JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto.

Sissel M. Rasmussen

No er 1.550 offshorearbeidarar i streik. Striden står om pensjon

Det har ikkje vore kontakt mellom partane og streiken vart måndag utvida med ytterlegare 881 offshorearbeidarar. Stridens står om overgangsordninga i påvente av ny sjømannspensjon.

13.07.2018
15:45
21.08.2023 17:14

tormod@lomedia.no

669 offshorearbeidarar ved ni installasjonar gjekk tysdag førre ut i streik etter at partane i konflikten – YS-forbundet Safe og Norsk Rederiforbund – ikkje vart einig om ei løysing i meklinga om den såkalla flyteriggavtalen.

Ytterlegere 881 medlemmer av Safe ved 19 installasjonar vart tatt ut i streik midnatt søndag. Dermed er totalt 1.550 medlemmer ute i streik frå måndag.

– Enn så lenge er det ingen kontakt mellom partane, men vi er villeg til å kome til forhandlingsbordet om Rederiforbundet vil snakke med oss, sa nestleiar Roy Aleksandersen i Safe til FriFagbevegelse.no fredag.

Medlemmer på 28 oljeinstallasjonar på norsk sokkel er no ute i streik. Shell har valt å stenge produksjonen på Knarr-feltet i Nordsjøen.

669 offshorearbeidere går ut i streik for like pensjonsrettigheter og høyere lønn

Stenger ned

Då FriFagbevegelse.no var i kontakt med Safe før helga, var Petrojarl Knarr, Transocean Spitsbergen og Island Wellserver stengde. Safe rekna med at Snorre B ville vere heilt stengd laurdag, og Songa Enabler og Cosl Innovator i løpet av helga.

West Elara, Askeladden og Deepsea Stavanger skulle vere stengde tidleg denne veke. Safe hadde enno ikkje oversikt over dei 19 installasjonane i det utvida streikuttaket.

– Enn så lenge har bedriftene oppført seg i tråd med sikkerheits- og nedstengingsprosedyrer. Nedstenging er også avhengig av kor dei er i brønnplanen, seier Aleksandersen.

Fleire streikar i sektoren har tidlegare blitt stoppa av regjeringa gjennom bruk av tvungen lønsnemnd. Aleksandersen trur likevel ikkje det skjer med det første.

– Når det gjeld produksjon av olje og gass er det berre Shell som har hatt tap. Det er heller ikkje fare for liv og helse, seier Safe-nestleiaren.

I Nordsjøens lengste streik i 1997 vart ikkje tvungen lønsnemnd tatt i bruk før etter tre månader, påpeikar han.

Minimumsbemanning

LO-forbundet Industri Energi (IE) organiserer fleirtalet av riggarbeidarane på området, men er ikkje i streik. Dei godtok resultatet av forhandlingane i slutten av mai.

– Likevel følger vi arbeidslivets spelereglar og hjelper til med nedstenging av dei riggane som er ramma av streiken. Og dei av medlemmene våre som er indirekte ramma av streiken og blir permittert får utbetalt kompensasjon etter gjeldande reglar, seier forbundsleiar Frode Alfheim i IE til eigne nettsider.

Mange av forbundets medlemmer blir ramma fordi installasjonane er avhengig av eit fulltalig crew for å oppretthalde operativ drift og bemanninga derfor blir redusert til eit minimum.

IE opplyser om at dei som blir permittert må melde seg hos Nav og søke dagpengar. Om dei får avslag, må dei ta vare på dokumentasjon og føre oversikt over tapt timetal.

Dei har enno ikkje oversikt over kor mange medlemmer som blir permittert, opplyser forbundet til FriFagbevegelse.no. Ein del av medlemmene blir verande i jobb som ein del av ein såkalla sikkerheitsbemanning, medan resten i likskap med Safe-medlemmene blir flydd i land.

Enighet om flyteriggavtalen: 20 000 kroner i lønnstillegg til offshoreansatte

Ny sjømannspensjon

Stridens kjerne er pensjonsordninga Safe meiner Rederiforbundet vil svekke. Dette er ein tariffesta overgangsordning i påvente av ny sjømannspensjon tilpassa pensjonsreformen (sjå faktaboks).

Overgangsordninga er ei tidlegpensjonsordning og tilsvarer AFP (avtalefesta pensjon) pluss ein gongar grunnbeløpet i folketrygda. For flyteriggområdet gjeld den dei som går av med pensjon ved 60–67 år. Den har sikra riggarbeidarane ein total pensjon som minst tilsvarer AFP-ordninga i den landbaserte industrien.

Overgangsordninga har blitt forlenga to år av gongen sidan 2011. Den løper no ut i 2020 og Rederiforbundet vil lukke den for nye tilsette. Det fekk 80 prosent av deltakarane i Safe si uravstemming til å stemme nei til resultatet av forhandlingane om flyteriggavtalen i slutten av juni.

– Vi har kollegaar som har mista jobbane sine, som no er på jakt etter nye jobbar. Dei kan ha vore i næringa i ti til femten år og har kompetanse som bedriftene treng. Når dei då blir tilsett, får dei ikkje pensjonsrettar dei ville fått før 1. juni. Dei jobbar side om side med kollegaar som kan ha kortare fartstid, men betre pensjonsordning, seier nestleiar Roy Aleksandersen i Safe til FriFagbevegelse.no.

– Vil ikkje problemet løyse seg om ein ny sjømannspensjon snart kjem på plass?

– Det veit vi ingenting om. Vi veit ikkje når ein ny sjømannspensjon kjem, det ligg til vurdering hos Finansdepartementet. Enn så lenge veit vi at ordninga er underfinansiert. Når ny sjømannspensjon er på plass, må det dessutan etablerast overgangsordningar for dei som er 50 år eller eldre, seier Aleksandersen.

IE godtar at ordninga blir lukka

Industri Energi og De samarbeidende organisasjoner (DSO) har derimot gått med på at ordninga blir lukka, då ein ventar at ein ny sjømannspensjon skal vere på plass innan den tid.

Ordninga vil dessutan fortsatt gjelde for dei som blir tatt inn igjen i arbeid, i tråd med gjeninntakelsesretten på to år, og dei som blir verksemdsoverdratt til eit nytt selskap.

– I forhandlingane vart vi einige om at garantiordninga, som har lege der i mange år i påvente av ny sjømannspensjon, fell bort, seier nestleiar Terje Valskår i Industri Energi, som organiserer eit fleirtal av oljearbeidarane på området.

– Det viktige for oss er at den nye sjømannspensjonen blir vedtatt og sette i verk. Oppgjeret mellom LO og NHO var også viktig, der ein bestemte at partane skal sjå på AFP-ordninga og migrasjon mellom pensjonsordningar, som også vil omfatte sjømannspensjonen, seier Valskår.

Endringa i sjømannspensjonen har vore meld i mange år og det er jobba godt med å finne ei løysing for at ein får med seg pensjonsrettane sine om ein byttar jobb, seier Valskår.

Eit offentleg utval, der Industri Energi og Safe var representert, laga allereie i 2014 ei utgreiing om ny pensjonsordning for sjøfolk, men det har tatt tid å få på plass ordninga. Arbeids- og sosialdepartementet har sagt at dei tar sikte på å fremme eit lovforslag til Stortinget i haustsesjonen 2018, men dette er framleis usikkert.

Partene i forhandlingene om oljeserviceavtalen er enige

Enighet i sokkeloppgjøret: Offshoreansatte får økt kjøpekraft

Fakta om ny pensjonsordning for sjøfolk

• Sjømannspensjonen er ein lovbestemt tidlegpensjon som blir utbetalt for arbeidstakar til sjøs som går av med pensjon frå 60–67 år.

• I 2014 var det 48.000 personar som hadde opptente rettar i ordninga.

• Samtidig som endringane i reglande for alderspensjon i folketrygda trådde i kraft i 2011, som eit resultat av pensjonsreformen, varsla Arbeidsdepartementet at også sjømannspensjonen skal tilpassast prinsippa i pensjonsreformen.

• Kravet om 12,5 års oppteningstid for å få pensjon, har gjort at svært mange som betaler inn ikkje får pensjon frå ordninga i det heile.

