JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Debatt

«Det føles litt som om vi lever i 1936»

I USA er ein også i flyt i autoritær retning, mellom anna ved at pengestønaden forsvinn til alt Donald Trump ikkje liker politisk.

I USA er ein også i flyt i autoritær retning, mellom anna ved at pengestønaden forsvinn til alt Donald Trump ikkje liker politisk.

Leah Millis / Reuters

Dette er et meningsinnlegg. Send inn debattinnlegg til debatt@lomedia.no
I denne mørke tida er det mykje å lære frå dei som står opp for sin rett til å kjempe, også når det er farleg.

Statsvitar og rådgivar i Tankesmien Agenda

For eit par veker sidan var eg i Honduras for å lære meir om landet, og om norsk utviklingspolitikk. På vegen heim mellomlanda vi i Houston. Det var spesielt, få veker etter at Trump hadde blitt president.

Flyet derifrå letta om kvelden og låg heile tida uvanleg lågt – eg kunne lene hovudet mot vindauget og sjå ned på amerikanske hus og vegar og gatelys i time etter time, med skyene over oss.

Ho eg reiste med sa at ho lurte på korleis det vil vere i USA neste gong vi drar dit.

«Det føles litt som om vi lever i 1936», sa ho.

Det nordamerikanske demokratiets oppløysing under oss kjentest kanskje ekstra alvorleg på grunn av det som hadde møtt oss i mellomamerikanske Honduras dagane før.

Honduras er det mykje fint å seie om, men i denne samanhengen er det mest relevant å nemne at det er eit av verdas farlegaste land for miljøaktivistar og andre politiske aktivistar.

Berre i 2023 blei 18 miljøaktivistar i landet tatt livet av.

No hadde vi hatt møte med ei rekke folk som veit korleis det er å leve utan full ytringsfridom, men som seier kva dei meiner likevel. Det har dei betalt ein høg pris for. Nokon måtte gå rundt med livvakter heile dagen. Andre kunne ikkje vere med barna sine, fordi det ville vere for farleg for barna.

Likevel har dei valt å fortsetje arbeidet sitt – for retten til å dyrke jorda si, til å forsvare sine urfolksrettar eller til å ta vare på naturen rundt seg.

Ei av dei vi møtte, Bertha Zúñiga Cáceres, var tre år yngre enn meg, men mista mor si, Berta Cáceres, i eit drap i 2016. Mora hadde leia organisasjonen COPINH, som stod opp for å forsvare rettane til lenca-folket, eit av urfolka i Honduras.

Gjennom folkeleg organisering hadde dei klart å stoppe ei utbygging av eit vasskraftprosjekt i ei elv som hadde stor betydning for lenca-folket.

Nokre år seinare blei den ansvarlege for drapet dømt – det var ein tidlegare leiar i kraftselskapet som hadde bestilt drapet på Cáceres.

Dottera valte å fortsetje moras kamp, sjølv om det sette ho sjølv i fare. Berre veker etter ho tok over leiarskapet av organisasjonen, blei bilen hennar forsøkt pressa ut av vegen og over ein klippekant. Men ho har valt å vidareføre arbeidet.

I Honduras er altså kampen for retten til å seie kva ein meiner, og stå opp for det ein meiner er rett, livsfarleg. I mange andre land i verda er det heldigvis ikkje det.

Aktuelt: Drapstruslene prellet av på Hector da han var studentaktivist i Honduras

I Noreg har vi enno full fridom til å seie det aller meste. Det er veldig bra! Og det må vi hugse, og den fridomen må vi både bruke og verne.

For når autoritære leiarar strammar til, er det ofte vanskeleg å skjønne alvoret fyrst. Dei startar i ein kant av samfunnet, rammar kanskje enkeltgrupper fyrst og så blir handlingsrommet for alle gradvis mindre og mindre.

Vi har sett det i Russland, der det har blitt farlegare og farlegare å seie det ein meiner. Vi har sett det i Tyrkia, der avis etter avis har blitt stengt ned, fordi dei var for regimekritiske. Og vi har sett det i Ungarn, der ei rekke antidemokratiske reformer har blitt innført sidan Viktor Órban kom til makta.

I USA er ein også i flyt i autoritær retning, mellom anna ved at pengestønaden forsvinn til alt Trump ikkje liker politisk. Det har blitt kutta i alle føderale pengestønader til tiltak for mangfald, likeverd og inkludering. Dette råkar også statleg finansiering av forsking.

Her tar innstramminga form ved at det er heilt spesifikk forsking som blir utelete – offentleg finansiert forsking skal ikkje gå til prosjekt som har forbodne ord som «aktivisme», «diskriminering», «kvinner» og «kjønn» i prosjektformuleringane.

Forskingsprosjekt som bruker feil ord skal gjennomgåast manuelt og kanskje lukast ut frå systemet. Prosjekt som handlar om «menn» går derimot heilt fint.

I førre veke såg vi at det amerikanske konsulentfirmaet Accenture har tilpassa seg dei trumpske politiske straumane og endra praksis globalt – no kuttar dei ut alle tiltaka sine for å få meir mangfald, inkludering og likeverd i selskapet, også i Noreg.

Selskapet har 1000 tilsette her i landet, men i skrivande stund har ikkje leiinga av den norske selskapsgreina kommentert noko meir om korleis dette påverkar drifta for norske arbeidstakarar.

Desse tiltaka har det generelt vore veldig lite mediedekninga av her til lands.

Dette er farleg, for denne typen innstrammingar treng motstemmer, både i Noreg, i USA og i alle andre land som er ramma.

Og Noreg bør, som USAs allierte, stå opp for retten til fri forsking, til demokrati og pressefridom. For om det ikkje er verdiar som dette NATO skal forsvare – kva er poenget med alliansen då?

Eg aner ikkje om 2025 vil vere som 1936, når framtidas historikarar skal sjå tilbake på vår tid. Men det er ingen tvil om at vi lever i eit år der heilt fundamentale verdiar er under press.

Aktivistane vi møtte Honduras viser kor høg pris folk må betale når den politiske fridomen ikkje er reell. Målet no må vere at færrast mogleg land ender i den situasjonen.

Då må den demokratiske beredskapen opp, overalt.

Aktuelt: Arbeiderne blir skvist under «verdens kuleste diktator»

Warning
Annonse
Annonse