Coca-Cola seier opp tilsette og stoppar plan om investeringer etter at sukkeravgifta vart innført
Næringsministeren får hard kritikk frå opposisjonen, etter at fleire selskap permitterer og seier opp tilsette på grunn av auken i sukkeravgifta.
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Sissel M. Rasmussen (arkivfoto)
tormod@lomedia.no
– Statsråden er opptatt av å sole seg i glansen av norsk næringsliv, men er ikkje å sjå når tilsette blir permittert hos Coca-Cola Lørenskog, sa Geir Pollestad (Sp) i onsdagens spørretime i Stortinget.
Nyleg har Coca-Cola permittert 13 tilsette og sette ei storinvestering på vent. Telemark Kildevatn har sagt opp halvparten av sine tilsette.
Begge selskapa skuldar på sukkeravgifta, som vart skrudd opp med 42 prosent frå nyttår.
– Sukkeravgifta rammar norske arbeidsplassar og norsk næringsindustri, slo Trygve Slagsvold Vedum (Sp) fast.
Næringsministeren forsikra om at han lyttar til næringa og at han besøker både bedrifter som går godt, så vel som bedrifter som er i trøbbel.
– Sukkeravgifta er eit resultat av budsjettforhandlingar på Stortinget. Vi er sjølvsagt interessert i innspel frå næringa. Men summen er at skattar og avgiftar går ned, svarte Torbjørn Røe Isaksen (H).
• Næringsmiddelindustrien fikk avgiftssjokk i desember
Permittering og storinvestering på vent
Coca-Cola i Lørenskog har permittert 13 tilsette og sett ei investering på 100 millionar på vent, meldte NRK i førre veke. Dette er ein konsekvens av auken i sukkeravgifta, seier selskapet til E24.
«Etter avgiftsøkningen mener våre eiere at de næringspolitiske rammene for en investering er lite forutsigbare, derfor er det nå uaktuelt», seier kommunikasjonssjef Mette Vinther Talberg til E24.
Selskapet ventar ein volumnedgang på 10 prosent, og peikar på at grensehandelen med selskapets produktar auka med 30 prosent samanlikna med same periode ifjor.
• Freia frykter nedbemanning når regjeringen øker avgiftene på sjokolade
Seier opp halvparten
Nyleg har også Telemark Kildevann i Fyresdal meldt at bedrifta seier opp 15 av 30 tilsette før sommaren. Det skjer fordi svenske ICA heller vil kjøpe flaskevatn frå Sverige. Selskapet meiner sukkeravgifta har skulda.
«Jeg mener det ikke er en sukkeravgift, men en produktavgift som gjelder 99 prosent av de produktene vi selger,» seier styreformann Bjørn Bunæs til NRK.
Det er om lag 1400 arbeidsplassar i Norge innan produksjon av brus.
6,6 milliardar i skatte- og avgiftsauke
– Skattekutta kjem regjeringas sponsorar til gode, nemleg milliardærane, hevda Vedum i spørretimen onsdag.
Han viste til finansministerens nye reknestykke, som anslår at skattane og avgiftene har auka med 6,6 milliardar under den blåblå regjeringa.
Næringsminister Isaksen var sterkt ueinig i framstillinga om at skattane og avgiftene har blitt tyngre for norsk næringsliv.
– Resultatet av fire år med borgarleg regjering er at skattar og avgifter har gått ned. Sjå på maskinskatten, som har gått direkte inn og straffa dei som eig og skaper arbeidsplassar. Det stemmer ikkje at skatteletta berre gjeld milliardærar, sa Isaksen.