JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kinas rikaste mann ber tilsette jobbe 72 timar i veka

No protesterer kinesiske arbeidarar i teknologibransjen mot lange arbeidsdagar.
Den høgprofilerte kinesiske gründaren og næringslivsleiaren Jack Ma Yun møtte statsminister Erna Solberg (H) på Alibabas hovedkvarter i 2017. Her får ho ein figur med selskapets logo i gåve.

Den høgprofilerte kinesiske gründaren og næringslivsleiaren Jack Ma Yun møtte statsminister Erna Solberg (H) på Alibabas hovedkvarter i 2017. Her får ho ein figur med selskapets logo i gåve.

Heiko Junge / NTB scanpix

tormod@lomedia.no

Sjefen for nettbutikken Alibaba og Kinas rikaste mann, Jack Ma Yun, ber dei tilsette jobbe 72 timar i veka. Det har skapt engasjement, men er ikkje ei ny oppfordring frå kinesiske teknologitoppar.

I Kina er nemleg ein praksis kalla «996» ikkje uvanleg i denne bransjen. Namnet viser til det å jobbe frå klokka 9 på morgonen til 9 på kvelden, seks dagar i veka. Det utgjer til saman ei arbeidsveke på 72 timar.

Dette er snittlønna i over 300 yrker

12-timarsdagar er eit privilegium

For to veker sidan sa Jack Ma Yun at dei tilsette måtte førebu seg på å jobbe 12 timars arbeidsdagar. Han meiner dette er eit privilegium.

Ifølge bladet Forbes sin rikingliste, er han verdt nærmare 39,6 milliardar dollar, som utgjer 344 milliardar norske kroner. Det gjer han til Kinas rikaste og verdas 21. rikaste person.

– Om du ikkje bruker meir tid og energi enn andre, korleis skal du oppnå den suksessen du ønsker? skal næringslivstoppen ha spurt i henvendinga til sine 66.500 tilsette. Sjølv planlegg 54-åringen å gå av med pensjon i år.

I ettertid skal han ha moderert seg gjennom kontoen sin på det sosiale mediumet Weibo. Han meiner selskap ikkje bør tvinge ansatte til slike arbeidstidar, men at unge folk må skjøne at dei må ofre noko for å oppnå noko. 12 timars arbeidsdagar er ikkje eit problem for dei som er lidenskapeleg opptatt av jobben sin, hevdar han.

Mange har vist til at slik bruk av overtid ofte er frivilleg og kjem som eit resultat av ein hard konkurransekultur i den kinesiske teknologibransjen, både mellom selskap og blant selskapas tilsette. Dermed er arbeidstida ofte eit resultat av eit indirekte press.

Protest på internett

Denne praksisen fekk først internasjonal merksemd då ein kinesisk utviklar oppretta eit prosjekt på utviklarsida Github for ein månad sidan, med namnet «996.ICU». Det viser til at du hamnar på intensivavdelinga på sjukehuset («intensive care unit») om du har denne arbeidstida.

I prosjektet samlar brukarar bevis for at selskap har innført denne praksisen og for at den er lovstridig. I tillegg blir arbeidarar oppfordra til å dra heim klokka 18.00 utan dårleg samvit. Dei viser blant anna til at kinesiske arbeidslovar slår fast at normalarbeidstida skal vere maksimalt 44 timar i veka, med maksimalt 36 overtidstimar i månaden.

P

I prosjektet finn ein både ei svarteliste og ei kviteliste over kinesiske selskaps arbeidstidspraksis. På svartelista finn vi selskap som mobilprodusenten Huawei, nettbutikken JD.com og droneselskapet Dji.

I skrivande stund er det oppunder 240.000 personar som har stjernemerka prosjektet og dermed følger utviklinga.

Støtte frå Microsoft-tilsette

Github er ein Microsoft-eigd nettsida der utviklarar kan lagre, dele og samarbeide om mjukvare-prosjekt. Etter at prosjektet som protesterer mot lange arbeidsdagar fekk internasjonal merksemd og vart populært blant brukarar, skal fleire kinesiske selskap ha blokkert tilgangen i nettlesarane sine.

Det har fått ei rekke Microsoft-tilsette til å gå ut i eit opent brev på sida, der dei uttrykker bekymring for at Microsoft bukkar under for presset og fjernar prosjektet frå sida. Dei fremmar også krav om at dei kinesiske teknologiselskap følger kinesiske og internasjonale lovar og reglar.

– Historia viser oss at multinasjonale selskap vil sette arbeidarar opp mot kvarandre i eit kappløp mot botnen, medan dei outsourcar jobbar og utnyttar seg av dårlege arbeidsvilkår i jakta på profitt, heiter det i brevet.

I skrivande stund er brevet signert av 250 teknologiarbeidarar.

Annonse
Annonse