JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

LO-forbund klagar inn norsk oljeselskap for sparking av tilsette i Jemen

Oljeselskapet DNO bryt internasjonale OECD-reglar når dei ikkje vil betale ut løn til oppsagte tilsette i Jemen, meiner Industri Energi.
Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto.

Colourbox.com

tormod@lomedia.no

Forbundet klagar no inn selskapet til OECD (Organisasjonen for samarbeid og utvikling) sitt kontaktpunkt i Norge for brot på organisasjonen sine retningslinjer for multinasjonale selskap.

Klaga gjeld oppseiinga av 200 tilsette i 2015, då DNO trekte seg ut av Jemen på grunn av konflikten i landet. 80 prosent av dei tilsette fekk då oppseiing via SMS og e-post.

Industri Energi (IE) meiner desse tilsette har krav på å få utbetalt løn så lenge DNO har lisens.

Jemenittiske lover og reglar

Tre jeminittiske rettsinstanser, olje- og mineraldepartementet og arbeidsdepartementet i Jemen er har også slått fast dette, skriv IE i ei pressemelding.

Forbundet viser til at både det franske selskapet Total og austeriske OMV har følgt den jemenittiske arbeidslova og avtaler.

– Arbeidarane er desperate og den lange kampen for rettane deira er utmattande. Det er flaut at det er det norske selskapet som undergrev arbeidstakarane sine rettar, seier nestleiar Terje Valeskår i IE.

Forbundet meiner DNO har brote OECDs bestemmingar om at selskap skal overhalde nasjonale lover og standardar som ikkje er mindre gunstig enn dei som tilsvarande arbeidsgivarar i vertslandet opererer med.

Legg press på investorane

– No må den Oslo-baserte internasjonale leiinga kome på bana og bidra til å løyse konflikten. Vi forventar at det nasjonale OECD-kontaktpunktet vil ta klaga til vurdering og håpar DNO vil bidra konstruktivt til å løyse konflikten, seier Valeskår.

Forbundet opplyser også om at dei har kontakta dei norske investorane i selskapet i forkant av ei ekstraordinær generalforsamling som blir halden torsdag.

IE har også tidlegare klaga inn DNO til OECDs kontaktpunkt. Då fekk selskapet kritikk for mangel på varsel og drøfting med fagforeiningsrepresentantar.

FriFagbevegelse har ikkje klart å kome i kontakt med DNOs kontor i Oslo.

Annonse
Annonse