JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Korona-krisa:

Nettmøte er fagforeiningane sitt nye våpen

I ein situasjon med permitteringar, oppseiingar og konkursar, må fagforeiningane tenke nytt.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

OSLO: Kontoret til Fellesforbundet-avdelinga er folketomt. Sett bort frå leiar Petter Vellesen i Oslo Bygningsarbeiderforening. Han har sette seg bak datamaskina for å delta på nettmøte med tillitsvalde.

Saka held fram under bildet.

Tormod Ytrehus

Vareta rettane

– De må dempe lyden når de ikkje vil seie noko, elles blir det mykje støy på linja, seier Joachim Espe, leiar for Rørleggernes Fagforening, frå heimekontoret.

For å forhindre koronasmitte, har avdeling 603 og 605 stoppa den fysiske møteverksemda. Byggeplass-besøka er det også slutt på inntil vidare. Dermed må møta skje digitalt.

18 tillitsvalde deltek i foreiningane sitt første nettmøte.

– Sjølv om det er unntakstilstand, skal vi passe på at avtaleverket blir følgt opp, og at rettane våre blir varetekne, seier Espe til dei tillitsvalde på Oslos byggeplassar.

p

Enkelt å bruke

Då byggforeiningane skulle starte digital møteverksemd, var krava at plattforma var enkel å bruke og at mange kunne delta utan særleg forarbeid.

Valet falt på programmet «Zoom», også testa og utpeika som favoritt av FriFagbevegelse. Her kan ein dele dokument og rekke opp ei virtuell hand. Med gratisversjonen kan opptil hundre personar delta samtidig.

Unntakstilstand

Framover skal dei ha vekentlege nettmøte med tillitsvalde og tilsette som no opplever permitteringar, oppseiingar og unntakstilstand.

– Situasjonen vi er inne i ville normalt ført til høg aktivitet i fagrørsla og massemobiliseringar, seier Joachim Espe til Magasinet.

– Då er det viktig at vi bruker dei enkle og tilgjengelege reiskapane vi har for å vareta medlemmene sine interessar så langt vi klarer.

Saka held fram under bildet.

Privat

Ti år fram i tid

– Vår erfaring i løpet av den siste dryge veka, er at nettmøte er eit glimrande reiskap for å halde kontakten med både tillitsvalde og eigne tilsette, seier Espe.

– Etter isolasjons-tiltaka trur eg vi kjem til å bruke nettmøte i mykje større grad enn tidlegare, blant anna for å halde løpande kontakt med klubbtillitsvalde.

– Nokre har sagt at korona-krisa har ført oss ti år fram i tid når det gjeld digitale løysingar, legg Petter Vellesen til.

Saka held fram under bildet.

Tormod Ytrehus

Fysisk er best

Fellesforbundet sine 160 tilsette sentralt og på administrative distriktskontor, er også oppfordra til å jobbe heimanfrå. Alt av konferansar og kurs er utsette til 1. august. Møteverksemd skjer på internett.

– Etter mi meining er nettmøte fine når ein skal ta raske avgjerder, eller informere mange på kort varsel. Men fysiske møte er nok det beste, reint generelt, understrekar Vellesen.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse