Eit fleirtal av befolkninga vil avgrense velferdsprofitten
Kristin Margrethe Johansen
tormod.ytrehus@lomedia.no
Sju av ti nordmenn vil at det skal bli vanskelegare for kommersielle aktørar å ta ut profitt frå velferden.
Sentio har, på oppdrag frå Klassekampen, spurt nordmenn kor einige eller ueinige dei er i påstanden om at det bør bli vanskelegare for private selskap å ta ut profitt frå drift av offentlege velferdstenester – som sjukeheim, barnevern og barnehagar.
44 prosent er heilt einig i at det bør bli vanskelegare å ta ut profitt, medan 24 prosent er noko einig i påstanden. 16 og 11 prosent er høvesvis litt og heilt ueinig.
– Det er eit overveldande fleirtal mot profitt i velferden. Dette stadfestar det tidlegare undersøkingar har vist, nemleg at skattefinansierte velferdstenester skal drivast i offentleg egenenergi og ikkje av profittbaserte selskap, seier Mette Nord, leiar i Fagforbundet, til Klassekampen.
• LO krever forbud mot profitt på velferdstjenster
• Slik organiserer velferdskapitalistene selskapene sine
• Velferdsprofitører et begrep som provoserer NHO-direktøren
• «Jeg har blitt vant til kritikken om å være velferdsprofitør»
• Linn Herning har skrevet bok om dem som tjener rått på skattepengene våre