JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønnsforhandling:

Bilmekanikarar i Bergen har fått inn 130.000 kroner i støtte etter gå-sakte-aksjon

Støtteerklæringar renn inn til dei aksjonerande bilmekanikarane på Bertel O. Steen i Bergen.
VANVITIG BRA: Klubbleiar Christoffer Heggholmen set stor pris på økonomisk og moralsk støtte frå enkeltpersonar og fagforeiningar.

VANVITIG BRA: Klubbleiar Christoffer Heggholmen set stor pris på økonomisk og moralsk støtte frå enkeltpersonar og fagforeiningar.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

Kravet er eit lønnstillegg på 15 kroner i dei lokale lønnsforhandlingane på dei tre verkstadane til bilforhandlaren. Bedrifta har tilbydd 10 kroner i høgare grunnlønn.

Samtidig har Bertel O. Steen i Bergen gått med over 100 millionar i driftsresultat dei siste to åra, og i fjor hadde konsernet ein rekordomsetnad på nesten 23 milliardar.

I over tre veker har nærmare 80 bilmekanikarar, bilpleiarar og delelagertilsette hos Bertel O. Steen i Bergen gjennomført ein gå-sakte-aksjon for å presse fram ei einigheit med arbeidsgivaren.

Gå-sakte-aksjon, også kalla dagtidsaksjon eller dagsing, er ein avtalt reduksjon i både arbeid og lønn på 45 prosent.

Halv lønn svir i lommeboka, men pengebidrag til aksjonistane har no begynt å komme inn frå enkeltpersonar og fagforeiningar.

Bakgrunn: Christoffer og kollegaene har gått til et uvanlig skritt for å få høyere lønn

Over 130.000 kroner samla inn

I skrivande stund har ei Spleis-innsamling samla inn 42.760 kroner frå 111 givarar. Pengane skal gå til matkasselevering til aksjonistane og familiane deira, sånn at alle har mat på bordet og ikkje går svoltne.

Givarane har sendt meldingar som «stå på krava!», «dere har ærlig fortjent en del av kaka» og «dere tar kampen for mange andre også».

Fellesforbundet avdeling 1 i Oslo og Akershus, med mange bilmekanikarar, har gitt eit bidrag på heile 80.000 kroner til aksjonistane i Bergen.

«Vi gir vår fulle støtte til medlemmene i Bertel O. Steen-klubbene i Bergen i sin kamp for sin rettmessige del av verdiskapningen og på veien mot et mer rettferdig lønnssystem i bilbransjen», skriv styret i fagforeininga.

I tillegg har Heismontørenes Fagforening (EL og IT) gitt 5.000 kroner, ifølge Bertel O. Steen-klubben, og Oslo Grafiske Fagforeining (Fellesforbundet) har gitt same beløp.

Over 130.000 kroner er altså samla inn til dei aksjonerande bilmekanikarane.

Set pris på støtta

– Det er ei vanvitig støtte. Det gjer at medlemmane som går på halv lønn, står sterkare i dette her. Det kostar å aksjonere, og rekningane kjem uansett. Vi har ikkje fått dekt inn tapt arbeidsforteneste, men det hjelper heilt vanvitig på, seier klubbleiar Christoffer Heggholmen i Fellesforbundet.

Støtteerklæringane som har rent inn til klubben kjem også godt med.

– Det er jo ein krevjande situasjon å stå i, så vi opplever å miste fokus på målbildet når det begynner å knipe i lommeboka. Og det er kjedeleg å gå heile dagen utan å gjere så mykje. Så når vi får støtteerklæringar så viser det oss at vi ikkje står aleine i kampen.

Onsdag førre veke arrangerte Fellesforbundet avdeling 5 og LO i Bergen ei fanemarkering på Åsane til støtte for aksjonistane.

– Det var eit vanvitig stort oppmøte og ei kjempeflott markering der medlemmane fekk sjå samhaldet i fagrørsla. Fleire medlemmar sa at dei vart heilt rørt av markeringa, for dei såg at aksjonen betyr noko for fleire enn oss sjølve. Det gir ein ekstra motivasjon.

Les også: I desse dagar streikar delar av industrien for nettopp retten til å gå sakte i lokale forhandlingar

Bonus-strid

– Dette er ikkje noko vi berre gjer på gøy, men med grunnlag i kriteria for lokale forhandlingar. Aksjonsforma er noko vi må bruke med varsemd, for det kostar jo ein del for medlemmane og bedrifta.

Heggholmen seier klubben og leiinga har forhandla etter at førre tilbod frå arbeidsgivarane om meir bonus, vart nedstemt av medlemmane for to veker sidan.

– Vi har levert eit forslag til løysing, for det renn jo kundar ut av butikken, og vi begynner å bekymre oss for konsekvensen. Vi ser at kundar snur i døra og går rett i armane på konkurrentane. I tillegg hopar det seg opp med arbeid, og vi kjem til å slite med etterarbeid. Så vi er ansvarlege og søker etter ei løysing no.

– Men vi opplever at det er fastlåst med omtrent same tilbod frå arbeidsgivaren som førre gong, men med litt meir på bonusbasert lønn.

Bertel O. Steen-klubben i Bergen ønsker heller ei auke i grunnlønna sånn at alle får ein lønnsauke. Grunnlønna i bilbransjen er lågare enn mange andre bransjar. Det er fordi bonusordningar som mange meiner er urettferdige, utgjer ein stor del av lønna.

Streik: I desse dagar streikar delar av industrien for nettopp retten til å gå sakte i lokale forhandlingar

Manglar arbeidskraft

Torsdag vart tilbodet frå arbeidsgivaren stemt ned av 90 prosent av medlemmane.

Klubben har no tatt initiativ til å kalle inn Fellesforbundet og Norsk Bilbransjeforbund som hjelparar i forhandlingane.

– Vi er redde for at folk ser seg om etter nye arbeidsplassar om vi kjem ut med eit resultat medlemmane ikkje er nøgde med. Vi er allereie i ein kritisk situasjon på verkstadane våre, det er ikkje mogleg å få tak i mekanikarar på marknaden. Tre tilsette har slutte berre under aksjonen.

– Eg meiner det er uansvarleg at bedrifta gamblar med arbeidsplassane våre, avsluttar Heggholmen.

Bertel O. Steen svarer

Kommunikasjonsdirektør Anders Rikter har tidlegare svart Magasinet i ein epost:

«Vi har forsøkt å imøtekomme de ansatte, men konstaterer dessverre at det ikke har medført enighet så langt. Vi fortsetter å håpe på en snarlig løsning.»

Han meiner mangelen på arbeidskraft er «et tema som hører hjemme i sentrale forhandlinger og ikke i tilknytning til et lokalt oppgjør».

«Lønn er en av flere faktorer», skriv Rikter. Men han nemner også «eiere som investerer i bedriften slik at den skal stå godt rustet til å møte konkurransen og dermed ha trygge arbeidsplasser også i årene som kommer».

Mye lest: Christian og Egil mener sjefen stjal lønna. Nå har de anmeldt arbeidsgiveren til politiet

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse