JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Finanstilsynet nektar innsyn i kva bedrifter som ikkje betaler inn pensjon til tilsette

Myndigheitene har ingen kontrollmekanismar for å sjekke om bedriftar ikkje har oppretta tenestepensjonsordning for sine tilsette, slik dei er pliktig til etter norsk lov.

tormod@lomedia.no, torgny@lomedia.no

Finanstilsynet har myndigheit til å handheve lova om obligatorisk tenestepensjon. Men det finst ingen kontrollmekanismar hos myndigheitene som sjekkar om bedriftene har obligatorisk tenestepensjon.

Finanstilsynet kan likevel pålegge bedriftar å opprette pensjonsordning og ilegge dagbøter, om dei får varsel om manglande OTP. Ifjor sendte dei ut førehandsvarsel til 34 bedrifter, og 8 av dei vart ilagt dagbøter.

FriFagbevegelse har prøvd å få innsyn i varsla, for å sjå kva bedrifter som er under mistanke om å ikkje ha oppretta tenestepensjonsordning for sine tilsette.

Finanstilsynet har nekta å gi innsyn i kva selskap dette er, fordi dei meiner informasjonen gjeld «forretningsforhold som det vil være av konkurransemessig betydning å hemmeligholde».

Sjekkar du om arbeidsgivaren din betaler inn til pensjonen din? Om ikkje, kan du tape store beløp

Åtte vedtak om dagbøter

I varselet får bedrifta ein frist for å svare på om dei har obligatorisk tenestepensjonsordning, i tillegg til ein frist for å eventuelt opprette ei pensjonsordning. Om det ikkje skjer, blir bedriftene ilagt løpande dagbøter.

Finanstilsynet fatta åtte slike vedtak om ilegging av dagbøter ifjor. Dei opplyser også om at utfallet vart oppretting av tenestepensjonsordning. Enkelte av dei 34 førehandsvarslane er enno ikkje avslutta og kan føre til vedtak om dagbøter i 2018.

Heller ikkje Arbeidstilsynet

Finanstilsynet opplyser om at dei følger opp samtlege tips. Dei seier tipsa kjem blant anna frå tilsette, tidlegare tilsette, arbeidstakarorganisasjonar, Arbeidstilsynet og kemnerkontora.

Men heller ikkje Arbeidstilsynet kontrollerer om bedriftane dei driv tilsyn med har OTP. « [...] pensjon er ikke en del av lønnsbegrepet på allmenngjort områder og regnes ikke som vederlag for arbeid. [...] Følgelig ligger OTP utenfor Arbeidstilsynets myndigheitsområde,» skriv tilsynet som svar på eit spørsmål frå Byggebransjens uropatrulje i Trondheim.

(Artikkelen held fram etter Facebook-innlegget.)

Byggebransjens uropatrulje oppdaga nyleg at ein tømrarbedrift med 14 tilsette har unngått OTP sidan 2012, skriv Klassekampen.

«Ved å droppe tjenestepensjon får de useriøse enda et konkurransefortrinn overfor de seriøse bedriftene. Samtidig som arbeidere uvitende går glipp av store pensjonsbeløp,» seier Vidar Sagmyr, leiar for Byggebransjens uropatrulje, til Klassekampen.

Usikkert kor mange

Finans Norge, hovudorganisasjonen til finansnæringa, veit heller ikkje kor mange som har rett på OTP, men ikkje har pensjonsordning.

Men organisasjonen opplyser om at 31 prosent av medlemmene i innskotsordningar hadde 2 prosent-ordningar i 2016. Det er 2 prosent som er minstekravet til innskot i lova om obligatorisk tenestepensjon. Det totale talet medlemmer i innskotsordningar var omtrent 1,28 millionar.

Sjekk sjølv

Finans Norge viser til nettstaden norskpensjon.no, etablert av næringa, som dekkar 99 prosent av eksisterande pensjonsrettar. På nettstaden kan arbeidstakarar sjekke kor pensjonen deira er registrert. Deretter kan ein logge seg inn på pensjonsleverandørens nettsider for å finne ut kva arbeidsgivar har betalt inn.

Arbeidstilsynet er maktesløs mot ulovlig innleie. Overlater til innleide polakker å rydde opp

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse