JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
PÅ VAKT: – Ein må vere litt defensiv i tankegangen, og ikkje la seg provosere av andre trafikantar, seier Børge Pedersen.

PÅ VAKT: – Ein må vere litt defensiv i tankegangen, og ikkje la seg provosere av andre trafikantar, seier Børge Pedersen.

Tormod Ytrehus

Kva gjer ein bussjåfør?

Børge køyrer Norges lengste buss

No treng du ikkje ha godt humør for å vere bussjåfør.

tormod@lomedia.no

LINJE 3: På rutebussane i Trondheim er det slutt på billettering om bord, og i den nye metrobussen sit sjåføren i ein lukka cockpit. Dermed slepp dei mas og kjas frå passasjerane.

– Det er veldig komfortabelt å sitte for seg sjølv, høyre på radio og drikke kaffi, fortel Børge Pedersen (48) som køyrer Norges lengste buss på tvers av byen mellom Lohove og Hallset.

Foten på bremsa

Sjølv om det er kjekt med godt humør om anledninga skulle by seg, er ikkje sosial kontakt med passasjerane ein like stor del av jobben lenger. Å halde hovudet kaldt er derimot like viktig som alltid.

– Ein må vere litt defensiv i tankegangen, og ikkje la seg provosere av andre trafikantar, seier Pedersen.

I ein by som Trondheim må han vere på vakt for fotgjengarar som spring over gata og syklistar som ikkje held vikeplikta. Når bilistar ikkje held vikeplikta for bussen som blinkar seg ut frå haldeplass, kan det dessutan vere betre å tråkke på bremsen enn å skrive skademelding.

– Folk er ofte i si eiga verd. Ein må vere litt rund i kantane, forklarer han.

Kutter i ruter: Bussjåfør Øyvind kan miste hver tiende kollega, hvis Ruter kutter så mye som først varslet

Ingen stopp

Ekstra viktig er det kanskje når bussen er rundt tjue tonn tung og tar 142 passasjerar. Mange av sjåførane var skeptiske til om den såkalla metrobussen, 24 meter lang, kunne ta seg fram på trøndersk vinterføre. Skepsisen vart gjort til skamme då dei for to år sidan rulla ut på gatene med drift på to akslingar.

– Det er ingenting som stoppar dei. Dei er suverene, seier Pedersen som skryt av køyreeigenskapane til den smidige to-ledda bussen.

Hadde ikkje bussen vore så komfortabel, trur han dessutan det hadde blitt kjedeleg å køyre fram og tilbake den same 1,5 mila kvar bidige dag.

METROBUSS: Arbeidsverktøyet er den 24 meter lange metrobussen med to ledd.

METROBUSS: Arbeidsverktøyet er den 24 meter lange metrobussen med to ledd.

Tormod Ytrehus

Stort ansvar

Buss har Pedersen køyrd i ti år, etter å ha jobba mange år som snikkar. Noko av det spennande med bussjåfør-yrket er at kollegaane har ulike bakgrunnar, både når det gjeld yrke, utdanning og fødeland. Sjølv tok han fagbrevet etter nokre år i bussbransjen, for å få lønnshoppet på tolv kroner timen.

– Det er eit triveleg yrke. Ein har eit stort ansvar på jobb, men når du har parkert bussen, har du heilt fri, forklarer han.

Pedersen starta i Trønderbilene, men vart i 2019 verksemdsoverdratt til Tide som saman med Vy vann anbodskonkurransen om å køyre buss for fylkeskommunale AtB.

Vet du svaret? Hva gjør en blikkenslager?

Lønn og arbeidstid

Anboda går utover goda til bussjåførane, meiner Fellesforbundet-medlemmet, når kostnader skal kuttast for å levere billigast mogleg. For det første skulle lønna skulle vore høgare, vedgår Pedersen, noko bussjåførane streika for i fjor. Arbeidstida er heller ikkje den beste. Både han og kona er bussjåførar, og ventar eit barn til hausten.

– Turnusen fungerer ikkje for folk som står i ein familiesituasjon, og skal levere og hente i barnehagen, meiner han.

– Det er ei utfordring som kan føre til at yrket blir forgubba, åtvarar Pedersen.

Bussjåfør

Køyrer for eksempel rutebuss, ekspressbuss eller turbuss.

Må ha førarkort klasse D og yrkessjåførkompetanse (YSK).

Tar YSK gjennom fire år på vidaregåande skole (to år som lærling i bedrift), eller gjennom yrkessjåførkurs på trafikkskole.

Kan ta fagbrev gjennom vidaregåande skole eller etter fem år praksis i faget.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss