JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Nye skattereglar for tips:

Kan arbeidsgivar ta delar av tipsen til tilsette? Denne rettssaka vil påverke heile bransjen

Hotell og restaurantar stel tipspengar frå tilsette, meiner Fellesforbundet. No skal det bli avgjort om arbeidsgivarar kan ta delar av tipsen for å dekke eigne utgifter.
HEILE BRANSJEN: Sjølv om tilsette og Fellesforbundet møter Oslo-hotellet Hotel Bristol i retten, vil utfallet få betydning for heile hotell- og restaurantbransjen.

HEILE BRANSJEN: Sjølv om tilsette og Fellesforbundet møter Oslo-hotellet Hotel Bristol i retten, vil utfallet få betydning for heile hotell- og restaurantbransjen.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

Saka går i Oslo tingrett frå 10. til 12. mai.

Ni Fellesforbundet-medlemmer har saksøkt Hotel Bristol i Oslo, med krav om at hotellet sluttar å trekke arbeidsgivaravgift og administrasjonskostnader frå tipsen deira. I tillegg krev dei erstatning for tapet frå praksisen vart innført 1. januar 2019.

Samtidig har 14 Parat-medlemmer saksøkt Oslo Plaza Hotel med same krav, og sakene er foreina i tingretten.

Hotelltilsette: – Vi har aldri tent så dårleg i forhold til resten av samfunnet

Tips-strid

Striden står om det er innanfor den såkalla styringsretten til arbeidsgivarane, å trekke frå tipspengane for å dekke eigne utgifter. Det er det ikkje, hevdar Fellesforbundet og LO-advokatane.

– Tips er ei frivillig gåve som gjestane gir til dei tilsette, heiter det i sluttinnlegget til tingretten, som arbeidsgivarane ikkje einsidig kan bestemme over.

Begge partar viser til den såkalla Theatercafe-dommen frå Høgsterett i 2008, som slår fast at arbeidsgivarar kan fordele tipsen mellom tilsette. Det betyr ikkje at dei kan ta delar av den for å dekke eigne utgifter, påpeikar LO-advokatane.

Motparten meiner tips-trekka er innanfor styringsretten, men NHO Reiseliv-advokatane skriv at arbeidsgivarane ikkje er ueinige i at tilsette har krav på erstatning dersom trekka er ulovlege.

Bemanningsbransjen: Full seier til oppsagt klubbleder Adrian Dumitrescu

Ny tips-skatt

Nye skattereglar frå 1. januar 2019, utløyste tips-striden. Då fekk arbeidsgivarar ansvar for å rapportere inn og trekke forskotsskatt av pengane.

Fellesforbundet og LO ønskte dei nye reglane velkomne, fordi tipsen ville inngå i grunnlaget for pensjon, sjukepengar og feriepengar. Den inngår dessutan i dagpenge-grunnlaget for permitterte og arbeidslause.

Forbundet protesterte derimot og kalla det tjuveri, då NHO Reiseliv instruerte medlemsbedriftene om at dei kunne trekke eigne utgifter frå tipspengane. På den måten slapp bedriftene dei ekstra utgiftene til arbeidsgivaravgift og administrasjon, som i staden vart lagt over på dei tilsette.

Ti tiltak: Slik vil Fellesforbundet gjenreise reiselivet

Heile bransjen

Olav Thon Gruppen som Hotel Bristol er ein del av, trekker omtrent 10,5 prosent av tipsen til arbeidsgivaravgift og 5 prosent til administrasjon. Etter at skatt, pensjon og feriepengar er trekt frå, sit dei tilsette dermed igjen med ei månadleg utbetaling på under halvparten av pengane dei har dratt inn.

Fleire enn dei tilsette på Hotel Bristol kan vente spent på dommen, for dette er første gong spørsmålet blir prøvd i retten.

– Utfallet har betydning for heile bransjen, understrekar forbundssekretær Clas Delp i Fellesforbundet.

– Saka har prinsipielle sider som det er greitt å få rettens avklaring på, stadfestar direktør for arbeidslivspolitikk Magne Kristensen i NHO Reiseliv.

Styringsretten

Arbeidsgivar sin styringsrett er ikkje lovfesta, men uttrykt i fleire dommar frå Høgsterett. Ein av dei er «Nøkk-dommen» frå 2000:

«Arbeidsgiveren har i henhold til styringsretten rett til å organisere, lede, kontrollere og fordele arbeidet, men dette må skje innenfor rammen av det arbeidsforhold som er inngått. Ved tolkingen og utfyllingen av arbeidsavtalene må det blant annet legges vekt på stillingsbetegnelse, omstendighetene rundt ansettelsen, sedvaner i bransjen, praksis i det aktuelle arbeidsforhold og hva som finnes rimelig i lys av samfunnsutviklingen.»

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Styringsretten

Arbeidsgivar sin styringsrett er ikkje lovfesta, men uttrykt i fleire dommar frå Høgsterett. Ein av dei er «Nøkk-dommen» frå 2000:

«Arbeidsgiveren har i henhold til styringsretten rett til å organisere, lede, kontrollere og fordele arbeidet, men dette må skje innenfor rammen av det arbeidsforhold som er inngått. Ved tolkingen og utfyllingen av arbeidsavtalene må det blant annet legges vekt på stillingsbetegnelse, omstendighetene rundt ansettelsen, sedvaner i bransjen, praksis i det aktuelle arbeidsforhold og hva som finnes rimelig i lys av samfunnsutviklingen.»