• Eit offentleg utval, der partane i arbeidslivet var representert, laga i 2014 eit forslag til ny pensjonsordning.

Dette er det offentlege utvalets forslag til ny sjømannspensjon:

• årleg opptening av pensjon i prosent av løn

• alders- og kjønnsnøytralt oppteningssystem

• minstekravet til opptening for rett til pensjon blir redusert frå 12,5 år til 3 år

• valfri oppstart av pensjonsuttak mellom 62 og 70 år

• valfri utbetalingsperiode mellom 62 og 80 år – utbetalingsperioden kan avgrensast til minimum sju år

• nøytrale uttaksreglar: Årleg utbetalt pensjon blir høgare jo seinare den blir tatt ut og jo kortara utbetalingsperiode ein veljer

• det noverande skillet mellom overordna og underordna arbeidstakar blir fjerna

• sjømannspensjonen kan fritt kombinerast med arbeid

• dagens finansieringsmodell blir vidareført: Pensjonsutgiftene finansierast løpande, og staten garanterer for pensjonsutbetalingane

Kjelde: Pensjonstrygden for sjømenn (PTS) og NOU 2014: 17

Mest lest

Nav må omfordele en stadig større andel av skattepengene til sine brukere i framtida.

Nav må omfordele en stadig større andel av skattepengene til sine brukere i framtida.

Colourbox

Titusener vil havne på uføretrygd med nye pensjonsregler

– Jeg har gått i tre-fire år nå og vært nesten syk fordi jeg har vært usikker på hvordan det skulle bli med AFP. Jeg har tenkt så mye på det, forteller regnskapsfører Rita Kolstad. Hun hadde hele tida et håp om AFP-ordningen skulle endres. Det skjedde ikke.

Yngvil Mortensen

Samboerne Rita og Morten mister tilleggspensjonen AFP: – Dette er så bittert

– Ikke LOs jobb å støtte en forverring av arbeidstakernes kår. Det provoserer meg skikkelig, sier Jan Lange.

– Ikke LOs jobb å støtte en forverring av arbeidstakernes kår. Det provoserer meg skikkelig, sier Jan Lange.

Jan-Erik Østlie

Vil stanse ny pensjon: – Forkastelig at LO stiller seg bak et sånt forslag

Grete Refslund Helleren (f.v.), Elise Randen og Celin Stordahl synes lønnsløftet er fortjent. Det kompenserer for mye ansvar og press på jobb, mener de.

Grete Refslund Helleren (f.v.), Elise Randen og Celin Stordahl synes lønnsløftet er fortjent. Det kompenserer for mye ansvar og press på jobb, mener de.

Simen Aker Grimsrud

Her får ansatte lønnshopp på 100.000 kroner

LØFTER JERN:  Selv om de har verktøy og hjelpemidler som hjør arbeidshverdagen lettere, må Tom Karlsen (f.v.), Tom Rune Riis og Odd Vidar Tenold ved hjul og boggi-avdelingen på Grorud fortsatt løfte ofte og mye. I løpet av en dag blir mange deler, som denne foringen på 28 kilo, båret og flyttet på.

Morten Hansen

Her går nesten alle av med tidligpensjon: – Kroppen blir utslitt

Fagkoordinator og vernepleier, Kine Holm Johnsen (i midten) og verneombud og vernepleier Silje Gjevestad (bakerst) synes arbeidshvedagen er helt annerledes nå enn for bare et år siden - og det til det positive. I front går avdelingsleder Anne Lene Halvorsli.

Hanna Skotheim

Her var alltid minst én ansatt syk. Fem grep tok knekken på sykefraværet

Ap-leder og statsminister Jonas Gahr Støre har grunn til å være bekymret for partiets lave oppslutning.

Ap-leder og statsminister Jonas Gahr Støre har grunn til å være bekymret for partiets lave oppslutning.

Jan-Erik Østlie

Ap nær historisk svakt resultat: – Det siste partiet trenger nå

Underverksmester Lene Brosché (36) og verksmester Vegard Stranden (46), Hustad fengsel.

Underverksmester Lene Brosché (36) og verksmester Vegard Stranden (46), Hustad fengsel.

Eirik Dahl Viggen

Slik gikk Lene og Vegard opp til sammen 120.000 kroner i lønn

– Universitetet må tenke på hva studentene sitter igjen med og hvilken samfunnsnytte kunnskapen har. Hver person som ikke blir skadet, lemlestet eller dør på jobb er en stor gevinst i seg selv, sier Helge Rushfeldt.

Privat

Helge frykter liv vil gå tapt om faget han underviser i blir lagt ned

LO ønsker å gjøre tilpasninger i arbeidslivet før de nye pensjonsreglene trer i kraft.

LO ønsker å gjøre tilpasninger i arbeidslivet før de nye pensjonsreglene trer i kraft.

Terje Pedersen / NTB

LO sier ikke ja til pensjonsalder på 70 år. Dette har de gått med på

Grethe Nygaard

Ektemannens lønn irriterer Hanne: – Jeg fortjener like mye

Erlend Angelo

Hva betyr pensjonsforliket for deg? Her får du detaljene

Kommentar

Et nødvendig grep for å gjøre færre til minstepensjonister, er å øke innbetalingen til pensjonssparing fra arbeidsgiver. Minstekravet til tjenestepensjoner bør dobles, skriver Tore Ryssdalsnes, ansvarlig redaktør i FriFagbevegelse og LO-Aktuelt.

Anna Granqvist

Dette er et av de virkelige klasseskillene i pensjonssystemet

FANEMARKERING: Pensjonsforliket tar Norge i feil retning, var beskjeden fra nær 200 klubber og avdelinger i fagbevegelsen på dagens fanemarkering.

FANEMARKERING: Pensjonsforliket tar Norge i feil retning, var beskjeden fra nær 200 klubber og avdelinger i fagbevegelsen på dagens fanemarkering.

Jan-Erik Østlie

Pensjonsprotest: – Sju partier har valgt å kaste hele det arbeidende folk under bussen

Purser Bente Arnesen er tillitsvalgt for et klassisk kvinnedominert lavtlønnsyrke: Kabinansatte i luftfarten. Hun mener det må en skikkelig opprydning til i flybransjen for å sikre de ansatte bedre lønn, bedre arbeidstid og bedre medvirkning.

På jobb i lufta: Trusler, vold og seksuell trakassering

Høyesterett har konkludert med at oljearbeideren ikke får rett til fritak fra nattarbeid. (Illustrasjonsfoto).

Høyesterett har konkludert med at oljearbeideren ikke får rett til fritak fra nattarbeid. (Illustrasjonsfoto).

NTB

61-åring nektes fritak fra nattarbeid etter hjerteinfarkt

Kommentar

Frp-ledelsen er ikke ferdig med Amundsen-saken. Det som har skjedd vil nå bli tema i partiets organisasjonskomité, skriver Kjell Werner.

Frp-ledelsen er ikke ferdig med Amundsen-saken. Det som har skjedd vil nå bli tema i partiets organisasjonskomité, skriver Kjell Werner.

Leif Martin Kirknes

Facebook, sprit og Frp er en dårlig miks

Kommentar

Etter flere magre år, krever LO og Peggy Hessen Følsvik reallønnsøkning. Det er ikke sikkert norske bedrifter har råd, mener Ole Erik Almlid og NHO.

Etter flere magre år, krever LO og Peggy Hessen Følsvik reallønnsøkning. Det er ikke sikkert norske bedrifter har råd, mener Ole Erik Almlid og NHO.

Tormod Ytrehus

Fyrverkeri for de rike og nulloppgjør for oss andre

Debatt

LO-sekretær Are Tomasgard (bildet) er «klin forbanna» og «i sjokk», men det er vanskelig å ta utspillene seriøst, skriver Morten Johansen.

LO-sekretær Are Tomasgard (bildet) er «klin forbanna» og «i sjokk», men det er vanskelig å ta utspillene seriøst, skriver Morten Johansen.

Jan-Erik Østlie

LO-ledelsen er «klin forbanna», men det er vanskelig å ta seriøst

Alf Ragnar Olsen

Flytter fra rottene i Postgirobygget – de har til og med fått navn

Flere saker