JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Koronaviruset:

Permittert Fellesforbundet-medlem? Her er fem råd om korleis du går fram

Nav har fått over 100.000 søknader om dagpengar for permitterte på under ei veke. Mange permitterte er medlemmer i Fellesforbundet.

Erlend Angelo

tormod@lomedia.no

Forbundet har fem viktige råd for deg som er permittert.

1. Kontakt Nav

Med ein gong du får permitteringsvarsel frå arbeidsgivaren din, må du søke dagpengar frå Nav. Etaten har informasjon om korleis du søker, og korleis du kontaktar dei.

p

2. Varsle tillitsvald

Sidan du skal betale lågare kontingent, bør du gi beskjed til tillitsvald om at du er permittert.

3. Sjekk «Min side»

For å få oppdatert informasjon frå Fellesforbundet, er det lurt å kontrollere om forbundet har riktig kontaktinformasjon. Det gjør du ved å logge inn på «Min side» på forbundet sine nettsider.

4. Ta kontakt med banken

Dersom du kan få økonomiske problem, anbefaler Fellesforbundet at du kontaktar banken din. Har du lån gjennom LO-medlemskapet, kontaktar du Sparebank 1.

5. Viktig info

• Du kan få kort varsel om å komme tilbake på jobb

• Du kan få deg ein annan jobb, men då blir retten til dagpengar borte

• Stortinget har vedtatt nye dagpenge-reglar for deg som er permittert

Andre nyttig informasjon: Arbeidstilsynet om permittering, Nav om permittering

Stortingets nye dagpenge-reglar

Alle med inntekt over 75.000 kroner det siste året, har krav på dagpengar.

Du har krav på full lønn dei 20 første arbeidsdagane, så går du over på dagpengar.

Så mykje får du i dagpengar:

• 80 prosent av inntekta opp til 300.000 kroner

• 62,4 prosent av inntekta mellom 300.000 og 600.000 kroner

• Ingen dagpengar på inntekta over 600.000 kroner

Du har krav på dagpengar i 26 veker i løpet av 18 månader.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Stortingets nye dagpenge-reglar

Alle med inntekt over 75.000 kroner det siste året, har krav på dagpengar.

Du har krav på full lønn dei 20 første arbeidsdagane, så går du over på dagpengar.

Så mykje får du i dagpengar:

• 80 prosent av inntekta opp til 300.000 kroner

• 62,4 prosent av inntekta mellom 300.000 og 600.000 kroner

• Ingen dagpengar på inntekta over 600.000 kroner

Du har krav på dagpengar i 26 veker i løpet av 18 månader.