Tormod Ytrehus" />
– Eg drøymer om å leve eit anstendig liv, ikkje om å bli rik. Det meiner eg ikkje er å forlange for mykje, seier rumenske Adrian Dumitrescu.

– Eg drøymer om å leve eit anstendig liv, ikkje om å bli rik. Det meiner eg ikkje er å forlange for mykje, seier rumenske Adrian Dumitrescu.

Tormod Ytrehus

Arbeidsinnvandrarar og fagorganisering

Adrian organiserte kollegaene, fekk sparken og vann fram i retten: – Eg ville gjort det igjen

Rumenske Adrian Dumitrescu organiserte kollegaene i bemanningsbyrået, fekk sparken og vann fram i retten. No har sveisaren fått ny jobb på Aker Stord og drøymer om å hente kona og ungane til Norge.

tormod@lomedia.no

Adrian Dumitrescu organiserte kollegaene sine i bemanningsbyrået Offshore Support Nord i 2018.

Han hadde vore utleigd til eit selskap i Danmark, der dei tilsette var fagorganiserte, og tok med seg kunnskapen tilbake til Stord og dei rumenske kollegaene som var utleigde til Oma Båtbyggeri.

Fellesforbundet-klubben fekk på plass tariffavtale i bemanningsbyrået og gjennomslag for kravet om gratis flybillettar heim til Romania.

Så fekk klubbleiaren sparken i 2020. Det var eit forsøk på fagforeiningsknusing, meinte Adrian Dumitrescu, Fellesforbundet og LO. Dei tok saka til retten og vann fram på alle punkt i 2021.

– Eg gjorde det for kollegaene mine og andre arbeidsinnvandrarar i Norge. Eg ville vise at vi ikkje finn oss i kva som helst, seier han halvanna år etter at dommen falt.

Ville gjort det igjen

Gjennom tvangsinndriving fekk Dumitrescu til slutt pengane han skulle ha i oppreising og erstatning, men vart forsøkt permittert frå jobben og forhindra frå å komme tilbake i arbeid på Oma Båtbyggeri.

Han er enno ikkje ordentleg på fote, fortel Dumitrescu. Han har framleis gjeld igjen å betale frå da han under rettssaka gjekk utan arbeid og inntekt i Romania.

– Men eg ville gjort det igjen. Eg er ikkje ein egoistisk person.

Han håpar organiseringa i bemanningsbyrået og rettssaka har gjort ein forskjell i norsk arbeidsliv. Han håpar kampen hans også har bidratt til innstramminga i innleige-reglane som er på veg frå regjeringa.

– Ver sterke saman og kjemp for rettane dokker, men kjenn rettane dokker først, er meldinga hans til andre arbeidsinnvandrarar.

Bakgrunn:

Adrian organiserte sine rumenske kollegaer og sørget for tariffavtale. Så ble han sagt opp

Sjefen var lei av Adrian, sa ham opp og skyldte på skulking

Full seier til oppsagt klubbleder Adrian Dumitrescu

Fekk ny jobb

I fjor haust fekk rumenaren ein telefon frå Fellesforbundet-klubben og deretter bedriftsleiinga på verftet Aker Solutions Stord, som lurte på om Dumitrescu var interessert i jobb.

I januar reiste han til Norge for å ta sveisar-sertifiseringa han trong, og i mars hadde han flytta tilbake til Stord og var på plass i ny jobb.

– Eg har det bra. Eg var litt redd da eg starta for kva som skjedde om eg gjorde noko feil, og eg kjente ikkje kollegaane mine. Men eg har gjort jobben. Og eg har mange utviklingsmoglegheiter her på Aker. Einaste minus er at eg ikkje snakkar norsk.

No konsentrerer 35-åringen seg om sveisarjobben. Inntil vidare har han lagt tillitsvalthjelmen på hylla.

– Eg er lei av å slåst. Det vart for mykje.

– Eg drøymer om å leve eit anstendig liv, ikkje om å bli rik. Det meiner eg ikkje er å forlange for mykje, seier Adrian.

