JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Koronakrisa

Fagforeiningar krev lengre permitteringsperiode

For at ikkje bedriftene skal seie opp tilsette, må regjeringa varsle allereie no at permitteringsperioden blir forlenga. Det krev fagforeiningane i hotell og restaurant.
Arkivfoto.

Arkivfoto.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

Fredag møtte leiarane i fagforeiningane til restaurant- og hotelltilsette Ap-leiar Jonas Gahr Støre, SV-leiar Audun Lysbakken og Sp-politikar Jan Bøhler.

Der fortalde dei om ein situasjon i bransjen som framleis ser mørk ut fram til hausten neste år, når vaksinen mot covid-19 tidlegast er venta å føre til at ting normaliserer seg.

Ikkje tid til å vente

Sidan perioden permitterte kan få dagpengar vart forlenga til 49 veker, til mars 2021 for dei som vart permittert i mars 2020, har oppseiingane enno ikkje komme for fullt.

– Men vi trur at vi kjem til å merke det i løpet av kort tid dersom vi ikkje får ein lengre permitteringsperiode, sa Børge Ånesen i Fellesforbundet-avdelinga i Trondheim.

– Vi har fått mange av oppseiingane trekt tilbake, men vi veit at oppseiingane kjem om vi ikkje får signal frå Stortinget om at permitteringsperioden blir utvida til over sommaren, sa Djevat Hisenaj i Bergen.

I Oslo har derimot nedbemanninga allereie starta i stort omfang.

– Førre fredag sat vi med 40 nye oppseiingar på to dagar. Mange får rett og slett oppseiingar i julegåve. Fordi mange har tre og seks månaders oppseiingstid, har vi ikkje tid til å vente til etter jul med å utvide permitteringsperioden, sa Merethe Solberg i Oslo.

Les også: Regjeringa gav etter for press frå LO og NHO. Det berget 46.000 arbeidsplassar

Forlenga dagpenge-reglar

Også den høgare dagpenge-satsen på 80 prosent av delen inntekt under 304.000 kroner (tre gongar grunnbeløpet i folketrygda) er forlenga ut mars. Den må forlengast ytterlegare for å gi tilsette føreseielegheit, krev fagforeiningsleiarane.

– Dei som er permittert jobbar primært i låglønnsbransjane. Med 80 prosent har dei hatt moglegheit til å vareta familien. 62,4 prosent vil føre til meir fattigdom, blant eineforsørgarar som bruker ressursane til å halde barn i SFO og barnehage. Mjølk og brød blir ikkje billegare sjølv om det er pandemi, påpeika Ånesen.

– Vi snakkar mykje om bedrifter som går konkurs, men medlemmene våre går også personleg konkurs. Dei har ikkje pengar til husleige, mat og å forsørge barna sine, sa Solberg.

– Vi er den dårlegaste betalte bransjen i Norge med mange som jobbar deltid. Mange gruer seg til neste år når feriepengane ikkje kjem. Mange bygger kredittkortgjeld med katastrofale konsekvensar. Vi håpar at satsane blir vidareført, for det har stor betydning for om mange har mat på bordet eller ikkje, sa Hisenaj.

Fekk du med deg denne? Permitterte Magne (55) jublar over regjeringas snuoperasjon: – Ein gledas dag

Held fram å fremme forslag

Å gjeninnføre ferietillegget frå Nav som regjeringa fjerna frå 2015, har vore eit sentralt krav frå LO og dei raudgrøne partia, men forslaget har blitt stemt ned av regjeringspartia og Frp på Stortinget.

– Vi har vore klare på feriepengane, sa Jonas Gahr Støre som viste til at mellom 250.000 og 300.000 ikkje vil få ferietillegg frå Nav i 2021.

– Regjeringa må komme med ei avklaring av permitteringsperioden no i desember sånn at folk ikkje får oppseiingar i julegåve, slo Jan Bøhler fast.

– Vi veit at det er arbeidsfolk som betaler den største prisen for krisa, ikkje minst medlemmene i dykkar bransje. Vi skal halde fram å fremme forslag, sa Audun Lysbakken.

Fleire mellombelse

Fagforeiningsleiarane uttrykker også ein frykt for at oppseiingar i bransjen vil føre til færre faste og fulle stillingar etter krisa, og meir bruk av ekstrahjelper og deltid enn det allereie er.

– Vi høyrer frå arbeidsplassane at arbeidsgivarane ønsker å få grunnbemanninga på det heilt lågaste for å kunne bruke fleire ekstrahjelper, sa fagforeiningsleiar Merethe Solberg.

Fellesforbundet klarte ikkje å stramme inn reglane i tariffavtala i årets lønnsoppgjer.

Derfor hastar det å fjerne den generelle åtgangen til mellombelse stillingar som regjeringa innførte i 2015, meiner foreiningane.

– Vi vil sjølvsagt prøve å endre arbeidsmiljølova om vi vinn valet, men det er altfor lenge til. Det burde vore ei forplikting for dei store bedriftene at dei ikkje kan seie opp i perioden dei får pengar frå staten, meiner Lysbakken.

– Med oss i regjering skal første lovforslag vere å oppheve bestemminga. Vi skal ha heile og faste stillingar, ikkje tilsette utan lønn mellom oppdrag, lover Støre.

– No er det arbeidsfolks tur. Vi har hatt sju år med Høgre og Frp i regjering, der andre har komme først i køen.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse