleg for nykomarar å etablere seg.
• Dei kan også auke overføringane til kommunane, for å få meir pengar til verdige velferdstenester over heile landet.
Alt dette kan gjere kvardagen til vanlege folk mykje betre. Difor er det å stoppe forskjellskarusellen frå å spinne vidare noko av det viktigaste det nye politiske fleirtalet kan ta tak i.


Nå: 0 stillingsannonser