– Eg drøymer om å leve eit anstendig liv, ikkje om å bli rik. Det meiner eg ikkje er å forlange for mykje, seier Adrian.

Tormod Ytrehus

Alt er for familien

Han jobbar skift og mest mogleg overtid for å få avspasering han kan bruke på å reise heim til familien. Han har også tatt offshore-kurs og håpar på turar med rotasjonsarbeid sånn at han opparbeider meir samanhengande fritid.

Heime saman med familien i Romania har han ikkje vore sidan i sommar, da han tok ut sommarferie utan feriepengar.

– Den yngste sonen min spør «når kjem du? Når kjem du?», seier han vemodig og forklarer at han skal heim seks dagar i oktober.

Dumtrescu har to gutar på 5 og 9 år. Han ringer heim til kona og borna tre gongar om dagen: i kaffipausen, i lunsjen og på video etter jobb. Og så blir det gjerne ein telefon for å seie god natt.

I helgene er telefonen på heile dagen. Resten av fritida går med til PC-spel i hybelen han leiger frå Aker, å sjå på Youtube og gå tur.

Sånn har kvardagen vore sidan han reiste utanlands for å jobbe i 2011, før han gifta seg og fekk sitt første barn.

– Det er ikkje artig. Eg får ikkje sjå utviklinga til borna og svare på spørsmål. Dei har så mange spørsmål om verda. Men eg må ofre litt for å gi dei eit betre liv. Eg kunne jobba i Romania og overlevd, men ikkje hatt den bilen vi har og gass til oppvarming.

– Alt er for familien min, for eit betre liv og moglegheiter for barna.

Drøymer om nytt liv i Norge

Målet er å hente familien til Norge – å tene opp nok pengar til å leige ei leilegheit, kjøpe ny bil og flybillettar til familien. Han reknar med at han må spare opp tretti-førti tusen kroner etter at gjelda er betalt.

Planen er også å lære seg norsk for å kunne ta fagbrev som sveisar. Da blir lønna høgare.

– Eg drøymer om å leve eit anstendig liv, ikkje om å bli rik. Det meiner eg ikkje er å forlange for mykje.

Mye lest: 150 fast ansatte tvinges til å bli sesongarbeidere: - Helt uhørt

Dette er saka:

2018:

Rumenarane i bemanningsbyrået Offshore Support Nord, utleigde til Oma Båtbyggeri på Stord, organiserer seg og får på plass tariffavtale.

2020:

Dumitrescu får sparken når han på sommaren er heime i Romania med ei skada hand. Han, Fellesforbundet og LO meiner oppseiinga er eit forsøk på fagforeiningsknusing, og dei tar saka til retten. Dei meiner oppseiinga er usakleg og ugyldig, og dessutan full av formelle feil.

2021:

LO-sekretariatet gir Dumitrescu 50.000 kroner frå eit fond som kan brukast til livsopphald under rettssaker som er viktig for norsk arbeidsliv.

I Sunnhordland tingrett seier sjefen for bemanningsbyrået, Jørgen Reed, at han var lei av Dumitrescu. Han samanliknar utanlandske arbeidarar med ungar, hevdar at dei berre er opptatt av pengar og ikkje går av vegen for å ljuge.

Hadia Tajik nemner Dumitrescu si sak i landsmøtetalen sin, som eit eksempel på urettferd i arbeidslivet.

Ein einstemmig tingrett gir Dumitrescu medhald på alle punkt. Han får til saman 342.000 kroner i oppreising og erstatning, og Offshore Support Nord må betale sakskostnadene hans på 200.000. Sjefen blir stilt personleg ansvarleg i frykt for at han skal slå selskapet konkurs.

Dumitrescu blir forsøkt permittert og forhindra frå å jobbe på Stord, og pengane må tvangsinndrivast.

2022:

Dumitrescu får seg ny jobb i Aker Solutions Stord. Offshore Support Nord blir slått konkurs, men ein del av dei tilsette skal ha blitt overført til eit nytt selskap.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss