JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Debatt

«Havvind kan og bør bli eit av industrieventyra»

Ingenting tyder på at høgresida vil legga ideologiske kjepphestar og aversjon mot aktiv næringspolitikk til side, skriver Atle Tranøy.

Ingenting tyder på at høgresida vil legga ideologiske kjepphestar og aversjon mot aktiv næringspolitikk til side, skriver Atle Tranøy.

Håvard Sæbø

Dette er et meningsinnlegg. Send inn debattinnlegg til debatt@lomedia.no
Norge har lukkast langt betre i forvalting av våre energiressursar enn andre nasjonar. Konsesjonslovene for vasskraft og tilsvarande godt politisk handtverk i startfasen av oljeverksemda sikra nasjonal kontroll og at utvikling av ressursane kom heile nasjonen til gode.

Den globale transformasjon til fornybare energiformer kan bli nye industrieventyr for Norge. Vår teknologi- og kompetansebase i kombinasjon med vår arbeidslivsmodell gir oss svært godt utgangspunkt for å lukkast, men slik det var for vasskraft og olje er politisk vilje og mot til aktiv statlig næringspolitikk ein like viktig faktor.

Havvind, hydrogen, karbonfangst, sol, batteri, mineral – muligheitene er mange. Forsking syner potensiale for fleire titals tusen arbeidsplassar innan fleire av segmenta og hundretals milliardar i verdiskaping. Måten regjeringa møter muligheitene er diverre prega av seindrektigheit og passivitet. Medan andre land legg offensive strategiar og satsar mengder av kapital dyrkar vår borgarlege regjering sitt mantra om at politikken berre skal delta gjennom generelle råmevilkår og det ordinære verkemiddelapparat. Slik kan me skusla bort vårt sterke utgangspunkt og tapa den internasjonale posisjonskampen.

Aker-tillitsvalgt: – Vi kunne vært i en verdensledende posisjon, hadde politikerne lyttet mer til industrien

Ny politikk er naudsynt for å få fart på fornybarsatsinga samtidig med fortsatt utvikling av verdas mest miljøvenlege oljeindustri, som trengs både som teknologibase og for finansiering av fornybarsatsinga. Det er å få fram erstatningane som avløyser fossil energi, ikkje symbolpolitikk som sluttdato og stenging av norske ventilar til andre oljelands begeistring. Det faktum at Opec+ nyleg vedtok å auka oljeproduksjonen med 400.000 fat kvar månad inntil auken har nådd 5,8 mill fat (nær 3 x norsk oljeproduksjon) viser dette til fulle.

Havvind kan og bør bli eit av industrieventyra, og internasjonalt blir enorme ambisjonar for havvind (EU 300 GW i 2050, UK 40 GW i 2030) understøtta av nasjonale industristrategiar, inklusive bruk av statleg kapital for å sikra industri- og inntektspolitiske mål. Tilsvarande må norske myndigheiter gjennom oppbygging av ein heimemarknad sikra utviklinga av norsk havvindindustri.

Debatt: «Jeg har vært LO-medlem siden jeg var 15. Hvert år øker skammen»

Hadde auksjon av lisensar vore prinsippet ved starten vår oljealder kunne me skote ei kvit pil etter den vellukka oppbygginga av vår fantastiske oljeindustri. Likevel foreslår regjeringa auksjon som hovudregel for tildeling av konsesjon for havvind. Det blir å legga til rette for etablerte og kapitalsterke internasjonale aktørar som enkelt kan kjøpa seg «pool position» i startfasen av norsk havvindindustri. For staten bør inntekter gjennom langsiktig industriell aktivitet vera langt viktigare enn kortsiktige inntekter ved auksjon. For å sikra norsk industriutvikling må konsesjonar tildelast basert på kvalitative kriteria. Kriteria som treff vår sterke teknologi- og kompetansebase, norsk HMS standard, normer og reglar i norsk arbeidsliv og krav til fagopplæring og lærlingar.

Tempomessig hamnar me også i bakleksa. Regjeringa sitt opplegg gir fort 10 år før kraft blir produsert. Dermed blir det langt vanskeligare å bruka elektrifisering av sokkelen som virkemiddel for å understø utviklinga av norsk havvindindustri tidsnok til å møta våre klimaforpliktingar. Å bruka titals mrd. med store naturinngrep blir bakstreversk når havvind kan stetta behovet på langt meir framtidsretta og miljømessig måte enn elektrifisering frå land, men det krev mot og handlekraft av heilt anna kaliber enn regjeringa legg opp til.

I karbonfangst og lagring er regjeringa meir opptekne av å skandalisere den over 10 år gamle politiske prosessen rundt Mongstad enn å understø offensiv satsing med utgangspunkt i kompetansen det vellykka demoanlegget på Mongstad har tilført våre CCS miljø.

Debatt: «Framtidas trygge arbeidsplasser er grønne, sirkulære og bærekraftige», skriver Trine Lise Sundnes

Med vår naturgass og god tilgang på fornybar kraft har Norge optimale føresetnader for å bli stor aktør på både blå og grøn og hydrogen og industriell utnytting av denne. Regjeringa varslar meir til forsking og støtte opp mot 4 mrd til konkrete prosjekt. Det er bra, men framstår puslete samanlikna med våre konkurrentland. Fleire EU land og UK varslar storsatsing basert på klare politiske mål og fylgjer opp med aktiv statlig deltaking gjennom store subsidiar, innkjøpspolitikk, lån og garantiar. Norge må etablere tilsvarande mekanismar, og inkludere statlig eigarengasjement, for å sikra utvikling av norsk hydrogenindustri.

Vår observasjon er at industrien er svært offensiv og framoverlent for å sikra vår posisjon i utviklinga av fornybarindustrien. Myndigheitene som burde hatt ei aktiv pådrivarrolle har til no snarare seinka utviklinga grunna manglande tilrettelegging og regulatorisk råmeverk.

Ingenting tyder på at høgresida vil legga ideologiske kjepphestar og aversjon mot aktiv næringspolitikk til side. LO tillitsvalde i Aker sin konklusjon er difor klar: Landet treng ei ny regjering som set klare samfunnsmål for bygging av ny norsk fornybarindustri og fylgjer dette opp med å raskt få på plass naudsynte reguleringar og kapital i form av både subsidiar, lån, investeringar og statleg eigarskap for å sikra våre felles interesser for verdiskaping, arbeidsplassar, klima og miljø.

Warning
Annonse
Annonse