Koronakrisa:
NHO permitterer tilsette. Reiselivet sin organisasjon er hardast ramma
Sju av ti tilsette i NHO Reiseliv er permittert.
HARDT RAMMA: Reiselivet, hotell og restaurantar, er hardt ramma av koronakrisa. I påska måtte også NHO Reiseliv, leia av Kristin Krohn Devold, permittere tilsette.
Terje Pedersen / NTB scanpix
tormod@lomedia.no
Koronakrisa har ført til stengde bedrifter og massepermitteringar. Det rammar også NHO som organiserer mange av dei kriseramma bedriftene.
Hovudorganisasjonen og tre av landsforeiningane deira har permittert tilsette, ifølge ei oversikt Magasinet for fagorganiserte har henta inn frå NHO og landsforeiningane.
Reiseliv hardast ramma
Hardast ramma er NHO Reiseliv. Over halvparten av medlemsbedriftene deira er stengde og manglar pengar til å betale rekningar.
Landsforeininga vil ikkje seie talet permitterte tilsette, men stadfestar at omtrent 70 prosent har vore heilt eller delvis permittert sidan påske. NHO Reiseliv hadde 50 tilsette i februar, ifølge offisiell føretaksinformasjon.
– Organisasjonen beheld høg beredskap og personell knytt til arbeidet med krisetiltak mot myndigheitene og hjelp til medlemsbedriftene, skriv kommunikasjonsdirektør Merete Habberstad i ein epost til Magasinet.
Følger opp medlemmer
Blant dei andre landsforeiningane er tre tilsette permittert i NHO Service og Handel, mens åtte permitterte i Norsk Industri var tilbake på jobb måndag. Sentralt i NHO har 13 tilsette vore permittert sidan påske.
– Felles for desse permitteringane er at dei ikkje rører ved kjerneoppgåvene våre, skriv kommunikasjonsdirektør i NHO, Peter Markovski, i ein epost til Magasinet.
– For eksempel er ikkje medlemssørvis og arbeidsgivarbistand råka, og vi har omprioritert internt for å sikre oppfølging av medlemmene våre, held han fram.
Mindre kontingent
På lengre sikt vil koronakrisa kunne ha innverknad på inntektene, forklarer Markovski.
Medlemskontingenten til NHO og fleire av landsforeiningane blir nemleg rekna ut på grunnlag av lønnskostnadene i bedrifter der mange har permittert dei tilsette. I NHO Reiseliv blir den rekna ut frå omsetnaden.
– Det er ingen tvil om at dette vil påverke NHO sine inntekter. I kor stor grad, er umogleg å seie noko om no, slår han fast.
Ingen på arbeidstakarsida
I LO er ingen tilsette permittert, opplyser hovudorganisasjonen til Magasinet. Dei kjenner heller ikkje til permitterte tilsette i medlemsforbunda.
Fellesforbundet, som blant anna organiserer tilsette i hotell- og restaurant-bransjen, opplyser at ingen tilsette i forbundet er permittert.
Permitterte i NHO og landsforeiningar
• 13 tilsette i NHO har vore permittert sidan 14. april.
• Omtrent 70 prosent av dei tilsette i NHO Reiseliv har vore permittert sidan påske.
• Tre tilsette i NHO Service og Handel har vore permittert sidan 8. april.
• Åtte tilsette i Norsk Industri er tilbake på jobb 5. mai, etter å ha vore permittert sidan 1. april.
Kjelde: NHO og landsforeiningane
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Flere saker
Permitterte i NHO og landsforeiningar
• 13 tilsette i NHO har vore permittert sidan 14. april.
• Omtrent 70 prosent av dei tilsette i NHO Reiseliv har vore permittert sidan påske.
• Tre tilsette i NHO Service og Handel har vore permittert sidan 8. april.
• Åtte tilsette i Norsk Industri er tilbake på jobb 5. mai, etter å ha vore permittert sidan 1. april.
Kjelde: NHO og landsforeiningane