JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Dagpengar til permitterte:

Nav tilbakebetaler trekk i dagpengar. Sånn får du pengane tilbake

Nav har slutta å trekke forskot frå utbetalinga av dagpengar, men du må sjølv be om å få pengane dine tilbake.

Colourbox

tormod@lomedia.no

Arbeidsministeren opplyste 19. mai at Nav sluttar å trekke forskot frå utbetalingar av dagpengar fram til lønnskompensasjonen frå Nav er på plass.

Nav har fått kraftig kritikk for å krevje tilbake pengar samtidig som permitterte manglar ei utbetaling frå Nav på nesten ei heil månadslønn.

Les også: Så lenge har permitterte rett på dagpengar

nettsidene sine skriv Nav at du må melde frå sjølv dersom du ønsker å få tilbakebetalt trekk av forskot i dagpengane dine. Dette gjer du på sidene «skriv til oss» på nav.no.

Eit månadleg forskot har permitterte og arbeidsledige kunna søke om i snart to månader. Nav har så langt utbetalt tre milliardar kroner i forskot til 165.500 personar.

Nav er nemleg grundig forseinka i behandlinga av dei 442.000 dagpenge-søknadene som har komme inn etter 12. mars. Nav har tidlegare sagt at saksbehandlinga vil ta unormalt lang tid fram til august.

Les også: Dette er Nav-ytingane du har krav på i dei fem forskjellige fasane som permittert

Også lønnskompensasjonen er forseinka etter at den vart vedtatt av Stortinget 20. mars. Ordninga skal sikre permitterte ei utbetaling frå Nav tilsvarande 18 dagar full lønn.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse