JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Gjennomsnittsberekning av arbeidstid

Stuarar vann fram i retten: Neil kan vente seg over 40.000 kroner i etterbetalt overtid

Stuarane i Menzies på Oslo Lufthamn fekk gjennomsnittsberekna arbeidstida utan godkjenning frå tillitsvald, slår tingretten fast.
FAGORGANISERT: – Fagforeininga er det beste eg veit med Norge, seier irske Neil McQuaide som har budd i Norge og jobba i Menzies på Gardermoen i sju år.

FAGORGANISERT: – Fagforeininga er det beste eg veit med Norge, seier irske Neil McQuaide som har budd i Norge og jobba i Menzies på Gardermoen i sju år.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

GARDERMOEN: Dermed kan 171 Fellesforbundet-medlemmer få etterbetalt fleire millionar kroner i overtid, feriepengar og renter.

– Fagforeininga er det beste eg veit med Norge, seier den irske stuaren Neil McQuaide som har budd i Norge og jobba i Menzies på Gardermoen i sju år.

For McQuaide kjem dei truleg godt over 40.000 kronene godt med, etter å ha vore periodevis heilt og delvis permittert sidan mars i fjor. Men det er ikkje pengane dette handlar om.

– Det viktigaste er prinsippet, og at det ikkje skjer igjen. Store bedrifter kan ikkje gjere kva dei vil, men må følge lova, seier han.

Bedrifta er det internasjonale storkonsernet Menzies Aviation som leverer bakketenester til blant anna Norwegian på Oslo Lufthamn.

Hotell-tilsette gjekk tapte tips-rettssak: Arbeidsgivarar kan ta delar av pengane

Arbeidstid

Lova er arbeidsmiljølova. I Norge skal ein ikkje jobbe meir enn 9 timar dagen, og mellom 36 og 40 timar i veka avhengig av om ein arbeider skift og kva type. I tariffavtalene er grensene lågare, som i Flyovereinskomsten der arbeidstida til stuarane er 35,5 timar i veka.

Arbeid utover desse grensene er overtidsarbeid som ein skal ha tillegg for. Etter lova, skal ein ha minst 40 prosent av timelønna i overtidstillegg. I Flyovereinskomsten varierer tillegga mellom 50 og 150 prosent.

Unntaket er dersom arbeidsgivar og tillitsvalde blir einige om å gjennomsnittsberekne arbeidstida. Då kan ein jobbe lengre dagar og veker i ein periode, utan å få overtidsbetalt, for deretter å ha lengre periodar fri.

(Sjå faktaboks nederst i saka.)

Med hjelp frå fagforeininga fekk sjåfør Monica etterbetalt 82.000 kroner i lønn: – Rådet mitt er å organisere seg, seier ho

Protesterte

Då Menzies Aviation i april 2018 varsla og sette i verk nye skiftplanar, var klubben ueinig i at dei hadde godkjent gjennomsnittsberekning av arbeidstida.

I forhandlingane i forkant, hevda klubben at bedrifta lovstridig brukte meirtid for deltidstilsette og overtid for heiltidstilsette som ei fast ordning, i staden for å bemanne opp.

Klubbleiar Petter Stalsberg stilte spørsmål ved om bemanninga i skiftplanane var høg nok til å handtere forseinka fly og sjukefråvær, og ville dessutan ha ei avtale om overtidsbetaling for deltidstilsette sånn tariffavtala oppfordrar til.

Menzies Aviation ønsker ikkje å kommentere saka eller svare på spørsmål om saksforholda.

ORDNA FORHOLD: – Det skal ikkje vere nokon tvil om tillitsvalde har godkjent skiftplanane eller ikkje, seier klubbleiar Petter Stalsberg.

ORDNA FORHOLD: – Det skal ikkje vere nokon tvil om tillitsvalde har godkjent skiftplanane eller ikkje, seier klubbleiar Petter Stalsberg.

Tormod Ytrehus

Punge ut

Romerike og Glåmdalen tingrett undersøkte blant anna epost-utvekslingar mellom klubbleiaren og leiinga, og kjem i ein dom 15. juni fram til at det ikkje var rimeleg grunn til å tru at klubben godkjente gjennomsnittsberekninga.

Dermed har saksøkarane krav på etterbetaling av overtidstillegg. Menzies må også betale sakskostnadene til motparten.

Overtidstimane kan utgjere nærmare 3,5 millionar kroner for perioden frå april til juli i 2018, ifølge klubben. Med feriepengar, renter og sakskostnader, kan Menzies måtte punge ut rundt fire millionar kroner til saman.

Klubbleiar Stalsberg har brukt mykje tid og krefter på saka og seinare søksmålet. Han synest det er trist at saka måtte gå så langt at bedrifta må ut med fleire millionar kroner.

Les også: Adrian vant mot arbeidsgiver i retten. Så ble han permittert og har ikke fått erstatningen han har krav på

Ingen tvil

Stalsberg meiner praksisen rundt skiftplanar er altfor dårleg i bransjen. Jobben med å losse og laste bagasje er fysisk tung, og skjer dessutan til alle døgnets tider.

– Ein dom som omfattar så mange folk blir forhåpentlegvis lagt merke til i norsk arbeidsliv. I eit så utsette yrke bør ikkje skiftplanane gå utover vernebestemmingane i lova, seier Stalsberg.

– Det skal ikkje vere nokon tvil om tillitsvalde har godkjent skiftplanane eller ikkje; Det krev ei heilt klar einigheit. Hos oss har vi i alle år underteikna skiftplanar og skrive protokollar, forklarer han.

Han understrekar at klubben har hatt god støtte frå Fellesforbundet i saka, frå avdelinga, regionen og LO-advokat Andreas van den Heuvel.

Menzies Aviation vil ikkje svare på om dei kjem til å anke.

Gjennomsnittsberekning av arbeidstid

Den alminnelege arbeidstida i Norge skal ikkje vere lenger enn 9 timar i løpet av 24 timar og 40 timar i løpet av sju dagar, 38 timar i løpet av sju dagar for døgnkontinuerleg skiftarbeid/turnusarbeid og 36 timar for heilkontinuerleg.

Arbeidsgivar og tillitsvalde i ei bedrift med tariffavtale, kan skriftleg avtale at den alminnelege arbeidstida blir gjennomsnittsberekna over ein periode på 52 veker, men utan at den overstig 12,5 timar i løpet av 24 timar og 48 timar i løpet av sju dagar. Grensa på 48 timar kan igjen gjennomsnittsbereknast over ein periode på åtte veker, men utan at den overstig 52 timar i løpet av sju dagar.

Dersom ein inngår avtale om arbeidstid over 10 timar i løpet av 24 timar, skal ein legge vekt på omsynet til helse og velferd.

Kjelde: Arbeidsmiljølova paragraf 10-4 og 10-5

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse