JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Nytt om navn

Christian Justnes er ny i Fellesforbundet-leiinga

I august starta Justnes i vervet som forbundssekretær.
NY FORBUNDSSEKRETÆR: Forskalingssnikkaren Christian Justnes frå Kristiansand.

NY FORBUNDSSEKRETÆR: Forskalingssnikkaren Christian Justnes frå Kristiansand.

Erlend Angelo

Valet skjedde på eit møte i representantskapet i slutten av juni. Bakgrunnen var ein ledig plass i forbundsleiinga etter at Steinar Krogstad vart nestleiar i LO.

– Det er veldig gøy å få tilliten. Samtidig kjenner eg på eit stort ansvar og store oppgåver, seier Justnes.

45-åringen kjem frå vervet som fagforeiningsleiar i Agder, som han har hatt dei siste ti åra. Sørlendingen har dessutan 20 års erfaring som tillitsvald i jobben som forskalingssnikkar. I forbundsstyret har han vore med dei siste sju åra. Han er medlem i Arbeidarpartiet og har definert seg som langt til venstre i partiet.

Ansvarsområdet hans i forbundsleiinga blir byggebransjen og havbruk. Det betyr at han skal leie arbeidet med tariffavtalene i bransjane og vere forhandlingsleiar i tariffoppgjera. I tillegg får han ansvar for ordninga med regionale verneombod og tariffavtala til asfaltarbeidarane.

Både havbruk og sentrale lønnsoppgjer er nytt for Justnes.

– Det blir veldig spennande å lære seg ein ny bransje. Eg har ikkje vore med på tariffoppgjer før, men har erfaring frå lokale forhandlingar eg kan overføre. Og eg skal støtte meg på bransjeråda som skal legge føringane i tariffoppgjera.

Vekependling blir også nytt for Justnes som aldri har budd utanfor Kristiansand. Han er i ferd med å få seg hybel i Oslo. Den blir neppe på nivå med pendlarleilegheitene til stortingspolitikarane.

– Grensa til forbundet er 30 kvadratmeter. Så det blir ikkje noko ekstravagante greier, altså.

Han er spent på korleis det blir å vere så mykje borte frå kona og dottera på 11 år.

– Eg håpar at eg trivst så godt at eg ønsker å stille til val igjen på landsmøtet neste haust, og at eg gjer oppgåvene mine så godt at eg får tilliten.

Namn: Christian Justnes

Aktuell med: Ny forbundssekretær i Fellesforbundet

Alder: 45

Annonse
Annonse

Namn: Christian Justnes

Aktuell med: Ny forbundssekretær i Fellesforbundet

Alder: 45