Lønnsoppgjeret 2022
Enda større ja-fleirtall i ferske uravstemmingar om lønnsoppgjeret
Ni av ti Fellesforbundet-medlemmar stemte ja til lønnsoppgjera i hotell- og restaurant-bransjen og treforedlingsindustrien.
DEMOKRATI: Gjennom uravstemmingar har Fellesforbundet-medlemmane moglegheit til å vedta eller forkaste resultata i lønnsoppgjera.
Tormod Ytrehus
tormod@lomedia.no
Heile 93 prosent av Fellesforbundet-medlemmane som deltok i andre runde med uravstemmingar 19. mai, stemte ja til resultatet i årets tariffoppgjer i hotell- og restaurant-bransjen. 90 prosent av medlemmane som deltok i treforedlingsindustrien, stemte ja til sitt oppgjer. Det melder forbundet.
Medlemmane har alltid siste ord i tariffoppgjera, og no er altså desse oppgjera ferdige. Med eit nei-fleirtal måtte forbundet ha tatt ut medlemmar i streik eller gått tilbake til forhandlingsbordet.
Lønnsoppgjeret: Her er resultatet i hotell- og restaurantbransjen
Vanleg deltaking, større ja-fleirtal
Omtrent 6.600 Fellesforbundet- medlemmar hotell- og restaurant-bransjen og 1.600 medlemmar i treforedlingsindustrien jobbar i ei bedrift med tariffavtale. Dei er dermed omfatta av tariffoppgjera og hadde stemmerett i årets uravstemmingar.
Høvesvis 68 og 62 prosent av desse deltok i avstemmingane.
Det er omtrent den same deltakinga som i 2020, men langt fleire har stemt ja i år. For to år sidan var ja-prosenten 63 i hotell- og restaurantbransjen, og 85 i treforedlingsindustrien.
Store ja-fleirtal i første runde
Ja-fleirtala var store også i den første runden med uravstemmingar 5. mai – på 79 prosent i industrien, 82 i byggebransjen og 78 i byggeindustrien.
29.000 medlemmar i industrien, 17.000 i byggebransjen og 6.500 i byggeindustrien hadde stemmerett.
Deltakinga var på høvesvis 65, 73 og 73 prosent. Både deltakinga og ja-prosenten var ganske lik som i 2020.
Les også: Stort ja-flertall i de første uravstemningene om lønnsoppgjøret
Medlemsdemokrati
Alle Fellesforbundet-medlemmar har rett og plikt til å stemme ja eller nei i uravstemmingane dei er omfatta av, og dermed vedta eller forkaste resultata i tariffoppgjera.
Høg deltaking er nødvendig for at ei demokratisk avstemming om oppgjera skal funke.
Dersom ikkje eit fleirtal av medlemmane har stemt ja eller nei til resultatet, må to tredelar av medlemmane ha deltatt for at uravstemminga skal gjelde. Om heller ikkje det skjer, må LO-sekretariatet avgjere om resultatet i oppgjeret er vedtatt eller forkasta.
Det reknast i så fall som eit nederlag for medlemsdemokratiet.
Les også: – Om du ikkje stemmer, kan du heller ikkje klage, seier klubbleiar Karin
Neste uravstemming i lønnsoppgjeret
har frist 2. juni, for:
• bilbransjen med 6.600 omfatta Fellesforbundet-medlemmar,
• grossistlager (Virke) med 3.700,
• flyarbeidarar med 1.600,
• avis, avispakkeri og trykkeri med 600,
• glasarbeidarar med 320,
• miljøverksemder med 230.
I alle tariffoppgjera har forhandlingsutvala einstemmig anbefalt medlemmane å stemme ja til resultatet.
Resultatet av avstemmingane blir vanlegvis offentleggjort dagen etter fristen.
Sjå alle datoane her.
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Flere saker
Neste uravstemming i lønnsoppgjeret
har frist 2. juni, for:
• bilbransjen med 6.600 omfatta Fellesforbundet-medlemmar,
• grossistlager (Virke) med 3.700,
• flyarbeidarar med 1.600,
• avis, avispakkeri og trykkeri med 600,
• glasarbeidarar med 320,
• miljøverksemder med 230.
I alle tariffoppgjera har forhandlingsutvala einstemmig anbefalt medlemmane å stemme ja til resultatet.
Resultatet av avstemmingane blir vanlegvis offentleggjort dagen etter fristen.
Sjå alle datoane her.