JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lokale lønnsforhandlingar:

Hotelltilsette får lite eller ingenting i lønnstillegg, men hotellsjefane får saftige lønnshopp

Choice-sjefen hadde ein lønnsvekst på 35 prosent same år som dei tilsette på hotella fekk null i lokale lønnsforhandlingar.
GÅR SÅ DET SUSAR: Eigar og styreleiar Petter Stordalen i Choice-konsernet, kan glede seg over utbytte i hundremillionersklassen dei siste åra. Også konsernsjef Torgeir Silseth fekk merke dei gode tidene gjennom store lønnshopp.

GÅR SÅ DET SUSAR: Eigar og styreleiar Petter Stordalen i Choice-konsernet, kan glede seg over utbytte i hundremillionersklassen dei siste åra. Også konsernsjef Torgeir Silseth fekk merke dei gode tidene gjennom store lønnshopp.

Nordic Choice Hotels

tormod@lomedia.no

Tilsette i dei store hotellkjedene har fått lite eller ingenting i lokale lønnsforhandlingar dei siste tre åra. Magasinet for fagorganiserte har undersøkt kva toppsjefane i dei tre største hotellkjedene har fått i lønnsvekst same periode.

Ikkje meir pengar

Førre veke skreiv Magasinet om utbyttefest blant eigarane i dei store hotellkjedene dei tre siste åra. I same periode har hotella sine reinhaldarar, resepsjonistar, servitørar og kokkar fått lite eller ingenting i lokale lønnstillegg. I årets forhandlingar er resultatet 15 øre i timen i Choice, mens det er null i Scandic og Radisson. Thon har enno ikkje forhandla.

p

Fellesforbundet-medlemmene gjennomførte ein tøff og langvarig streik i 2016, nettopp for lokale forhandlingar i tillegg til dei sentrale. Håpet var at det ville løfte lønna i ein av dei mest lågtlønte bransjane med lågast lønnsvekst. Sånn har det ikkje gått. Det er ikkje er meir pengar igjen, er bodskapen frå arbeidsgivarane.

I Choice fekk dei tilsette null i fjor og det føregåande årets lokale lønnsforhandlingar. For toppsjefen har lønnsveksten vore ein heilt annan.

35 prosent lønnsvekst

Konsernsjef Torgeir Silseth i Nordic Choice fekk eit lønnshopp på heile 35 prosent i 2017, opp til 4,9 millionar kroner i lønn, pensjon og godtgjering. Året etter var auken på 23 prosent, opp til 6,5 millionar kroner. Silseth tar del i eit bonusprogram, men det går fram ikkje av rekneskapane kor mykje av lønna som er bonus.

Choice-sjefen har også ein fallskjerm tilsvarande seks månader lønn dersom han seier opp sjølv. Dersom han blir sagt opp, svarar fallskjermen til 12 månader lønn. Dette er i tillegg til vanleg lønn i oppseiingstida.

Det er som regel styra i selskapa som fastset lønna til sjefane. Vi har derfor spurt styreleiar Petter Stordalen om ein kommentar. Han har ikkje svart på Magasinet sine gjentatte førespurnader gjennom måndag og tysdag.

Vil ikkje kommentere

I Scandic-kjeda fekk dei tilsette 15 øre i dei lokale lønnsforhandlingane i fjor, mens resultatet elles har vore null.

Scandic-sjef i Norge, Svein Arild Steen-Mevold, har derimot fått reale lønnshopp. Auken var på 32 prosent i 2017, opp til 3,8 millionar kroner i lønn, pensjon og godtgjering. Lønna auka med heile 35 prosent i fjor, opp til 5,2 millionar kroner.

Magasinet har vore i kontakt med styreleiar Paul Morten Brodahl i Scandic Hotels. Han ønsker ikkje å kommentere lønna til Steen-Mevold eller svare på spørsmåla våre.

p

16 prosent i Thon

Dei Thon-tilsette fekk 10 øre i fjorårets lokale lønnsforhandlingar, og året før var resultatet null.

Konserndirektør for Thon-hotella, Morten Thorvaldsen, hadde på si side ein lønnsvekst på 16 prosent i 2017, opp til 3,1 millionar kroner. Auken var 6 prosent året etter, opp til 3,3 millionar kroner.

Magasinet har vore i kontakt med kontoret til styreleiar Olav Thon, som enno ikkje har svart på førespurnaden vår som vart mottatt måndag formiddag.

Moderat lønn

– Det er ikkje naturleg for NHO Reiseliv å kommentere lønningane til desse namngitte enkeltpersonane. Norske leiarlønningar er på eit generelt grunnlag moderate samanlikna med andre land, seier direktør for arbeidslivspolitikk Magne Kristensen i NHO Reiseliv til Magasinet.

Warning
Annonse
Annonse