JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bemanningsbransjen

Elektrofirma vil ikkje svare på om dei har lærlingar på Storo-byggeplassen

– Det er ei total ansvarsfråskriving, med tanke på rekrutteringa til bransjen, seier leiaren for Faglig råd for elektrofag.
Opp mot hundre elektrikarar trengs på eit prosjekt av den størrelsesorden som Olav Thon Gruppen byggar ut på Storo. Men AR Elektro Prosjekt vil ikkje svare på om dei har lærlingar på prosjektet.

Opp mot hundre elektrikarar trengs på eit prosjekt av den størrelsesorden som Olav Thon Gruppen byggar ut på Storo. Men AR Elektro Prosjekt vil ikkje svare på om dei har lærlingar på prosjektet.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

Med stor del innleige i fleire bransjar er mange bekymra for fagutdanninga når lærlingplassane forsvinn.

Frifagbevegelse.no skreiv førre veke om at 90 prosent av elektrikarane på ein byggeplass på Storo er leigd inn, og at 80 prosent av dei ledige elektrikarjobbane i 2017 var utlyst gjennom eit bemanningsbyrå.

Det høge talet innleigde fekk Cathrine Aspestrand, direktør for arbeidsliv i Nelfo, til å reagere. Ho meiner at ein for stor del innleige vil rokke ved grunnlaget for bransjen og ikkje minst utdanningane av lærlingar om det held fram på det nivået.

EL og IT Forbundet kan ikke anmelde firma for ulovlig innleie – ber Arbeidstilsynet gripe inn

Vil ikkje svare på lærlingspørsmål

AR Elektro Prosjekt, som har elektroentreprisene på Olav Thon-gruppen sitt byggeprosjekt på Storo, opplyste til frifagbevegelse.no i november at dei er godkjent lærebedrift og per i dag har 4 lærlingar.

Vi spurte dagleg leiar i selskapet om dei har lærlingar som arbeidar med byggeprosjektet på Storo, og eventuelt kva tal. Det ville han ikkje svare på:

«Vi henviser til tidligere svar på deres spørsmål ang[ende] lærlinger i vårt selskap, utover det har vi ingen kommentarer som vedrører våre prosjekter,» svarer Ole Einar Ørbeck i ein e-post.

Dagleg leiar i Elektro Personell – som altså leverer ni av ti elektrikarar på byggeplassen – Bjørn Sandberg, opplyser om at selskapet ikkje er godkjent lærebedrift, men at dei har søkt fylkeskommunen om å bli det. Enn så lenge er ingen av dei innleigde elektrikarane på Storo lærlingar.

Bemanningsbransjen sysselsetter 100.000, men har knapt en eneste lærling

– Forkasteleg

Are Solli er forbundssekretær i EL og IT og leiar for Faglig råd for elektrofag, som jobbar for å utvikle kvaliteten på elektrofaga på vidaregåande nivå. Han er svært kritisk til at bedrifter ikkje har lærlingar på store byggeprosjekt.

– Det er nærmast forkasteleg at dei får jobben. Det er ei total ansvarsfråskriving, med tanke på rekrutteringa til bransjen, seier Solli, som meiner desse bedriftene skummar fløyten og ikkje bidrar til rekrutteringa, samanlikna med dei seriøse lærebedriftene.

Ideelt sett ønsker han seg eit forbud mot bemanningsbyråa.

Are Solli, forbundssekretær i EL og IT og leiar for Faglig råd for elektrofag.

Are Solli, forbundssekretær i EL og IT og leiar for Faglig råd for elektrofag.

Tri Nguyen Dinh (arkivfoto)

• Følg oss på Facebook og Twitter

Få nyhetsbrevet vårt

Meiner byggherrane må ta ansvar

Solli oppfordrar byggherrane til å ta ein ordentleg runde med seg sjølv. Han meiner Olav Thon Gruppen, og andre private byggherrar, burde tatt ansvar og stilt kontraktskrav om lærlingar.

– Mykje tydar på at vi kjem til å mangle 70.000 til 100.000 fagarbeidarar om sju til ti år. Vi rekruttererer for dårleg. Vi må løfte fram dei seriøse lærebedriftene, som satsar på ungdommen. Mange av desse bedriftene tek gjerne inn fleire lærlingar enn dei har behov for, seier Solli.

