Lønnsoppgjøret 2022
Mariann og kollegene får ein mindre del av kaka enn andre industriarbeidarar
I årets lønnsoppgjer må tilsette i tekstilindustrien få eit lønnsløft som gjer at låglønna er historie, krev Fellesforbundet.
OPP MED LØNNA: Lønnssatsene i Teko-bransjen må opp. Elles må tilsette i tekstilindustrien over på same overeinskomst som verkstadindustrien, meiner klubbleiar Mariann Rustad i bedrifta Interfil i Skjåk.
Tormod Ytrehus
tormod@lomedia.no
SKJÅK: – Når bedrifta går godt, skal vi ha vår del av kaka, seier Mariann Rustad.
Ho er klubbleiar for rundt førti Fellesforbundet-medlemmer på Teko-bedrifta Interfil i Skjåk. I tjue år har ho jobba på ulike arbeidslinjer i bedrifta som lager filter til ventilasjon. Ho har også vore med i forhandlingsutvalet i dei tre siste hovudoppgjera i industrien.
– Eg ser på det som eit mål i det sentrale oppgjeret å få opp lønna i Teko sånn at låglønna er historie, seier Rustad.
Ho ser ut til å ha støtte for lønnskravet heilt til topps. Forbundsleiar og lønnsoppgjers-general Jørn Eggum har sagt at Fellesforbundet ikkje kan leve med låglønn i ein bransje som går så godt.
Får mindre av verdiskapinga
Bakgrunnen: Dei siste tjue åra har tilsette i tekstilindustrien fått mindre av kaka enn tilsette i industrien samla sett. Eit mål på kor mykje av verdiskapinga som går til arbeidarane, er lønnsdelen. Lønnsdelen er prosenten lønnskostnadene utgjer av driftsresultatet og lønnskostnadene lagt saman.
Alle år etter år 2000 har lønnsdelen i tekstilindustrien vore lågare enn i industrien samla sett. Den har i snitt vore 82 prosent i industrien og under 70 prosent i tekstilindustrien. Det viser reknestykket vårt basert på tal frå Nasjonalrekneskapen/Statistisk sentralbyrå.
Lønnsdelen har ikkje gått ned fordi lønna har blitt lågare, men fordi driftsresultata aukar. Altså: Lønna har ikkje haldt tritt med verdiskapinga.
Lønnsdelen i industrien/tekstilindustrien 1970-2020
Det gjer at Teko-bransjen bruker å få låglønnstillegg i lønnsoppgjera. Dei tilsette tener altså i snitt under 90 prosent av ei industriarbeidarlønn, noko som er ein vanleg definisjon på låglønn. I 2020 tente Teko-tilsette 86 prosent av lønna til ein industriarbeidar, ifølge lønnsstatistikk Magasinet har fått tak i.
Vi har lagt fram saka for arbeidsgivarforeininga Norsk Industri og spurt om ein kommentar, men dei vil ikkje uttale seg.
Lønnsoppgjøret forklart: Slik bestemmes den nye lønna di
Ingen grunn til låglønn
– Lønna i bransjen er altfor dårleg. Det heng saman med at Teko var ein damebransje.
– Teko-overeinskomsten er umoderne. Utviklinga har gått raskare i bedriftene enn i overeinskomsten.
Det seier klubbleiar Mariann Rustad etter å ha vist Magasinet rundt på ein topp moderne arbeidsplass. I dag er det omtrent 50/50 kvinner og menn i bransjen, og mykje av arbeidet har blitt automatisert.
– Det er høg produktivitet og god økonomi i Teko-bedriftene. Enkelte små bedrifter balanserer på knivseggen, men eg synest ikkje det er rett at lønna mi skal vere lågare fordi enkelte bedrifter ikkje klarer seg. Om bedrifta ikkje klarer seg, så sorry mac. Da er den ikkje liv laga.
– Vi må få opp lønnssatsane i overeinskomsten. Elles må vi vurdere om vi skal kvitte oss med heile Teko-delen, slår Rustad fast og viser til at den kan bli erstatta av Verkstadsovereinskomsten som har høgare lønnssatsar.
Oversikt: Vet du når lønna di skal forhandles? Her kan du se når de ulike oppgjørene starter
Teko
Teko-overeinskomsten er i dag ein del av tariffavtala Industriovereinskomsten med Norsk Industri, saman med den viktige Verkstadsovereinskomsten (VO-delen).
Tekstilindustrien er dermed ein del av frontfaget som forhandlar først i forbundsvise hovudoppgjer.
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Flere saker
Teko
Teko-overeinskomsten er i dag ein del av tariffavtala Industriovereinskomsten med Norsk Industri, saman med den viktige Verkstadsovereinskomsten (VO-delen).
Tekstilindustrien er dermed ein del av frontfaget som forhandlar først i forbundsvise hovudoppgjer.