Straumprisen
Industrien slit med straumprisane: Fekk nesten like stor straumrekning i september som heile 2020
Konkurransefortrinnet har forsvunne for Raufoss-industrien, som eksporterer nesten alt dei lagar. Konsekvensen kan bli investeringsstopp, permitteringar og i verste fall industridød i Innlandet.
INVESTERINGS-STOPP: Rekordhøge straumprisar betyr investeringsstopp i propangassbehaldar-fabrikken Hexagon Ragasco på Raufoss, fortel direktør Skjalg Stavheim.
Håvard Sæbø
tormod@lomedia.no
RAUFOSS: I september fekk industribedrifta Hexagon Ragasco ei straumrekning på 3,5 millionar kroner. For heile 2020, med normale straumprisar, var rekninga på 3,7 millionar.
– Konsekvensen er investeringsstopp, fortel direktør Skjalg Stavheim til Magasinet for fagorganiserte.
– Om vi bruker alle pengane på straumrekninga, blir det ikkje likviditet igjen til maskiner, utstyr og investeringar i produksjonen.
Også Benteler Raufoss fekk ei sjokkrekning på straumen. Bedrifta budsjetterte med 1,5 millionar kroner til straum i september. Rekninga vart på 9 millionar, fortel klubbleiar Sindre Ensrud.
– Vi kan komme i ein situasjon der vi må stenge ned noko produksjon for å spare pengar, seier Ensrud.
Ragasco og Benteler har høvesvis 140 og 500 tilsette, og lagar høvesvis propangassbehaldarar og aluminiumsdelar til bilfabrikkar. Bedriftene eksporterer så godt som alt dei lagar ut av Norge.
No har ein konkurransefordel på den internasjonale marknaden forsvunne for Raufoss-industrien: billig straum.
Løysing frå nyttår?
Regjeringa er riktig nok einig med SV om ei straumstøtteordning for bedrifter.
Den har eit tak på 3,5 millionar kroner per bedrift, knytt til krav om energisparing. Og den skal trå i kraft 1. januar 2023.
– For seint, for lite og bommar på industrien i Innlandet, oppsummerer Erland Paulsrud.
Han er leiar for nettverket for industribedrifter i fylket, NCE Manufacturing. Nettverket har 60 medlemsbedrifter i Innlandet, med 4.000 tilsette, ei omsetning på 13 milliardar i året og eksportdel på 80 prosent.
1.600 av industriarbeidarane er organiserte i Raufoss Jern- og Metallarbeiderforbund i Fellesforbundet.
– Eg trur det blir permitteringar allereie frå nyttår, seier fagforeiningsleiar Bjørn Sigurd Svingen til Magasinet.
– Vi treng stabile rammebetingingar for vareproduserande industri på lengre sikt, meiner Paulsrud.
Fastprisavtaler på straum, har vore regjeringa sitt svar. Regjeringa har foreslått ei skatteendring som skal gjere det gunstigare for kraftprodusentane å selje straum til fast pris. Også denne endringa skal innførast frå nyttår.
Kva prisane blir, er det derimot ingen som veit.
Næringsminister Jan Christian Vestre har vist til at spotprisen er spådd ned i 93 øre i 2025, som ein peikepinn.
Debatt: «Vi kan ikke akseptere dagens strømpriser på en vare vi eier i felleskap»
Ikkje bra nok
Den straumprisen per kilowattime er ikkje låg nok for industribedriftene i Innlandet.
– Ein del bedrifter slit med 70 øre, hevdar Paulsrud.
– Vi må ned på ein tredel av ei krone for å konkurrere med store internasjonale bedrifter, meiner Stavheim i Ragasco.
– Vi må få tilbake ein føreseieleg kraftpris på under 50 øre i industrien. Det er heile Norge tent med, meiner tillitsvalt Ensrud i Benteler.
Målet til regjeringa er å auke eksporten frå fastlandsindustrien med 50 prosent innan 2030. Det målet blir ikkje nådd med dagens straumprisar, åtvarar Paulsrud i NCE Manufacturing.
Fagforeningsleiar Svingen går enda hardare ut:
– Skal vi i det heile ha produksjon og industri i heile landet, er det soleklart at prisane ikkje kan vere kopla til dei europeiske frimarknadsprisane. Vi må ha statleg styring av kraftomsetninga, seier han.
– Alle andre land i Europa tar no grep, og dette er forventa politikk frå ei regjering på venstresida i norsk politikk. Om ikkje, har dei ingen truverd.
Mye lest: Adrian organiserte kollegaene, fekk sparken og vann fram i retten: – Eg ville gjort det igjen
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.