Han har lita tru på at bemanningsbyrå kan vere gode lærebedriftar og oppfylle kompetansemåla i læreplanen. Kontinuiteten er for dårleg.

– Eg vil ha seriøse installatørar som lærebedrifter – med fast tilsette fagfolk, som har fagbrev og er ute på oppdrag saman med lærlingane.

Olav Thon Gruppen vil ikkje svare på om lærlingar skal vere eit krav i framtidige kontraktar:

«Vi benytter oss hovedsaklig av totalentreprise-kontrakter på våre større byggeprosjekter. Disse følger etablerte bransjestandarder og ivaretar at lønns- og arbeidsvilkår er i henhold til norsk lov. Om disse kontraktene i fremtiden vil inneholde bestemmelser om bruk av lærlinger er ikke noe vi kan gi svar på på nåværende tidspunkt,» svarer visekonsernsjef og konserndirektør for Thon Eiendom, Ole Christian Hallerud, i ein sms.

Disse yrkene topper bemanningsbyråenes ønskeliste

Manglar krav for private

I fjor trådde ei ny forskrift i kraft, kor offentlege myndigheiter må stille kontraktskrav om at leverandøren er lærebedrift og at lærlingar deltar i arbeidet. Det gjeld også utanlandske aktørar.

Fleire kommunar og fylke har gått enda lengre – som i Oslo. I den såkalla «Oslomodellen» ligg det eit krav om 10 prosent lærlingar på kontraktane på område med behov for lærlingar.

Men for private verksemder finst det ingen lovkrav om at bestillar skal kreve lærlingar i leverandørbedrifta.

– Sjå kva som blir bygd her rundt fjorden – ein veldig liten del er offentleg. Krava i forskrifta burde gjelde alt av forretningsbygg og industri, seier Solli.

Den gradvise auken i lærlingtilskotet er ikkje nok, meiner han. Sjølv om det har blitt fleire læreplassar, er prosentdelen lærlingar som ikkje får plass like stor som tidlegare.

Alle er enige om at noe må gjøres med innleie i byggebransjen

Les flere saker om fagbevegelsen, arbeidsliv og politikk på vår forside

Lærlingar i offentlege kontraktar

Ny forskrift om plikt til å stille krav om bruk av lærlingar i offentlege kontraktar trådde i kraft 1. januar 2017. Plikta gjeld ved offentleg innkjøp av tenester og bygge- og anleggsarbeid, innanfor bransjar kor det er særlig behov for læreplassar.

Kravet er at leverandøren er tilknytt lærlingordning og at ein eller fleire lærlingar deltar i arbeidet. Det gjeld også utanlandske aktørar.

Plikta slår inn for staten ved kontraktsverdi på 1,1 millionar kroner inklusive merverdiavgift og varigheit på over 3 månader, og ved kontraktsverdi på 1,75 millionar kroner for fylkeskommunar og kommunar.

Fleire kommunar og fylke har gått enda lengre – som i Skien, Telemark og Oslo.

I den såkalla «Oslomodellen» ligg det eit krav om 10 prosent lærlingar på kontraktane på område med behov for lærlingar. Innslagspunktet for lærlingekravet er nede på statleg nivå.

Annonse
Annonse

Lærlingar i offentlege kontraktar

Ny forskrift om plikt til å stille krav om bruk av lærlingar i offentlege kontraktar trådde i kraft 1. januar 2017. Plikta gjeld ved offentleg innkjøp av tenester og bygge- og anleggsarbeid, innanfor bransjar kor det er særlig behov for læreplassar.

Kravet er at leverandøren er tilknytt lærlingordning og at ein eller fleire lærlingar deltar i arbeidet. Det gjeld også utanlandske aktørar.

Plikta slår inn for staten ved kontraktsverdi på 1,1 millionar kroner inklusive merverdiavgift og varigheit på over 3 månader, og ved kontraktsverdi på 1,75 millionar kroner for fylkeskommunar og kommunar.

Fleire kommunar og fylke har gått enda lengre – som i Skien, Telemark og Oslo.

I den såkalla «Oslomodellen» ligg det eit krav om 10 prosent lærlingar på kontraktane på område med behov for lærlingar. Innslagspunktet for lærlingekravet er nede på statleg nivå.